Ja. Vi dreg kjensel på Hans Børli (som levde 1918 – 1989). Utsnitt av foto NTB Scanpix.
Hovudsakleg: – Hans Børli var en av våre viktigste og mest populære lyrikere etter den 2. verdenskrig. Han ble landskjent som “skogens dikter”(…), fortel Norsk biografisk leksikon – ved Truls Gjefsen.
Innlandet? Her har eg i første omgang konsentrert meg om det fylket som, før samanslåinga med Oppland, heitte Hedmark:
Den viktige kommunen Hamar har satsa på kulturhus, eit av dei største i landet. Ikkje for sterkt av meg å hevde at Hamar iallfall er blitt sjølve sentret for forsking på nyare norsk poesi.
Sophus Bugges hus til venstre. Niels Treschows hus til høgre. Blindern for meg. Eg song og spelte nede i kjellaren på Niels Treschows hus, og hadde teori i ellevte etasje. I første etasje hadde tidsskriftet Profil kontor ei tid. Foto: Ola Sæther
Ein ung og målmedviten redaksjon toga inn i Profillokala på Blindern i 1966. Dei var for ein del ferdig med utdanninga og hadde nye mål. Unge som ville ha noko å seie og alt var i gang med å gje ut bøker. Dei gjorde ikkje opprør mot sine eigne foreldre (om nokon skulle tru det), men det unge miljøet reagerte samla mot somme sure aviskritikarar (som var litt eldre).
Kvinnekampen i Noreg hadde sin avantgarde som ikkje minst sørga for ei almenn røysterett i landet, for hundre år sidan var dette ein gigantisk siger. Ein avantgardisme tenkt for det breie folket, kunne ein leggje til. Merk: Alle er ikkje like, like er dei aldri, og få vil vel nekte for at kvinnekampen hadde sine sjølvstendige og særmerkte personlegdomar…
Føregangskvinner og -menn, kan ein seie. Korleis går det føre seg i kunst og litteratur og musikk med avantgarden?
Før har eg slått eit slag på nettet for nynorsk og for vekeavisa Dag og Tid. Dagsavisa Klassekampen utvida sist måndag kulturstoffet sitt med eit fast, rommeleg musikkbilag (på måndagar). Ta ein titt på dette! Men kva meiner eg så om Klassekampen generelt? Nyleg blei eg spurt av avisa om å kommentere medlemsskapen min i «Klassekampens venner», noko eg fekk til utan vanskar, og kommentarane blei trykte (20/10):
Kompakt skoleutbygging oppe på Feierheia i Kragerø.
Mange kommunar driv på med skolesamanslåingar. Også Kragerø kommune er i full gang med dette på grunn av saldering av kommune-budsjett. Kanskje er det også blitt ein stor trend, liksom det var rundt 1960 i Noreg, at skolepolitikarar vil ha store einingar, motsett kva skole-forskinga i dag seier er rett for ungar si læring. Det følgjande var eit debattinnlegg (berre lite justert).
To røynsler frå skolen
Eg byrja å jobbe som lærar på Kragerø Ungdomsskole i 1974, da skolesentret på Feierheia var overfylt til randa. Og det er ikkje til å komme forbi at det var trangt om saligheta der og mykje hærverk og hardt i krokane, før kommunen bygde Kalstad barneskole og Sannidal ungdoms-skole, og såleis letta på presset for skolane på Feierheia.
I 1980-åra hadde eg to eigne born på Kalstad dengong nybygde barneskole. Skolen og lærarane der hadde eit ekstra godt samarbeid med nærmiljøet og foreldra i kvar skoleklasse. Dette var ein tradisjon for nært og godt samarbeid som eg har forstått varer ved.
Og nå er det altså meininga å tett overbefolke uteområdet på Feierheia igjen og radere ut Kalstad skole med ingen dokumentert sparingsgevinst eller pedagogisk vinning!
Innsparingar ved å fjerne kommunale skolar på øyene kan eg heller ikkje sjå er store. Og kva med konsekvensane for miljø og busetjing? Til overmål: Kommunen set det nasjonalt viktige og eine-ståande vellykka Kragerø Læringssenter i fare ved å splitte det & sende det, venteleg gjort for å kunne flytte barneskoleungane frå Kalstad til Feierheia. Men når ein gjer 1 dårleg ting for å kunne gjere ein annen dårleg ting, blir ingen av dei 2 tinga betre.
