Når tre grep er standard

Johnny Rotten med enkelt og aktiviserande?

Filmen «Sønner av Norge», som går på norske kinoar no, har handlinga lagt til 1978/79 og punkrockens utagerande tidbolk. Hovudfiguren i punkbandet Sex Pistols, Johnny Rotten (eig. namn er John Lydon), spelar faktisk ei lita men viktig rolle i filmen. Jens Lien er regissør for denne allsidige filmen, som gjorde det godt på Film-festivalen i Toronto for eit par år sidan og haustar fin mottaking i Noreg no.

Punk: Parolen «Gjer det sjølv» førte til mange nye kjellarband, som spelte i bomberom og aktiviserte. (Den norske gruppa Kjøtt blir nemnd i filmen.) Med pønken blir 3 gitargrep ofte idealet – saman med høg faktor av anarki. Dette kjem i kontrast til hippierørsla sin avanserte psykodeliske stil. Den eine hovudpersonen i filmen, familiefaren spela av Sven Nordin, har med seg livsstil frå hippierørsla. Men han snur 60 gradar for å kome tenåringssonen sin på 14 i møte.

Mange – i og for seg – viktige tema blir rørte ved i denne filmen: Hippierørsla (som sagt), nudisme, arkitektur, kulturradikalisme, orgon-skap og Wilhelm Reichs psykoanalyse, punkrørsla; og alt dette satirisk handsama, men likefullt med respekt. Dette gjeld ikkje minst det destruktive og sjølvdestruktive ved punkrocken. I punken var «søppel» eit nøkkelord, jfr Johnny Rotten. Heiderskronte emblem som nasjonalsong og flagg blir tematiserte. Og her kjem den gamle nasjonalsongen «Sønner av Norge» inn. 

Manusforfattaren Nikolaj Frobenius har laga ei sterk forteljing som bind alt saman: både tema i tida, men også levande liv, historisk brodd og skarpe problemstillingar. Nikolaj Frobenius (født 1965) har skrive manuset besert på sin eigen roman frå 2004: Teori og praksis. Også Frobenius vaks opp på Rykkin, dit handlinga i filmen er lagt.

På denne nettstaden vil eg tilrå filmen «Sønner av Norge» på det sterkaste og samtidig følgje tråden med «tre grep» vidare.

Omtrent samstundes med hendingane i Frobenius sitt Rykkin fekk Torstein Finnbakk gjeve ut det illustrerte diktheftet Når star kan jage måge på forlaget Oktober (1978). Dette heftet vekte ein kvalitetsdebatt på 40 innlegg i avisa Klassekamepen. Hos Finnbakk (psev. ToFi) var det nok brukt «tre grep» enkelte stader i den politiske kampen mot imperialismen. Så noko i dette diktheftet er ulikt og noko er likt punken. Det er konklusjonen min.

Først vil eg sitere ein av dei tre tekstane i diktheftet som har eit blues-tema. Blues bruker tre gitargrep. Illustrasjonsfiguren er teikna langhåra (dvs moteriktig) akkurat som den 14-årige hovudpersonen i den nye norske filmen, før han klipper håret og går inn i bandet sitt.

I denne bluesen er det folk som gjer jobben, men skildringa av jobben er ikkje entusiastisk, nærmast som ein skolestil i innhaldet.

Hverdagsblues for trøtt skoleelev

Strekker meg om mårran, det blir en jævlig dag.
Spiser egg og bacon, jeg er’ke heilt i slag.

Bøkene i veska, så tar jeg vegen fatt,
nå i mårragryen, det er så bleikt og matt.

Første time kommer, så sakte som den går.
Jeg må ta meg sammen, det er så vidt jeg står.

Den som ikke jobber, skal ikke ete no’.
Det er sikkert riktig, å ja, jeg veit det jo.

Etter etepausen skal vi en prøve ha.
Jukser litt med lapper, så går det sikkert bra.

Høgtaleren spraker ei melding eller to.
Blir elevrådsmøte, - hva gjør de der, mon tro?

Klokka to omsider, da er det heim igjen.
Hekse i seg middag, og knapt fordøye den.

Sitter pal med lekser, til klokka seks og sju.
Da er dagen omme, hvor lenge sitter du?

Sia ut og lufte og prate med en venn,
Krangle litt om plater, tida kryper litt om senn.

Først å repetere i den forhatte bok,
Så i seng i tide, må skaffe hvile nok.

Og når klokka ringer, så er det på’n igjen.
Er jeg heilt aleine som har det slik, min venn?

Diktet legg på ein snedig måte opp til aksjonane mot lekseveldet i vår tid! Og ikkje berre opp til lekseveldet, men også aksjonane som nett er starta mot lekseveldet.

Elles i diktheftet kjem leilighetsdikt i ein straum. Dei rommar ofte politiske parolar i oppsettet (parolar meir eller mindre aktuelle i dag), men syner eit tilfeldig anarki i estetikken.

På den tida – og etter diskusjonen om Oktober si utgjeving av heftet – snudde også estetikken brått rundt Oktober-miljøet. Og straks i 1980 blei kravet samla hos poetane og den absolutte parolen fiksert for den tidlegare uttalt progressive lyrikken: Kvalitet (er det som gjeld frå no)! Arnljot Eggen og Johanna Schwarz som skreiv dyktige og politiske retta versmål rett føre dette bråe tidsskiftet, men kritiserte ToFi sin utgjevne aktualitetslyrikk i 1978, dei kom aldri nokonsinne tilbake med dikt i sine eigne utvikla versmål & formulerte fonetiske rimreglar. Den vakre versifikasjonen som dei drøymde om, kom aldri. 

Eg får leggje til at «Når star kan jage måse – » var hefte nr 6 i forlaget sin vellykka serie med Folkets kultur(som slutta med ToFi). Av dei andre hefta var: Per Sivle (dikt), Johanna Schwarz (dagsetlar), Solstad (om Pelle Erobreren) og Ericsson (dikt).


Edvard Hoem gjekk for den abstrakte og absolutte parolen. Her er artikkel om Edvard Hoems dikt gjennom 10 år. Skrive av meg i Klassekampen om dei ti åra Hoemdikt frå 1972 til 1982.