Fridomsdagen

I går var fridomsdagen. Den 8. mai. Året 1945 tok verdskrigen slutt i Europa. Fredsslutninga skjedde på datoen 8. mai. Vi feirar også eit jubileum no. Nett i år var det 75 år sidan krigen tok slutt, Noreg blei atter fritt. Hitlers okkupasjon av Noreg var over. JA. Feiringa i 1945 var kjempesvær.

Ja, det gjer. Framleis finst tidsvitne som var unge, svært unge, under okkupasjonen. Men det er blitt tynt i rekkjene av vitne etter kvart som dei siste åra har rulla og gått.

Personleg blei eg fødd midt i den andre verdskrigen. Og familien min hadde urolege år under krigen og flytta fleire gonger.

Freden 1945
Torgalmenningen i Bergen
Kilde: Arkivverket.no

Eg leitar etter eit dikt. Tenkjer på Inger Hagerup. De brente våre gårder. De drepte våre menn. (Ein del av diktet.) Dette skreiv ho under krigen ho. Og først var vel diktet ei god stund anonymt for folket og for fienden. Men det blei heilt klårt først ETTER krigen kven som hadde skrive det. Så vidt eg hugsar – her som eg skriv. Etter krigen sto både Inger Hagerup og kommunistpartiet sterkt.

https://www.arkivverket.no/utforsk-arkivene/andre-verdenskrig/fredstid/jubel-og-glede-da-freden-kom-til-bergen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *