…for Anne Bøe, dette kunne eg seie no. For tida skjer det stadige undersjøiske jordskjelv. Og desse løyser alle ut tsunamiar og mykje øydeleggjing og dødsfall. Den mest kjende og verste tsunamien i vår tid kom 26. desember 2004. Det verkar som om Anne Bøe har denne katastrofa i tankane når ho flettar saman ein eg-person sin bråe og alvorlege sjukdom med ei tsunami-katastrofe i verdsmålestokk. Noreg har ikkje ofte tyfonar og katastrofale jordskjelv.
Denne flettinga i boka til Anne Bøe gir punkt for å kunne forstå katastrofer som elles er vanskelege å fatte. Forfattaren, som debuterte med diktsamlinga silkestein i 1984, har brukt diktform også denne gongen og utforma eit solid verk både på idéplanet og i uttrykk…
Noko av det første eg legg merke til, er det merkeleg mjuke som oppstår ved katastrofer.
Skrivemåten kan vere raske riss, slik som i diktet side 24, tatt frå avdelinga bølge:
tredje januar, antallet øker du ligger i ditt eksil av morfin bølgen velter og velter innover kurven, statistikken på skjermen en kjølstripe av størknet sjø

Boka, som kom ut i fjor, har tittelen minimum og skildrar godt dette “minimumet” i høve til overleving… Likevel er ikkje poesien hennar noko minimum når det gjeld språket, dette er rikt på allusjonar til annan poesi.