Denne kjærligheten

Somme linjer er veldig godt kjende, og det spelar ingen rolle om språket er gammalt, eller om orda er dialekt. Wikipedia fortel:

O my Luve's like a red, red rose
Thatís newly sprung in June;
O my Luve's like the melodie
Thatís sweetly play'd in tune.


As fair art thou, my bonnie lass,
So deep in luve am I:
And I will luve thee still, my dear,
Till aí the seas gang dry:


Till aí the seas gang dry, my dear,
And the rocks melt wií the sun:
I will luve thee still, my dear,
While the sands oí life shall run.


And fare thee weel, my only Luve
And fare thee weel, a while!
And I will come again, my Luve,
Thoí it were ten thousand mile.

Eit stykke mot nord er denne kjærleiken viktig i juni, slik som over hos Robert Burns, den skotske diktaren, og kanskje ikkje berre i juni, men alt no i mars. Kjærleiksvisa over av Robert Burns inspirerte Evert Taube på Bohuslänskysten til “ei fri tolking…med same emne”: Min älskling, du är som en ros, en nyutsprungen, skär, ja, som den ljuvaste musik, min älskade, du är!

Og denne versjonen blei framført på fleire fullstappa framsyngingar av Evert Taubes viser lokalt i Kragerø, gjort av Kolbjørn Martinsen med familie og musikarar no nyleg. Dei skal endatil ha ein ekstrakonsert denne veka. Og no er det, som sagt, blitt månaden mars.

Desse aktstykka får bli overgang til Johan Grip si ferskaste diktsamling Denne kjærligheten, som er relativt mjuk i høve til temaet, til dømes i diktet “Stevnemøte med kjærligheten”:

Kjæresten din
har de peneste øynene


det flotteste håret
det søteste smilet


Kjæresten din
har snakket til deg


med enkle ord
nå har hun slått opp


et vindu


for kjærligheten
er i vinden


der oppe, i luften
skal de treffes

Biografiar i stort

Ekteparet Marie og Knut Hamsun (1930)

Hugsar vi i fjor? Det var Marie og Knut i fjor. Om Marie og Knut har vi hatt filmar og skodespel – og i fjor haust kom altså to store biografiar. Det vil seie at Kolloen skreiv om Marie og Knut, i alle media, og Jørgen Haugan gjorde ein «litterær biografi om Knut Hamsun»: Solgudens fall. Solguden er personen Knut Hamsun, som løyser seg frå nesten alle menneskelege band for sjølvutfaldinga si. Også i år, under hundreårs-jubileet for den frie norske nasjonen, kan det vere grunn til ein ny repetisjon eller gjennomgang av tilfellet Knut Hamsun.

Hald fram å lesa Biografiar i stort