Elsa

Eg har noko dramatisk å berette i samband med «Elsa». Noko vi ikkje kan gløyme så lett. Sjøen steig heilt uvanleg. Vi fekk berga båten til Aud ut frå båthuset på Tåtøy. Det var ekstremt høgt vatn.

Vatnet (sjå foto) møtte oss alt før båthuset. Vatnet gjekk elles over vanleg høge gummistøvlar. Så vi prøvde å gå oppe på lecablokker i vatnet. Likevel blei den eine støvelen min brått fylt med kaldt sjøvatn. Visste ikkje at det var ein utett ny støvel.

Båten “svevde” nesten mot taket i båthuset sin 1. etasje, da vi ved fjære sjø skauv han sakte og forsiktig ut i friluft klokka 23.20 på søndagskvelden. Deretter køyrde vi til Auds hjelpande flytande bryggeplass i byen. Det heiter forresten Barthebrygga der. Til slutt på kvelden ved midnatt kunne vi leggje oss letta på Symra, der vi til vanleg har seng.

Hadde vi ikkje gjort det, nemleg, flytta båten, kunne det gått gale. Da ville overstellet og kanskje også båtripa knusast mot det nemnde båthustaket når vatnet ville stige enda mykje meir mot floa som først var klokka 5 om morgonen. Tidleg. Så vi hadde ikkje noko val.

Ja, vi googla for å vere heilt sikre på dette: at det heile tida er vel 12 timar mellom flo og neste flo. D.v.s 12 timar og nokre minutt.

Nye springflorekordar er det dikt i Noreg? Noko som rimar eller ikkje rimar? Noko som har djupe botnar ELLER slett ikkje? Nei. Men springfloa blir nytt slags tema for oss – på grunn av at verda endrar seg for oss. Dette som naturen gjer hos oss eller i nærmaste nabolag, verkar så stort at vi må etterforske det og prøve å skildre det. Med det same vi nemner dikt, vil eg også fortelje at avisa Klassekampen for tida har filosofert over korleis nye norske dikt, forholdsvis nyleg utgjevne dikt, blir konstruerte. Tips: Er dei svært enkle desse dikta som skrivast? (Jo, eg har sett i dei nyaste diktbøkene. Eg får tak i dei gjennom folkebiblioteket.)

Bergens Tidende: Bryggen – med “Elsa”

Ps 16/2: Vi ventar det nye ekstremveret “Didrik” til Telemark, med fleire høge flodmål og alt som følgjer med av det. Eg sa “Didrik”; andre har nemnd ekstremveret “Dennis”, som var i England men kom vidare. Og 17/2 (skriv eg): Lågtrykk og høge flodmål held fram i dag. Dette førte eksempelvis til svært stram fortøying på båtar som låg ved kai. Det skjedde at lokalt politi som patruljerte ved bryggene, hjelpte på eige initiativ folk som jobba med å gjere fortøyingar lengre. Politi tok av seg støvlar og sto barbeinte i vinterkaldt sjøvatn. Eit politi å vere stolte av.

Mengdetrening?

Bilderesultater for Hamar
Statens Hus i Hamar, Utstillingsplassen
Foto: upl.no

Hei Frank Eriksen. Du har gjort ein dyktig jobb for Rolf Jacobsen. Vi snakkar om ettermæle. Og du tykkjer at noko buttar imot for Rolf Jacobsens posisjon. For det stoppar opp like ved det fysiske ankeret i Hamar, det svære ikkje utnytta gule huset der, trass i dei mange tilbakevendande nordiske poesifestivalane i byen som knyttar seg mot namnet Rolf Jacobsen. Og eg tenkjer på kva eg skal svare på det, meir enn at det journalistiske arbeidet den store poeten dreiv med i lokalavisene mange år av livet sitt, er for lite tatt med av litteratane, trur eg. Dessverre. Eg meiner at dei tar feil der og skjønar ikkje at diktskriving på høgt nivå sikkert treng enorm trening i å bruke det norske skriftspråket på mange tema. Dvs mengdetrening. Naturleg å ta ei jamføring med gode Olav H. Hauge i lokalitetane hans vestpå. Han er blitt meir tatt på kornet han. Men eg trur det er fordi Hauge gjorde litt av jobben for litteratane ved å skrive fantastiske dagbøker (som korpset straks veit å setje pris på på grunn av openberr litterær verdi). Men hjartet mitt slår for Rolf Jacobsen, som tar på seg eit mindre litterært velsett grovarbeid (noko fleire poetar nok har måtta ta til takke med, til dømes Tor Obrestad, som gjekk bort no som eit viktig symbol for den historiske gruppa Profil).