Helge Rykkja, pensjonist og Raudt-medlem
Stoda i kommunen (i oktober) er at saka er sendt vidare til sivilombodsmannen av foreldregruppa ved Kalstad skole. Samanslåingar krev store investeringar som først kan leggjast inn i kommunen sitt budsjett for 2013. Og slikt budsjett vil først bli klart i desember. Her skal følgje på enda nye kapittel i skolesoga om samanslåingar og nedleggjingar.
Ps 18/10-12: Eg skreiv at avisinnlegget over var eit debattinnlegg. Eg kunne like gjerne sagt at det er eit debattinnlegg. For saka om skolenedleggjingane er ikkje daud. I går gjekk barnevernsleiar Rune Torp Olsen ut med ei skarp åtvaring mot opphopinga på Feierheia i lokalavisa Kragerø Blad Vestmar .
Ps 18/9-15: Det har vore kommuneval… Både Kalstad og Tåtøy skole blei altså lagde ned og skoleelevane sentraliserte, for å kunne bli Telemarks største 1-10skole! Noko som kosta dei borgarlege styringa over Kragerø kommune… Forresten blei også Skåtøy skole lagd ned for deretter å bli (privat) Montessoriskole.
Rettsstaten som institusjon må heile tida framover sjåast og sikrast under rettsaka som går føre seg i Oslo Tingrett. Direksjonen kan ikkje flyttast over til fjernsynet og til Dagbladet/VG og til andre media. Media skal ikkje kunne ha styring med rettsaka.
Nynorsk språk har komme under åtak frå regjeringa… Eg støttar bruken av nynorsk i media, og eg støttar den viktige nynorskavisa Dag og Tid. Kanskje treng ikkje Dag og Tid i og for seg handslag frå meg, men det gjer seg generelt med støtte i desse dagar. Og derfor leverte eg, på spørsmål frå avisa, følgjande bokmelding, som sto 30/3-12: Pionerarbeid om kinesisk kvinnepoesi. Det er Harald Bøckman som har omsett dikt frå verdas første diktantologi og vald ut til gjendikting innslag skrivne av kvinner.
Nobelprisvinnar og organisasjons-menneske og etisk sterke Sigrid Undset som ung.
Det har vore årsmøte i DnF, det vil seie i Den norske Forfatterforening. Og styret heldt fram med å kurse og lære opp forfattarane også no. Forfattarstanden er inne i fasen vaksenopplæring og vil framleis vere der. Heilt frå Anne Oterholm blei vald til leiar for dei skjønnlitterære forfattarane for sju år sidan, har ein satsa på kursing og organisasjon. Forfattarklubbane på dei store forlaga har komme på beina etter ein lengre pause. Dette gjer sitt for at forfattarstanden kan ruste seg for kampen sin.
No i helga var det årsmøte att og ei samling med 140 forfattarar. Ein representant for firmaet som sel mange bøker på nettet, Bokkilden , var hyra inn. Det var ei rask og sterk dame i snakketøyet… Eg noterte meg nøkkelsetningar på løpande band hos henne:
«Folk er inne på nettsida vår i gjennomsnitt to minutt… Så det er ein kamp om merksemda på nettet!»
«Vi er trygge på at vi har gode prisar.»
«I eit fastprisregime er den smale litteraturen like viktig for oss som breiddelitteraturen.»
«Vi kjøper søkeord.»
«Forlag sender bøker til bloggarar.»
«Ein bruker ordet gepard-utvikling – det vil seie utvikling rivande fort.»
«Vi vil ha videoklipp på bokposten.»
«Redd vi ikkje har så veldig mykje på samisk.»
«Vi har eit omgrep som den stille bestseljaren. Eit døme er Linda Olson.»
«I Bokkilden er 3 folk tilsette.»
Kategoriane av litteratur hos Bokkilden var følgjande søkeord: «kriminalroman, spenning, thriller, western, grøsser, spioner & agenter, teikneseriar». Også desse følgjande kategoriane var spesifiserte og tekne med som overskrifter å trykkje på: «kriminalhistorier fra virkeligheten, krigsromaner, science fiction & fantasy».
Midt i nøkkelsetningane hos Bokkilden reagerte ein forfattar i salen med å spørje etter lyrikk. Og der skulle Bokkilden «bli betre», parerte innleiaren straks. Eit slikt svar bør vi kunne følgje opp med vidare kontakt. Og det finst da også kategoriar i lyrikken, det skulle iallfall eg meine. Kanskje like mange som i prosaen, dersom ein byrjar å jobbe med det.
Bokhandlar Sund frå Norli Libris var også invitert til å snakke for forfattarane på årsmøtet til DnF. Han hadde noko betre tid og ro på seg enn den før nemnde raske innleiaren, og Sund las Jon Hjørneviks dikt om den utrygge diktsamlinga i bokhandelen. Bokhandelrepresentanten hadde teke med seg statistikk for forsamlinga. Elles verka han godt nøgd med stoda i boklandet og i bokhandelen. Og han følgde ikkje opp diktet om den uttrygge diktsamlinga i bokhandelen.
«Tala fortel om 640 bokhandlarar med ca 3000 tilsette. Dette blir ein bokhandel pr seks tusen norske innbyggjarar. 94 % av nordmenn har bokhandel i akseptabel avstand.»
«Mangfaldige bokhandlar.»
«Bokrådet er det som vel ut 1 % av boktitlane; elles kan bokhandelen velje mellom tre abonnement.»
«Butikkane på kjøpesentra sel overvekt av barnelitteratur.»
«90 % av den vaksne befolkninga las ei bok i fjor. 70% las på bok minst ein gong i veka.»
«Bokhandelen er ikkje flink nok med debutanten si bok nr to og tre.»
«Det er eineståande mange bokkjeder i Noreg… Eigarstukturen påverkar ikkje bokinnhaldet i butikkane.»
«Forlag og bokhandel samarbeider når det gjeld kva for bøker ein har tru på.»
Boksalet er ei blemme, tykkjer nok likevel forfattarane, som vil gjere noko. I same farten vil eg nemne eit innslag til under bolken boksal på årsmøtet. I tillegg til diskusjon med Bokkilden og Norli Libris hadde forfattarane direkte bokprat med bokhandlarar. Friviljug påmelde forfattarar trefte bokhandlarar som sto i kø for tre minutts «speed-dating» med kvar forfattar. Og dei som var med på dette av forfattarane, likte det. Dei eg snakka med, likte å snakke fort og konsentrert om boka si…
Heile årsmøtet stod i ønsket om ein norsk boklov sitt teikn, og det vil seie ønsket om eit enda sikrare fastprissystem. Her er lenke til opptak frå seminaret om boklov på Litteraturhuset nyleg, 20. mars.
Fra En utstilling i Christiansands Kunstforening 1969: Staten er en kapitalist
Folkebiblioteket Deichman Grünerløkka, arrangerte 7. mars 2012 ein temakveld om organisering, som ei oppfølgjing i rekkja av tidlegare arrangement.. Morten Krohg snakka om GRAS-gruppa, som varte 1969-1974. Eg var hyra for å snakke om tidsskriftet Profil, om måten Profil organiserte seg i 1969-1970. Trond Haugen heldt eit innlegg om bladet Ditt & Datt og forklarte korleis bladet skifta til å bli Hundre blomster og levde slik for eit par år.
Her byrjar Morten Krohg, som var med i GRAS, med entusiasme om kollektivet:
Folkebiblioteket Deichman Grünerløkka, arrangerte 7. mars 2012 temakveld om organisering, som ei oppfølgjing i rekkja av tidlegare arrangement.. Denne kvelden var vi tre innleiarar. Vi hadde funksjon som historiske kjelder. Morten Krohg snakka om Gras-gruppa, som varte 1969-1974. Eg var hyra for å snakke om tidsskriftet Profil, slik som Profil organiserte seg i 1969-1970. Trond Haugen heldt eit innlegg om bladet Ditt & Datt og forklarte korleis bladet skifta til å bli Hundre blomster og levde slik for eit par år. I det følgjande kjem først innleiinga mi. (Illustrasjonane har eg fått låne av Morten Krohg.)
Kjend politisk plakat for kunstnar-aksjonen: Staten er en lommetjuv.
Morten Krohg om GRAS Folkebiblioteket Deichman Grünerløkka, arrangerte 7. mars 2012 ein temakveld om organisering,...
Nettstaden bruker informasjonskapslar (cookies) for å sikre at du gis den beste opplevinga på heimesiden. Dersom du fortsetjer å bruke denne nettstaden, antas det at du er nøgd med det.Okpersonvernerklæring