Baudelaire

Eit typisk klassisk Parismotiv? Jo. Her henta frå Paris, 1950, photo by Mark Kauffman.

Det er ikkje alle omsetjingar og omdiktingar til norsk som er norsk, som blir norsk. Og det er synd. Charles Baudelaire skreiv boka Det ondes blomster (på norsk) første gong i 1857. Boka blei kanskje den mest vidgjetne diktboka i verdslitteraturen etter bibelen. Vi opnar da diktversjonen som vi valde frå 2011, gjort på norsk av Kjell Nilsen, og les frå børjan i – franske – Les Fleurs du mal:

Hald fram å lesa Baudelaire

Mindre sykling før snøen?

“Syklar til jobb” er tittelen. 
Foto: Morgenbladet

Det går mot den mørke tida. Vi sat og diskuterte, eit par kompisar og eg. For ein gongs skyld var emnet dikt, eit emne som eg no har følgd i mange tiår, medan dei andre to, etter kvart i livet, har konsentrert seg meir om romanfronten. Så kom vi, på grunn av meg, inn på sykkeldikt  generelt, eit tema som eg også har skrive om fleire gonger. Da synte det seg at oversikta mi over produserte sykkeldikt var langt mindre enn det eg trudde sjølv. For iallfall finst kjende utanlandske klassikarar enno i omløp syklande (når vi tyr til nettet): Jamfør franske Yves Montand på Youtube La bicyclette … Sykkeldikta er fleire enn eg trudde.

Hald fram å lesa Mindre sykling før snøen?

Den nye barnediktboka

Dikt for 9-åringar i Akershus? Ja, det opplevde vi fint. Og det skal Akerhus ha. Her er beretninga om tre poetar på turné og kva dei møtte av reaksjon frå publikum. Ført i penna av Helge Rykkja.

Dette er Terje Dragseth, poeten i konsentrasjon. Fotoet er lånt frå nettet, Forfatterforeningen.no
Dei tre neste fotoa i artikkelen er knipsa av Dragseth, medan vi alle, Anne Karin, Terje og eg, var på Ås bibliotek og jobba.

Som ein del av Litteraturfestivalen i Akershus drog vi tre – Anne Karin Fonneland, Terje Dragseth og Helge Rykkja – rundt i Akershus med den relativt nye barnediktboka Sølvbåt og stjernevind. Ho er stor, har mange interesse-vekkjande bilete, og ho har dikt av 18 forfattarar, til saman mange dikt… Biblioteka var arenaen for oss, ungane var for det meste elevar i 4. klasse, altså ni år gamle – . Ei av forsamlingane var berre 7-åringar.

Hald fram å lesa Den nye barnediktboka

Aksepterande og forsonande

Halvard Foynes.
Foto: Jo Michael

Det kan vere teikn på mogne tankar når folk har eit presist sjølvsyn eller vågar å lytte godt til andre sine syn på tilhøva. Ja. Noko av det mest forsonande og aksepterande i norsk lyrikk nett no, det er Halvard Foynes med den nye boka Douglasgrana i Botanisk hage. Eit stykke ute i diktet Uten å etterlate spor – der står dei observerande tre linene:

Lidelsen er visket ut
og jeg er blitt en eldre, gråhåret mann uten framtid,
i strålende humør. (...)
Hald fram å lesa Aksepterande og forsonande

Samtaler (med ein sauebonde)

Hei Terje Thorsen!

urban(ist) med røter nordover

Brev er ei mykje brukt litterær form, også i dikt. Du er ein kul type, og boka di – Samtaler med en sauebonde – er fin å bla i, er lekker å halde i handa og startar sterkt med diktet gutunge fra kirkegata. Eg skriv no eit brev til deg. Har lånt boka på biblioteket. (Eg tar ikkje imot bøker frå forlaga, dvs etablerte forlag, noko som Flamme Forlag, forlaget ditt, er.) Eg har lese gjennom boka og spør meg om du ikkje har gjort deg ferdig med å skrive beatpoesi no? Alt dette eg kjem med, går fram av boka di, meiner eg. Eg meiner du har vore gift såpass lenge og hatt same og siste jobben såpass lenge. Og: Du veit kva forvirring er. Og du er like satt og samvetsfull som det eg er. Bevaremegvel.

Hald fram å lesa Samtaler (med ein sauebonde)

Hoems foredrag

(…) 
Vår ære og vår makt
har hvite seil oss brakt. 
(…)

Skværrigger på veggmålarstykke av Kjell Martin Nilsen – .

Hoem var her – det var sommar ute, men det var heilt fullt på biblioteket i Kragerø, i god tid. Og han tok sitt Bjørnson-foredrag, som delvis er bygd på første del av biografien frå seinhaustes i fjor. Og andre del av Bjørnson-biografien skal deretter komme ut i haust (medan tredje del: «når Gud vil») kjem seinare. Fortalde Hoem forsamlinga.

Hald fram å lesa Hoems foredrag

Varmestafetten VARMESTAFETTEN

Ein kommentar til boka

Bendik Wold har redigert stafett: Varmestafetten


I høve Jan Erik Volds 70årsdag seinhaustes i fjor gav Gyldendal ut boka VARMESTAFETTEN, redigert av Bendik Wold, med mellom anna 15 essays om Jan Erik Vold skrive av yngre forskarar. Og dette er blitt ei svært spesiell bok, som femner lenger enn det bøker om Jan Erik Vold tidlegare har gjort. Med «lenger» kan ein her gjerne lese: lenger ifrå universitetsseminara. Mellom anna er boka eit nybrottsarbeid på norsk om konseptuell litteratur. Ja, konseptuell kunst blir stadig omtalt i ulike norske media, men sjeldan blir konseptuell litteratur og det konseptuelle i norsk litteratur omtalt; nesten ikkje nokon plass skjedde det hos oss før 2009, og denne forbausande lenge vedvarande mangelen var eit merke for kongeriket Noreg. Men no er da isen brote og råka blitt ganske stor.

Hald fram å lesa Varmestafetten VARMESTAFETTEN

Er det grenser (for det konkrete)?

Lars Mikael Raattamaas 2005-bok

Kan/ kan ikkje konkretpoesien vere politisk? La oss seie Al-Jazeera. Det må vere arabisk, la oss tru det. La oss seie at Al-Jazeera tyder ”jorda” eller ”vatnet”, eller for den saks skuld ”himmelen”. Men tydinga her treng ikkje vere viktig. Ordet kan vere ein metafor. La oss seie at ordet er namnet på ein uavhengig arabisk TV-stasjon. Og la oss lage eit seminar da og overtale fornuftige menneske til å diskutere eit dikt som er døypt ”Al-Jazeera”. Da går det vel bra? Tru det.

Hald fram å lesa Er det grenser (for det konkrete)?