Mot rasisme

Ei rekkje organisasjonar markerer minnet om Johanne Zhangija Ihle-Hansen, som blei drepen av stebror sin, før han fullførte terroråtaket sitt i Bærum. Han varsla om det, det var noko som vi fekk med. Drapet var rasistisk motivert. Kva gjer ein no? Det blir lysmarkering på Jernbanetorget og appellar ved Stortinget. Med oppmøte: Jernbanetorget kl 17 – på onsdag 9. oktober.

Poesisnikkikk

Eit stort og ekte poesi-arrangement blir ikkje ofte arrangert. Derfor reklamerer eg tidleg helst: for “Poesisnikkikk” 30. juli. Med Kjersti Bjørkmo, Erlend O. Nødtvedt, Marte Huke og Steinar Opstad der: Litteraturhuset. Salen: Wergeland

Inn i naturen

Antologiar med klåre tema er ofte populære. Og dei kan jo brukast til å slå opp i, når ein treng noko ved eit høve. Antologien “Inn i naturen” viser til årstidene og rommar heile “101 norske dikt”. Eksempelvis er diktet side 142 av Annabelle Despard tatt med. “Mye snø i fjellet”.

Mye snø i fjellet
Skavlen har stått på stas for lenge
i sin hvite kreasjon
Irritert av sol velter hun seg nedover skrenten
med alle sine kilo
rasker med seg en skoleklasse på tur
bryr seg fint lite om torv og stein
århundregamle vekster
Hun spjærer fjellsiden så jorden blir til laser


Hun graver under jernbanen
Skinnene henger i luften som spindelvev
Nede i dalen breier hun seg
oppløst, pløsete
Resten er gjørme

Boka er delt i fire: mellom vår, sommar, haust, vinter. Diktet over står (sjølvsagt?) i vinterbolken. Det er langt flest dikt i vår- og sommarbolkane. Ulike generasjonar er med og blir blanda inn i boka  sine tema, t.d både Emil Boyson (frå generasjonar før krigen) og Gunvor Hofmo (generasjon etter krigen) og Eldrid Lunden (ein generasjon i dag). Bra jobb er gjort med å plukke ut gode dikt.

Julie Holdal Hansen og Eirik Vassenden har valt ut dikta. Forlag er Samlaget. 


I 2007 gav same Eirik Vassenden, i samarbeid med J.M.Sejersted, ut LYRIKKBOKEN. Denne boka romma 101 sentrale norske dikt alle med tolking.

Glad i landet

På tampen av julehandelen, men likevel med fleire sjansar igjen, vil eg nemne tre heilt nye diktbøker som syner korleis vi er glade i landet vårt og korleis vi er knytta til lokalmiljøet vi kjem ifrå, og korleis dette skaper poesi. Kikk på desse: 

  • Ole Jacob Olsen si solide bok: Mi barndomselv, klokt og kunnskapsrikt om liv og natur, til dømes nokre fantastiske fugledikt i avdeling 1, eit om granmeisen ikkje minst. 
  • Mona Vetrhus si vare og direkte og dyktige folk-i-Uskedalen-skildring: Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld
  • Thomas Marco Blatt si allsidige og dokumentariske (bygd på enkelte readymades) og likevel lette verk: 1920 Sørumsand.

Berre kikk på desse, noko å vurdere for innkjøp og gåve? Eg har nett fått låne dei tre diktbøkene og nokre andre diktbøker på lokal-biblioteket som eg frekventerer. Eg prøver det kort om bøkene, her.

Forlaget MARGbok, Forlaget Oktober og Kolon Forlag har alle gjort ein god jobb, og det har forfattarane gjort.

Ps:

Andre nye diktbøker blir omtalte via artikkelen . Og: God jul til både dikt og diktlesarar!

Magli Elster i morgon

Slik eg tidlegare har meldt, kjem Brit Bildøen til Diktets Venner den 1. november med foredrag om poeten Magli Elster. Dette skjer på Melkekaféen kl 19, altså i Skien. Anne Gravir Klykken og Espen Gjelstad Gundersen framfører tonsette dikt.

Magli Elster som blei fødd i 1912 og debuterte i 1952, vil eg gje denne samkebiten av (sitert etter antologien Moderne norsk lyrikk Frie vers):

TA IKKE SMÅ TING MED




Ta ikke små ting med
når du elsker
sier de franske eksperter
mist ikke hårnåler
og sølvspenner
ikke pudderdåser
ikke din flaske
til luktesalt
ta ikke med en hanske
med ditt navn
ta ikke med din sørgmodighet
så liten når
en elsker
ta ikke med din store angst
for også den skal være
en liten ting.

Oslo poesifestival

Oslo internasjonale poesifestival startar opp i morgon med tematiske vinklingar og til dels andre utøvarar enn dei andre festivalane. Her er programmet for fredag, laurdag og søndag .

