Poesisnikkikk

Eit stort og ekte poesi-arrangement blir ikkje ofte arrangert. Derfor reklamerer eg tidleg helst: for “Poesisnikkikk” 30. juli. Med Kjersti Bjørkmo, Erlend O. Nødtvedt, Marte Huke og Steinar Opstad der: Litteraturhuset. Salen: Wergeland

Glad i landet

På tampen av julehandelen, men likevel med fleire sjansar igjen, vil eg nemne tre heilt nye diktbøker som syner korleis vi er glade i landet vårt og korleis vi er knytta til lokalmiljøet vi kjem ifrå, og korleis dette skaper poesi. Kikk på desse: 

  • Ole Jacob Olsen si solide bok: Mi barndomselv, klokt og kunnskapsrikt om liv og natur, til dømes nokre fantastiske fugledikt i avdeling 1, eit om granmeisen ikkje minst. 
  • Mona Vetrhus si vare og direkte og dyktige folk-i-Uskedalen-skildring: Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld
  • Thomas Marco Blatt si allsidige og dokumentariske (bygd på enkelte readymades) og likevel lette verk: 1920 Sørumsand.

Berre kikk på desse, noko å vurdere for innkjøp og gåve? Eg har nett fått låne dei tre diktbøkene og nokre andre diktbøker på lokal-biblioteket som eg frekventerer. Eg prøver det kort om bøkene, her.

Forlaget MARGbok, Forlaget Oktober og Kolon Forlag har alle gjort ein god jobb, og det har forfattarane gjort.

Ps:

Andre nye diktbøker blir omtalte via artikkelen . Og: God jul til både dikt og diktlesarar!

Oslo poesifestival

Oslo internasjonale poesifestival startar opp i morgon med tematiske vinklingar og til dels andre utøvarar enn dei andre festivalane. Her er programmet for fredag, laurdag og søndag .

Ps 15/10-12 etter Oslo:

Festival-Noreg slo til med nok ein lyrikkfestival. Poeten Ito Hiromi var på festivalen og blei bra omtalt og intervjua av Klassekampen laurdag 13/10-12. Ho finst gjendikta av Ingrid Kaminka, med nokså lange dikt, i det store suksess-verket Verden finnes ikke på kartet frå 2010. Diktet “Coyote” byrjar slik: 

Mormor var medium, 
mamma magiker,
en tante var geisha,
én tuberkuløs,
en annen ufruktbar.
De var vidunderlig vakre, alle som en.
Ifølge mammas trylleformel må du alltid ha
sake, ris og salt
og du skal frykte slanger, vann og det som er i øst.


(...)

Dette er bra, og ein gler seg til å lese vidare. Gjer det! gå til Verden finnes ikke på kartet… Kva minner alt det indirekte i byrjinga av diktet over meg om? Mest av alt minner dei ni diktlinene meg om opnings-setningane på jazzsongarinna Billie Holiday sin biografi Lady Sings The Blues

Haustutstilling (av dikt)

§ BELLA BLU (Handbok for verdsrommet) er science fiction-poesi, ved ei reise i romsonden BELLA BLU med loggførar og nattbodet og den geometriske jenta, mannskap, passasjerar, soldatar osv. Terje Dragseth er forfattaren og multimedia-kunstnaren bak det freske, nyskapte, omfangsrike verket. Slik er loggen frå “DAG 22”:

Den geometriske jenta skinner azurblått i sitt laboratorium.
Hår elektrisk i støvregnet.


I hikst fra det grå taket faller iskalde dråper mot pannen.
Pannen til fangen fra oktober.
Instrumentnålens spydspiss dirrende.


Vi møtes analogt om ikke lenge.

§ BARTH VADER-ESKALASJONEN av Anja Høvik Strømsted spelar på/mot ein filmskurk som har ingen biologisk far, i populær-universet Star Wars. Star Wars er ein velkjend science fiction for ungar sitt krigerske førskolestadium. Her låner eg tekst på side 80 (Merk! ikkje trykkfeil):

vi hakker det høyeste punkte på stammen
for å bevare naturen i oss
du jør klart et mantra
som du kan tre åver stammen som et extra lag
til beskyttelse
mot arctiske terner & dårlig selvtillit
amor umor amor umor
mens du faller glitrende i havet
vor dype strømmer beveger
deg etterfulgt av klærne dine
& den grønne papagøyen

Anja Høvik Strømsted kan høyrast laurdag på Oslo Bokfestival . (Det er over fire hundre musikkfestivalar i landet. Men eg tykkjer ikkje dette er for mykje, for talet på kommunar er også over fire hundre.) Både Terje Dragseth og Anja Høvik Strømsted tar del (laurdag 12/10) på Oslo Internasjonale Poesifestival.