Vi snakkar her om lokalt avisarbeid. Og om ettermælet til poeten Rolf Jacobsen. Det skal mykje til – same kva vi tenkjer på – å nå i symbolikk opp til dagbokføraren og fruktdyrkaren vår Hauge i Hardanger. Framleis?

Men det gir mengdetrening med lønn å vere i journalistjobb, det er det eg prøver å demonstrere ved eksemplet den internasjonale poeten Rolf Jacobsen.

Bilderesultater for Hamar

Igjen Hamar

Offentleg brenne koranen? Nei, det er ulovleg.

Politidirektør Benedicte Bjørnland
Foto: Ole Berg-Rusten/NTB Scanpix

Er offentleg brenning av Koranen i pakt med ytringsfridomen? Nei. Og la oss sjå på det.

For ein gongs skuld har eg ikkje bilete av ein forfattar i ruta, men av ein politidirektør. Ho heiter Benedicte Bjørnland. Men det er likevel ytringar og ytringsfridom det dreier seg om. Sjølvsagt.

Ei bøn til ordensmakta i Noreg frå meg: Ny brenning av koranen på offentleg stad må de berre stoppe (stoppe slik som sist). Eg ber om dette, og eg er forresten ikkje kristen og heller ikkje muslim. Berre les aviser på nettet – og såg debatten der – har eg gjort. Las at spørsmålet om ekstra ekstra ytringsfridom kom inn i samband med organisasjonen SIAN. Det var dei som sto bak brenninga. Men: Det er skilnad på ytringsfridom og offentleg brenning, det meiner eg. Det siste er hat. Hat blir ramma av straffelova i dag – med god grunn. Straffelova vår.

(Noreg har heller ingen statsreligion lenger heldigvis. Men det er ei heilt anna sak.)

SIAN er forkorting for: Stopp Islamiseringa Av Noreg! Ikkje berre religion altså. Eg vil kalle det ei snikande rasistisk overdriving. Det er der det ligg.

Amerika. Plass i diktet mitt

Foto med regissør Michael Moore. Frå rotten.tomatos.com
Michael Moore fekk vi sett når vi kom til Amerika for nokre år sidan. Han var vel ikkje forfattar, men heller filmskapar og kunne vere eit pustehol som det. Etter kvart fekk eg laga eit dikt om USA, dette mektige landet i verda. Eg prøvde å sjå det positive gjennom diktet under:


 

 Eg likte Amerika da eg var der eg
 Mange har gjort det. Her er det plass, og  
 i New York kan vi puste ut ei tid
 Michael Moore lagar ein ny film
 Trea er høge. Folk seier: Hey! Og er
 hjelpsame og svært greie
 Men eg ville neppe forstå noko – 
 utan at eg reiste hit
 Når dei eigentleg ikkje likte presten
 folka i USA, laga dei ei ny kyrkje 

Snart over og slutt?

foto: aviateurs.no

Romjula er på, men snart slutt. 2019 er snart slutt. Også eit tiår er straks over. Kva gjer vi? Feirar sjølvsagt. Med alt det vi samla i heimen før jul og etterpå. Til dømes. Men bruk det. Kast det og hiv det! Du skreiv også litt. Men faktisk skriv det og hiv det, mykje av det. Tekstilar i skapet som eg har sett på, har eg plan om å gje til Fretex. (Noko i tankane mine kjem eg til å føye til.)

Ps 1/1: Lite å leggje til. Det meste gjekk som venta – utan særleg nye refleksjonar hos meg iallfall. Talen til kongen var grei. Også det han sa om den døde Ari Behn. På Tåtøy såg vi mange rakett-oppskytingar i det fjerne og nære – rakettar som farga himmelen i raudt og gult og oransje. Men det har nok vore meire som skjedde på himmelen enkelte gonger før?

Høgtid og Hammerfest

Hammerfest. Foto: Wikipedia

Det er andre syslar for mange no når det går imot jul, med pynting og julekort og det å planleggje julemat. For oss som vil sysle med versliner, dukkar det – nesten av seg sjølv – opp rimord på slike sentrale ord som “oss” er. Til dømes blir dette

“Moss”, ofte brukt. Og “på tross” kan jo brukast. Men det gjeld å ikkje komme i nød vel? Når det gjeld fest: da er det annleis. Da har vi sentrale ord slike som dei tre her: gjest – mest – flest. Og vi har byen Hammerfest langt mot nord i landet. Da kom heile landet nærare? Eg vil stoppe litt der ved byen i nord. Sjølv drog eg ikkje så langt som Hammerfest. Fotoet av Hammerfest, som Wikipedia står for her, er eit flott panorama, tykkjer eg. Lyst og enormt,

både hav og himmel og mange hus for menneske på jobb. Du ser jo sjølv. Til og med snø på fjella bak. Alle elementa samla på eit einaste foto.

Ps 21/12 (den mørkaste dagen i året): Eg minnest at Helge Stangnes har skrive den visa som passar godt.

Vise ved Vintersolkverv

No sløkkes en dag som så vidt rakk å gråne
og vise fram landet ei skjømmingsblå stund
og gjømt attom fjellan i aust står en måne
som snart skal strø sølv over fjorda og sund.
I sør ligg ei strime av lys over tindan
der dagen blør ut før han slokne førr godt
og vi står igjen med oss sjøl og med minnan
i mørketidslyset der allting blir blått.

Så kom og vær nær meg – vær sol i desember
når midtvinterstanka tar rom i mitt sinn
førr året må føle sin kurs og kalender
og stian blir tungtrødd når lyset førsvinn.
Men hold meg i handa og lær meg å vente
på solkvervingstimen då allting skal snu.
I mørketidslyset e varme å hente
førr den som har mot tel å trosse og tru.

Ja, streif mine strenga og løys i meg tonen
tel landet som kvile ved midtvinterstid
la mørketids-tankan og haust-depresjonen
få vike førr strofe av blå poesi.
Vi leve med rest av en sommar i minne
i lengting mot daga vi ikkje har fått
men kjem du meg nær skal vi solvarmen finne
i mørketidslyset der allting blir blått.

Karbosamband

Det finst viktige kjemiske tilstandar på jorda, også dei som byggjer opp liv, det er karbonsamband. Jon Ståle Ritland har skrive dikt om dette. Her er diktet “Valuta”, som står på side 41 i samlinga Karbonforbindelser:

tiden.no
 karbon er blitt en valuta
 den rike delen av verden benytter
 til å kjøpe seg handlefrihet
 avkastningen stiger rett til værs
 rentene er ekponentielle
 

 atmosæren fører en utjevningspolitikk
 himmelen er blitt mindre
 himmel, framtiden er blitt et scenario
 forskerne strever med
 å regne seg fram til

Jon Ståle Ritland debuterte med Kroppsvisitasjoner i 2004. Boka hans i år er da den fjerde boka – .

Fribyforfattarar

Fribyforfattarar finst. Og det er kommi ut ei sterk bok med bidrag frå ulike fribyforfattarar. Til dømes var Gunel Movlud frå Aserbajdsjan ein slik forfattar i Levanger frå 2016 til 2018.  Dei var forfølgde og ikkje frie i heimlandet sitt til å uttrykkje seg –

Initiativet til boka kjem frå norske Pen. Forlaget er Aschehoug. Atologien har fått tittelen Å KYSSE/ EN ØRKEN/ Å KYSSE/ EN MYR. Gruppa er på 13 fribyforfattarar. Dei blir presenterte i mindre biografiar til slutt i boka. Dikta er alle saman sette om til norsk (av ulike gjendiktarar).

