Løvsprett operasjon

Vi har fått unna operasjon løvsprett og dei mest kjølege nettene her sørpå. Dei siste dagane har ei kvit katte vore innom på kikk. Plena på baksida av huset vårt har vakse høg nok til den faste grasklipparen Ein einsleg dag slik som i dag, 6. spril, skal visst lufttemperaturen komme opp i 19 pluss. Likevel er det noko som held oss nede: Over det heile landskapet og husa med folka og forretningane ligg koronakrisa og dei alltid nødvendige reglane og smitteverna.

Bygard i hovudstaden
Kjelde: digitaltmuseum.no

Eg plar sitere versliner som passar for tilfellet. Iallfall fell augo mine på Arvid Torgeir Lie sitt dikt SOL I MOSS. (Det er sitert etter boka BY DIKT – gjeve ut på Bokklubbens Lyrikkvenner i 1980.)

Strykarar kjem ut av vindauget
hos Emma i Moss,
ut i solvarmen, ut til blomster og tre.
Hos den vaksne Emma.


Gata svingar der ho bur,
eg svingar der ho bur.
Og gatesteinane er tallrike
som strøk på fiolinane.


Eg spelar fiolin forbi med mine sko,
i den lystige by,
i den høge sol.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *