Eg er forfattar. Poet og pensjonist. Her finn du opplysningar om forfattarskapen min. Og du kan lese dikt av bl.a meg. Og viktig: mange nye dikt av ulike aktive forfattarar. Nettsidene er blitt ei frukt av den internasjonale og norske avantgarden – . Om eg skal klargjere nytta av avantgarde, er det eit tips til deg: Montasje er ikkje rot. (Tykkjer du det same?)
Denne nettstaden rommar både artiklar og notisar om nokså mange menneske sin valde poesi. Og dikta skal retteleg få ordet, dikta kan best siterast fullt ut – og ikkje avbrytast og deretter berre omtalast.. Vi er da ikkje noko forvirra institutt.
Nettstaden – som eg opna i 2004 – var eit bidrag til å fornye det trongare mediet frå dei nærmaste tiåra før. Og nettstaden er også eit forsøk retta mot ein kunnskapsbasert diktkanal, som ikkje er fullt så tatt på slump og så nisjeprega som nettstader fort kunne blitt. I mange av dei seinare åra blir den store diktsjangren ofte neglisjert i media… Eg svarer med min måte på det – ved å fornye og halde fram med denne nettstaden som starta for 16 år sidan.
Presisering: Når det gjeld forfattarskapen min med eigne dikt, er den ei sak for seg. Og har ikkje så mykje å gjere med alt det som eg opplyser om på nettstaden her. Og som folk kanskje treffer på ved å google. Det ser eg ikkje så godt sjølv.
Same kva. I poesien er ei fortid og ei notid nærverande. Og det eine byggjer på det andre. Dermed kan du setje deg ned eller stå stille. Bra
- 30. mai 2020
- 22. mai 2020
- 17. mai 2020
- 09. mai 2020
- 06. mai 2020
- 24. apr 2020