Vi får smakebitar frå forfattarane. Dei fleste bidraga i boka er dikt. Også praktisk er det, vil eg seie, det å enkelt få samla mellom to permar problem som både journalistar og forfattarar kan få i sitt eige land. Slik får vi gjennom ei bok sjå press på ytringsfridomen på svært nært hald.

Fribyar som skrivande kan gli inn i, er blitt viktige institusjonar.

Eg hugsar ein som kom til Molde for ein del år sidan. Han var frå vesle Benin i Afrika. Han hadde skrive på fransk, som er språket i Benin frå kolonitida. I Noreg blei han omsett til norsk. Og han prøvde etter kvart å vere norsk forfattar som skreiv også nytt stoff på norsk. Og han blei medlem av Den norske Forfattarforeining. Gilles Dossou-Gouin heitte han – med eit litt kronglete namn for dei norske. Men han fekk kreft og lever ikkje no lenger. (Eg møtte han, blant anna på fleire møter i forfattarforeininga.)

Ikkje mange av fribyforfattarane i denne antologien, kom elles frå Afrika. Det var ein frå Libya. Dei fleste kom frå Asia, slik som Gunel Movlud, som eg nemnde over (frå Aserbajdsjan). Boka er elles redigert av Johanne Fronth-Nygren.

Gunel Movlud

Alder

Jeg er i den alderen
da jeg burde brenne i helvete
da jeg burde skytes
mot første og beste mur

burde våkne full
i fremmede senger
henge meg
på et hotellrom

skusle bort min elskede
miste min venn
slepe hjem en søt herreløs valp
om natten

men jeg…
går hver morgen
sliten og trøtt ut av huset
i vonde pensko
helt feil kledd i regnet

med klump i halsen
ikke av gråt, men kulde
og ingen søt valp
men en dypfryst høne i hånden…

Lite ps om fribyforfattarar: Hafizullah Shariati er Levangers tredje fribyforfattar (fungerer 2019-2021). Han kjem frå Ghazni-provinsen i Afghanistan, også han er allsidig: både forfattar, poet, journalist, akademikar, aktivist.

Annabelle Despard

Foto: Portal Forlag

“Våren er en gammel mann” er Annabelle Despard si nyaste diktbok. Den førre boka, “Ved helt riktig nymåne”, skreiv eg om på nettstaden her. På denne plassen skal eg få sitere eit av dei første dikta i “Våren er en gammel snekker”. Annebelle Despard skriv på sin eigen gode måte:

Mitt liv filtrert gjennom kroppen    
ytrer seg som melk 
blod og andre væsker

Sjelen er inntil videre knyttet til meg
kan hende å spore i mønsteret
bloddråpene hekler seg imellom
i renningen der sener møter vev
der muskel føyes inn
og ben laftes til ben

Huden har dårlig hukommelse
Gutter eller menn
er uklare i konturene
som lå de under vann
gamle kjærtegn kraftløse
som stråler fra en hyttedusj
Men stikk av lengsel sitter
og hvordan solen brant
den pinsen jeg ble værende i byen
for å vente på en telefon

Baudelaire

Eit typisk klassisk Parismotiv? Jo. Her henta frå Paris, 1950, photo by Mark Kauffman.

Det er ikkje alle omsetjingar og omdiktingar til norsk som er norsk, som blir norsk. Og det er synd. Charles Baudelaire skreiv boka Det ondes blomster (på norsk) første gong i 1857. Boka blei kanskje den mest vidgjetne diktboka i verdslitteraturen etter bibelen. Vi opnar da diktversjonen som vi valde frå 2011, gjort på norsk av Kjell Nilsen, og les frå børjan i – franske – Les Fleurs du mal:

Hald fram å lesa Baudelaire