Makrellen kjem

No er makrellen her. Han er i sjøen. Vi har ikkje fiska, men ete. Det er små tidlege småmakrell, det vil seie pir og (den litt større) kult. Smaken er den aller beste. Vi kan klage på at torsken blir borte frå sjøen, klage med god grunn. Men heldigvis gjestar makrellen oss, nesten ærar oss no. Den større makrellen er også venta, om han kjem, seinare på året. Makrellen opererer i flokk. Det har hendt at somme av oss får mange på ein gong.

Makrell
Kjelde: fiskeslag.com

Det finst mange fiskesongar. Også her sørpå. Den mest kjende er vel frå Lofoten. Da eg vaks opp, var eg ein pasjonert hobbyfiskar i Trondheimsfjorden. For meg skjedde det gjerne om natta eller seint på kvelden med langt snøre. Av og til fiska vi med agn der ute. Av og til hekla vi, vi som fiska i båt. Dei fleste rodde ut for å få sild og kolje og hvitting den gongen. No snakkar eg for all del om Innherrad (utgangspunkt noverande Levanger kommune).

Ps 31. mai (dvs i pinsa)

Så skjer: Kvart år ventar vi at makrellen først dukkar opp utanfor Jomfruland. Og der tar fiskarane han. Dei leverer han til mottak. Seinare dukkar makrellen opp etter tur inne i diverse lokale fjordarmar. Og der kan oss småfiskarar vere klare med hekla. Berre for konkurransen og sporten si skuld. Om ikkje anna. Det er jo fritt fram for det. Ein kan fiske optimistisk etter ein umogleg eller ulovleg torsk inne i fjordarmane og så blir det i staden villstyrlege makrellar som ein halar opp av sjøen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *