
Ja, biletet med teksten har eg planka. Så kjem lesinga mi her (eg tenkjer litt breitt):
Heilt ifrå svært farne tider til i dag har det vore eit nært samband mellom menneske og hund. Eg skriv hund som nr to her, sidan hunden liker å bli styrt av mennesket. Da snakkar eg om mi eiga røynsle med dyret. Og hund og katt er til dømes svært ulike, det veit alle. Dei er motsetnader.
Likevel har eg gjennom alle åra med lesing av dikt (og særleg dei årlege utgjevingane som blir sende til folkebiblioteka) aldri funne mange diktbøker om hunden eller om hunden sine mange tilhøve til mennesket. Men i fjor kom forfattaren Joakim Kjørsvik med diktsamlinga «Min døde hund». Korleis skriv han? Svært informativt om hunden, både historisk og aktuelt, med hunden «Nana» som hovudperson i hovudforteljinga.
Eg rår alle til å ty til denne sjeldne boka om hunden, same kva slags hund vi tenkjer på. Denne boka altså.
Her har eg plukka ut eit dikt frå boka (det blir side 12). Treffsikkert:
S T E M M E B Å N D Mens andre hundeeiere drar i båndet, som for å få start på en rusten påhengsmotor, tokker Nana lett av sted, snuser innom et eller annet bak et tre, kommer straks jeg kremter. Lar meg vite at min forsiktige stemme er sterkere enn alle disse armene til sammen.