Monokultur i modernismen?

Anne Borup om monokultur i dikt

Dette handlar om det einsidige. Først: Kva tyder ord som vi bruker? Monotont = keisamt. Monolog er einetale, kan vere negativt. Monopol er einerett (og dominans). Monokultur er å dyrke ein, og berre ein, vekst. Litteraturvitar Anne Borup i Danmark og journalist Bendik Wold i Noreg har interessert seg for modernismen sin «monokultur», og begge har dratt i gang debattar i 2007. Ja, og her vil dei begge to bli kommenterte av meg – og derpå grundigare av Håkon Øvreås.

Hald fram å lesa Monokultur i modernismen?