Ps 15/10-12 etter Oslo:

Festival-Noreg slo til med nok ein lyrikkfestival. Poeten Ito Hiromi var på festivalen og blei bra omtalt og intervjua av Klassekampen laurdag 13/10-12. Ho finst gjendikta av Ingrid Kaminka, med nokså lange dikt, i det store suksess-verket Verden finnes ikke på kartet frå 2010. Diktet “Coyote” byrjar slik: 

Mormor var medium, 
mamma magiker,
en tante var geisha,
én tuberkuløs,
en annen ufruktbar.
De var vidunderlig vakre, alle som en.
Ifølge mammas trylleformel må du alltid ha
sake, ris og salt
og du skal frykte slanger, vann og det som er i øst.


(...)

Dette er bra, og ein gler seg til å lese vidare. Gjer det! gå til Verden finnes ikke på kartet… Kva minner alt det indirekte i byrjinga av diktet over meg om? Mest av alt minner dei ni diktlinene meg om opnings-setningane på jazzsongarinna Billie Holiday sin biografi Lady Sings The Blues

Det skjer i Odda

Slik som under byrjar eit dikt i 2012. Og forfattaren skal møte fram på “Litteratursymposiet” i Odda laurdag kl 14 den 13.oktober; han skal komme saman med den svenske arbeidarforfattaren Johan Jönson og ein annan forfattar frå Vestlandet, Erlend O.Nødtvedt. Odda er flinke på litteratursymposium og på industri, sjølvsagt, og kommunen er ein stor Hardanger-kommune som byrjar heilt inne på vidda ved grensa til Telemark. Sjå wikipedia om Odda . Mannen for Straumen går er Tormod Haugland frå Radøy, nord i Hordaland fylke.

Hald fram å lesa Det skjer i Odda

Haustutstilling (av dikt)

§ BELLA BLU (Handbok for verdsrommet) er science fiction-poesi, ved ei reise i romsonden BELLA BLU med loggførar og nattbodet og den geometriske jenta, mannskap, passasjerar, soldatar osv. Terje Dragseth er forfattaren og multimedia-kunstnaren bak det freske, nyskapte, omfangsrike verket. Slik er loggen frå “DAG 22”:

Den geometriske jenta skinner azurblått i sitt laboratorium.
Hår elektrisk i støvregnet.


I hikst fra det grå taket faller iskalde dråper mot pannen.
Pannen til fangen fra oktober.
Instrumentnålens spydspiss dirrende.


Vi møtes analogt om ikke lenge.

§ BARTH VADER-ESKALASJONEN av Anja Høvik Strømsted spelar på/mot ein filmskurk som har ingen biologisk far, i populær-universet Star Wars. Star Wars er ein velkjend science fiction for ungar sitt krigerske førskolestadium. Her låner eg tekst på side 80 (Merk! ikkje trykkfeil):

vi hakker det høyeste punkte på stammen
for å bevare naturen i oss
du jør klart et mantra
som du kan tre åver stammen som et extra lag
til beskyttelse
mot arctiske terner & dårlig selvtillit
amor umor amor umor
mens du faller glitrende i havet
vor dype strømmer beveger
deg etterfulgt av klærne dine
& den grønne papagøyen

Anja Høvik Strømsted kan høyrast laurdag på Oslo Bokfestival . (Det er over fire hundre musikkfestivalar i landet. Men eg tykkjer ikkje dette er for mykje, for talet på kommunar er også over fire hundre.) Både Terje Dragseth og Anja Høvik Strømsted tar del (laurdag 12/10) på Oslo Internasjonale Poesifestival.

§ STATUEVELTERE har Jo Terkjel Fenne skrive, 130 sider med soger om statuar og deira skjebne, frå det heilt korte til om lag ei bokside på ei soge, frå alle verdas kantar, inkludert Noreg. Sjølv elskar eg dei fleste statuane i Noreg. Eg tykkjer innfallsporten til sogene/dikta hos Jo Terkel Fenne er fin. Her er “Cuba” hos Fenne:

DET storartede med ham var tenkningen hans! Også jeg er en
drømmer, sier Fidel Castro. Han trekker i snora og avduker en
bronsjestatue av John Lennon som sitter på en parkbenk, You
have to be here every day, because the day you aren't here, the glasses
go! Juan Gonzales, 89, en pensjonert arkivar, holder vakt i Parque
John Lennon. Hvor er Lennons briller? Arturo Arango, forfatter av
The Book of Reality, bemerker: Lennons briller er observert i byen
Matanza, på stauen av en poet som hele sitt liv trengte briller. Hver 
gang Juan Gonzales tror at noen ønsker å fotografere, reiser han
seg fra benken, trekker et par forgylte briller opp av skjortelomma
si, og monterer dem på statuen. En mann stanser sykkelen sin, gir
uttrykk for forbauselse over synet av den sittende Lennon, skyver
håret til side og peker på et arr i skallen. Dette fikk jeg da pappa ga meg juling med gitaren. Jeg spilte Beatles. Wow, det må være en spøk!