To røynsler frå skolen

Kompakt skoleutbygging
oppe på Feierheia i Kragerø.

Mange kommunar driv på med skolesamanslåingar. Også Kragerø kommune er i full gang med dette på grunn av saldering av kommune-budsjett. Kanskje er det også blitt ein stor trend, liksom det var rundt 1960 i Noreg, at skolepolitikarar vil ha store einingar, motsett kva skole-forskinga i dag seier er rett for ungar si læring. Det følgjande var eit debattinnlegg (berre lite justert).


To røynsler frå skolen

Eg byrja å jobbe som lærar på Kragerø Ungdomsskole i 1974, da skolesentret på Feierheia var overfylt til randa. Og det er ikkje til å komme forbi at det var trangt om saligheta der og mykje hærverk og hardt i krokane, før kommunen bygde Kalstad barneskole og Sannidal ungdoms-skole, og såleis letta på presset for skolane på Feierheia. 

I 1980-åra hadde eg to eigne born på Kalstad dengong nybygde barneskole. Skolen og lærarane der hadde eit ekstra godt samarbeid med nærmiljøet og foreldra i kvar skoleklasse. Dette var ein tradisjon for nært og godt samarbeid som eg har forstått varer ved.

Og nå er det altså meininga å tett overbefolke uteområdet på Feierheia igjen og radere ut Kalstad skole med ingen dokumentert sparingsgevinst eller pedagogisk vinning! 

Innsparingar ved å fjerne kommunale skolar på øyene kan eg heller ikkje sjå er store. Og kva med konsekvensane for miljø og busetjing? Til overmål: Kommunen set det nasjonalt viktige og eine-ståande vellykka Kragerø Læringssenter i fare ved å splitte det & sende det, venteleg gjort for å kunne flytte barneskoleungane frå Kalstad til Feierheia. Men når ein gjer 1 dårleg ting for å kunne gjere ein annen dårleg ting, blir ingen av dei 2 tinga betre.

Helge Rykkja, pensjonist og Raudt-medlem


Stoda i kommunen (i oktober) er at saka er sendt vidare til sivilombodsmannen av foreldregruppa ved Kalstad skole. Samanslåingar krev store investeringar som først kan leggjast inn i kommunen sitt budsjett for 2013. Og slikt budsjett vil først bli klart i desember. Her skal følgje på enda nye kapittel i skolesoga om samanslåingar og nedleggjingar.

Ps 18/10-12: Eg skreiv at avisinnlegget over var eit debattinnlegg. Eg kunne like gjerne sagt at det er eit debattinnlegg. For saka om skolenedleggjingane er ikkje daud. I går gjekk barnevernsleiar Rune Torp Olsen ut med ei skarp åtvaring mot opphopinga på Feierheia i lokalavisa Kragerø Blad Vestmar .

Ps 18/9-15: Det har vore kommuneval… Både Kalstad og Tåtøy skole blei altså lagde ned og skoleelevane sentraliserte, for å kunne bli Telemarks største 1-10skole! Noko som kosta dei borgarlege styringa over Kragerø kommune… Forresten blei også Skåtøy skole lagd ned for deretter å bli (privat) Montessoriskole. 

Relansering av eigne dikt

Kragerø låg utfylt
over svaberg og høge furuheier

som ein solid søknad
til riksantikvaren

Og vi stega Løkka
frå Steinmann ned heile Thomesheia

stoppa i Barthebakken
helvete så fint gjort
Kragerø med norsk motiv:
Bratt ned til bysentrum og bryggene!
Hald fram å lesa Relansering av eigne dikt

Kva gjer vi med tenestene?

Velferd & konkurranseutsetjing?

Ein måte å fjerne velferdsstaten og gjere landet blått på, går gjennom statsmakt og gjennom å la kommunane gradvis konkurranseutsetje samfunnet sine tenester og dytte ein demokratisk bastion som fagforeiningane ut over sidelina. Her er eit lokalt døme frå Kragerø Blad Vestmar no desember. Eg har skrive det sjølv og fått tilsvar:

Hald fram å lesa Kva gjer vi med tenestene?

Amatør eller profesjonell?

Jomfruland fyr

Kragerø kommune driv ei kunstutstilling kvar sommar. Utstillinga er lagt til Jomfruland. Lokale kunstnarar med utdanning og poeng blir inviterte til å delta, men det ligg ikkje noko spesielt juryarbeid bak dei utstilte kunstverka, og deltakarane står heilt fritt til kva dei vil la seg representere med på desse utstillingane. I fleire år har det vori diskusjon om kommunen sin utstillingspraksis på Jomfruland. Denne diskusjonen har til tider tatt form av ein motsetnad mellom profesjonell kunst og amatørkunst. 

Så i år kasta eg meg inn og deltok gjennom lokalavisene og fylkesavisene (=Telemark) med eit par polemiske debatt-innlegg, som eg vil gje igjen her på nettet. Dette skjedde føre kommunen si kunstutstilling i sommar. Altså først denne polemikken:

Hald fram å lesa Amatør eller profesjonell?

Leiting etter arbeidarlitteratur

For kort tid sidan knelte den karakteristiske bukk-krana på Tangen Verft. Og etter meir sprengingsarbeid gjekk krana i bakken, slik at ein over store delar av byen kunne kjenne grunnen riste. Bukk-krana som har vori eit landemerke, blei bygd i 1966, altså for førti år sidan, på den tida da Tangen Verft konstruerte seksjonar til supertankarane på opptil 300 000 tonn. 

Hald fram å lesa Leiting etter arbeidarlitteratur