§ STATUEVELTERE har Jo Terkjel Fenne skrive, 130 sider med soger om statuar og deira skjebne, frå det heilt korte til om lag ei bokside på ei soge, frå alle verdas kantar, inkludert Noreg. Sjølv elskar eg dei fleste statuane i Noreg. Eg tykkjer innfallsporten til sogene/dikta hos Jo Terkel Fenne er fin. Her er “Cuba” hos Fenne:

DET storartede med ham var tenkningen hans! Også jeg er en
drømmer, sier Fidel Castro. Han trekker i snora og avduker en
bronsjestatue av John Lennon som sitter på en parkbenk, You
have to be here every day, because the day you aren't here, the glasses
go! Juan Gonzales, 89, en pensjonert arkivar, holder vakt i Parque
John Lennon. Hvor er Lennons briller? Arturo Arango, forfatter av
The Book of Reality, bemerker: Lennons briller er observert i byen
Matanza, på stauen av en poet som hele sitt liv trengte briller. Hver 
gang Juan Gonzales tror at noen ønsker å fotografere, reiser han
seg fra benken, trekker et par forgylte briller opp av skjortelomma
si, og monterer dem på statuen. En mann stanser sykkelen sin, gir
uttrykk for forbauselse over synet av den sittende Lennon, skyver
håret til side og peker på et arr i skallen. Dette fikk jeg da pappa ga meg juling med gitaren. Jeg spilte Beatles. Wow, det må være en spøk!

Poesi for haust-fest

Det er blitt skapte fleire ferske poesifestivalar og “litteraturdagar”. Og dette kjem ikkje berre på heftig sommarstid, men også under den vakre hausten i september. Ikkje berre poesifest i dei store byane, men også ute på bygdene, det har vi sett meir og meir til av. Dessutan kjem like mange folk saman på mindre plassar som i dei største byane i Noreg. Om eit par dagar byrjar poesifesten i Ulvik. Program.

Kjartan Hatløy, som kjem ifrå Sogn, har skrive Kjøkkendikt. Hatløy er ein av mange poetar som gjestar hardangerbygda Ulvik no i slutten av veka. Andre forfattarar som skyt til, er Cecilie Løveid og Erlend O.Nødtvedt frå Bergen, Geir Gulliksen, Ingrid Storholmen, Morten Wintervold, Aina Villanger, Paal Helge Haugen og fleire nordiske namn. 

Diktet kjem (frå Hatløy):

Denne oppvaskkosten


får somme kjørel til å sveve


mot lysegrøn bakgrunn, den blå oppvaskkosten heng på den kvite kroken


kvart kjørel her fekk godt av den eineståande børstespensten


den er heilt still no, og lyder ingen, saknar heller ikkje hender


den berre lyttar til rommet den fyller


dette inntek den, med sin vind av lys[

Ps 23.sep.-12:

Avisa Dag og Tid har denne veka ein tosiders reportasje frå Ulvik Poesifestival. Journalist Ronny Spaans skryt av Erlend O.Nødvedt sitt jublande diktbidrag, og “litterære og musikalske høgdepunkt”, men han kritiserer festivalen som ein lite gjennomtenkt heilskap og saknar spesielt eit grep når det gjeld deltaking av internasjonale poetar.  Dag og Tid slår opp denne sentensen: -DTVEDT VISER OSS VEG UT AV INTIMITETS- OG KVARDAGSTONEN I NORSK LYRIKK.

Ellen Einan-dag i Hardanger

I samarbeid med Olav H.Hauge-sentret arrangerer Hardanger folkemuseum (Utne) diktardagen 2012 med Ellen Einan som tema, dette er sundag 26.august kl 14.30.

Av programmet: Helge Rykkja les frå Ellen Einan sitt forfattarskap. Konsert med Annlaug Børsheim og Rannveig Djønne.

Innleiingsvis: Olav H.Hauges dagbokskommentar til – og kontakt med – Ellen Einan.

Bokkafé med heimebakst. Billettpris 200/180/barn gratis.

Påmelde diktbøker

Innafor lyrikk-kategorien er påmelde bøker til kulturfondet 38 stk.. 

Slik ser lista ut på Kulturrådet sine nettsider, ei skisseprega liste, i alfabetisk rekkjefølgje etter forfattar (for det meste). Dette ser du også under. Boktittel kjem midt i, og forlag kjem til sist på linja. Aller først mellom diktutgjevingane kjem to antologiar. 

Vi snakkar om bøker som er under utgjeving, eller alt er utgjeve, i år!

