Kjennskap til Georg Johannesen

utgåve med to av GJs diktbøker

Forfattaren Georg Johannesen, som var fødd i 1931, døydde no 24/12 2005 i Egypt. Kort uttrykt var Georg Johannesen portalen til 1960-åra i norsk lyrikk og til norsk ny politisk venstreside. Han var ein stor analytikar. Den analytiske evna hans var både frykta og respektert.

(1) Georg Johannesen debuterte i 1957 med romanen Høst i mars om norske terroristar. To år etter kom Dikt.

Hald fram å lesa Kjennskap til Georg Johannesen

Systemdikt – ? Litt om Inger Christensens det

1. Første notat 

Vi startar i Noreg midt i 1960-åra. (Men hovudeksemplet blir dansk.) Da Georg Johannesen i 1965 gav ut dikta «Ars Moriendi eller de syv dødsmåter» (kunsten å dø, eller kunsten dør, – tru?), var det brukt system og dei sju dødssyndene etter tur gjennom kvar si veke alle dei sju vekedagane med dikt etter dikt på tre ganger tre vers. Men ikkje det enklaste å lese for nokon lesar, heller ikkje i dag, meiner eg, med desse dikta sine tankesprang og mørke bilete. Men boka er for lengst utropt til den beste norske diktsamlinga i det førre århundret.

Hald fram å lesa Systemdikt – ? Litt om Inger Christensens det