  • Antologi: Moderne islandske dikt (arb.tittel) v/K. Breidfjord. Bokvennen
  • Antologi: Konseptualismeantologi v/Paal Bjelke Andersen. Flamme
  • Bakke, Gunstein. Murskueteknikkane.  Oktober
  • Berget, Kristin uten tittel. Cappelen Damm
  • Berge, Gunnar. Claude X-faktoren. Forlaget Attåt
  • Blatt, Thomas Marco. 1920 Sørumsand. Kolon
  • Boutroue, Yves. Dette vinduet er min kvinne  * papir/e-bok. Communicatio
  • Christensen, Lars Saabye og Tom Stalsberg. Min Buick er lastet med. Aschehoug
  • Dragseth, Terje. Bella Blu. Cappelen Damm
  • Eidslott, Arnold. Postludium  * papir/e-bok. Gyldendal
  • Elfyn, Menna. Uten tittel (org. Cell Angel) v/Jan Erik Rekdal, Solum
  • Fenne, Jo Torkjel. Statueveltere. Tiden
  • Furre, Ingrid. Kollektivet. Flamme
  • Hjemås, Rune. Det er ikke vår, det er global oppvarming. Tiden
  • Horats Satirer. Bok 1 v/Johann Grip. Tiden
  • Hæggernes, Kristian S. Skogen åpner lenge før jeg våkner. Cappelen Damm
  • Indreeide, Erling. Vi er presens. Oktober
  • Myrhaug, Christian. Aske Være lik  * papir/e-bok. Bokvennen
  • Ondaatje, Michael. Samla verk av Billy the Kid v/Espen Stuelaand og Anne Arneberg. Samlaget
  • Pasolini, Paolo Pier. Theopoiesis. Dikt i utvalg v/Camilla Amanda Chams Henrichsen. Bokvennen
  • Pessoa, Fernando. Alberto Caeiros poesi v/Øystein Vidnes. Flamme
  • Powell, Ren. An elastic state of mind. Wigestrand
  • Refsum, Kristian. Kåte dikt. Oktober
  • Rein, Arild. Songar frå kulturkafeen. Samlaget
  • Rem, Håvard. 30 40 50 Håvard Rem. Schibsted
  • Riise, Charlotte. Eg treng tid til å sakna deg  * papir/e-bok. Gyldendal
  • Riis, Annie. En som het En  * papir/e-bok. Aschehoug
  • Roubaud, Jaques. Noe svart v/Thomas Lundbo. Oktober
  • Rzadkowska, Joanna. Gjentakelsestvang  * papir/e-bok. Bokvennen
  • Raavand, Lars Haga. Hvalfall  * papir/e-bok. Aschehoug
  • Sande, Hans. I dag såg eg to spadar. Selja
  • Schonstein, Patricia. uten tittel. Margbok
  • Shakespeare, William. Hamlet. Oktober
  • Uthaug, Geir. Lord Byron: Childe Harold (canto 3-5)  * papir/e-bok. Bokvennen
  • Vicinelli, Patricia. uten tittel v/Tommy Watz. Oktober
  • Villanger, Aina Langsang: et flytans habitat. Oktober
  • Yndestad, Elisabeth. Forvillelsen. Cappelen Damm
  • Åmodt, Tina og Ida Säll. Syntesen. Tur forlag

Ein smakebit kjem under frå storbymodernisten Rune F. Hjemås sin lyrikkdebut etter to eigne romanar på nynorsk; lyrikkdebuten som har fått tittelen Det er ikke vår, det er global oppvarming:

HOLDEPLASS (sprawl 1)



det var denne gaten, skitten
og det nedslitte busskuret
det var lyktene som blomstret om høsten
og løvet som falt fra boligblokkene
det var dette jeg prøvde å huske
det var tilgrisede transformatorkiosker
det var grafitti i gangtunneler: å være
et barn av sin egen barndom, sies det
for enhver barndom finner sted
i en forstad til livet
hvor en storby skinner i det fjerne,
det var lyset fra en verden uten oss
når det farget av på drabantbyhimmelen
når følelsene sprang ut, stille 
i ly av lyktestolpene

Ved bokåret sist, dvs 2011, var eg så påpasseleg at eg etter kvart har omtalt 33 av diktbøkene dette året .

Ligg bøkene trygge?

Det er ikkje altfor ofte at ein høyrer poesi bli lese på årsmøtet til Den norske Forfattarforeining. Men da Lina Undrum Mariussen tok imot Tarjei Vesaas sin debutantpris på årsmøtet sist helg, las prisvinnaren dikt frå boka .

Og alt før, under bolken om boksal, så las ein av dei innbedne til diskusjonen, ein bokhandlar i Norli Libris, eit dikt utgjeve 2002 av Jon Hjørnevik. Diktet går slik:

Inne i ein bokhandel
ligg eg - ei bok i frykt,
eg er ei samling dikt
som ikkje har det trygt.


Eg føler meg så utrygg
mellom bøker, tonn på tonn,
frå ekle "Ord om lykke"
til svære leksikon.


Eg er ei bok i redsle, 
gøymt inne i ein krok,
bak ein diger dunge
med Kjærstads nye bok.


Eg ropar til ein kunde:
"Kom og redd meg no!"
Folk kjem bort og blar ei stund,
og vel ut Erlend Loe.


Men alt går vel til slutt,
ein kunde gjer meg stolt,
han legg meg inntil Ari Behn,
og oppå Anne Holt.

Slik er stilen til Hjørnevik. Blei du interessert i forfattaren, kan du få ein omtale av den nyaste boka, Flukta frå rekkehuset