Ord i det offentlege?

ordlydar i lufta, med ei fangedrakt

Dette skal handle om tekst og skrivne ord. Dette skal handle mest om diktarord. I prinsippet ser eg klårt tre skilde sektorar for tekst og skrivne ord. Det er – stort sett – akademia, marknadsmedia og til slutt slikt som Wikipedia. Sagt på annan måte: For dei innvigde, marknadsføring for massen, og felleseige… Det offentlege er – for meg – splitta i desse sektorane for ord, sjølv om det også finst overgangar mellom sektorane.

Den akademiske sektoren er tradisjonelt lukka, kan vere for lukka. Her har dei avgrensa innvigde ein sjanse til å vere lærde og kanskje gå i djupna, men det er også nærliggjande for mange innvigde å mure seg inne i isolasjon og sneversyn eller satse på det altfor velprøvde og sikre. Tragisk døme på akademisk kollaps er Holbergs figur Erasmus Montanus.

Det beste dømet på marknadsmedia i litteraturen er alle diktar-jubilea, som kjem når det er gått 100 år eller 200 år etter fødselen til diktaren. Ved eit slikt marknadsaktig jubileumshøve kjem det ut biografiar, og det kjem ut nye bokseriar – dette eller hint som får fart på eit elles skrantande boksal.

Lokale Diktets Venner, som held til i Skien (og som eg er medlem av), har ofte fine arrangement rundt slike skiftande jubileum: Dei aktuelle arrangementa før denne jula illustrerer det offentlege sitt spelerom, tykkjer eg:

Novembermøte om Halldis Moren Vesaas, som ville blitt 100 år i år. Ingrediensar er ein flunkande biografi og populære dikt som Ord over grind om att, no i musikalsk innpakning.
.
Desembermøte om Johan Sebastian Welhaven, 200 år sidan fødselen hans; og flunkande biografi. Dertil dette greie temaet på møtet: Herman Wildenvey; det er akkurat 100 år sidan Wildenvey pangdebuterte med Nyinger.

Kven skriv så desse biografiane da? Journalistar og folk som sit inne med kjeldetilfang. Historikaren Anne-Lise Seip dreg vekslar på kunnskapane sine om noregssoga for epoken da Welhaven var verksam litterært, og Seip går påpasseleg gjennom og utnyttar breva som Welhaven skifta mellom seg og tre nære kvinner i livet hans. Dette var Camillia Collett, dette var Ida Kjerulf, og dette var ho som han seinare blei gift med… Journalisten og forfattaren Olav Vesaas dreg vekslar på kjeldetilfanget han sit inne med som eldste barn av Halldis Moren Vesaas.

Vel. Eg nemnde dei tre sektorane: Akademia, marknadsmedia og felleseige (t.d Wikipedia). Ja, det er rett at desse sektorane samarbeider på eit vis. Eg møter no i haust søkarar på nettet som søker etter kunnskap om Welhaven og landar på nettstaden min, på artikkel om Wergeland og Welhaven , etter at desse søkarane i lang tid først og fremst – kanskje einast – har vore ute etter kunnskap om Wergeland. Dette demonstrerer ulike søkeord på teljeappratet som eg har til nettet… Kommande år er det så gått to hundre år sidan Henrik Wergeland blei fødd, og da kjem han dundrande «tilbake», i kva form?

Ei rekkje diktarar til får sin biografi for tida: Rolf Jacobsen (hundre år sidan han blei fødd) – Per Sivle – Olav Duun – Arvid Hanssen – nemnd i fleng. Eg har ikkje hatt så mykje stoff om forfattaren Arvid Hanssen på nettstaden hittil, men i det siste har det skjedd ein dramatisk auke i nettsøk som ender på dette stoffet mitt, etter at sonen til Arvid Hanssen i år har skrivi biografi om faren . Det ligg ei stor interesse latent for Arvid Hanssen, vil eg tru, han er blant anna eit viktig symbol for landsdelen Nordnoreg. 

Konseptpoeten Kenneth Goldsmith hevdar at samfunnet flyt over av tekst, slik at vi har meir enn nok av det. Han har eit poeng. Og ord er ikkje alt ! Eg ser at det ynglar av ord i akademia, sjølv om det er like lett å få auge på holrom… Det er iallfall tilstrekkelege ord i marknadsmedia, ikkje minst i USA. Bevare meg vel. Men framleis er det langt ifrå nok tekst på nettet og wikipedia, på alt dette hittil udefinerbare, som eg etter at internett er blitt meir tilgjengeleg for dei mange, valde å kalle for felleseige

Kontroll: I dagleglivet opplever eg – personleg – slett ikkje eit overforbruk av ord, det måtte i så fall vere mett oppleving av lettkjøpte ønskemål i kommunale politiske papir. Vel. Vi improviserer eit kort dikt: Mange ord fell i god jord. Når det så gjeld nye dikt i dag: Poetar som vil lodde djupt, irekna meg sjølv, må iallfall passe seg godt for tynne snøre som kan ryke.

Kenneth Goldsmith sin “skoletime”

var prega av ein mann med rik røynsle framfor forsamlingar, og han var ikkje redd for å bruke dei store eller uventa orda. Når han sat og følgde manus, skotta han heile tida opp, med kvikk guteaktig mine. Kva sa han så til festivalen? Han refererte m.a dei to heilt sentrale avsnitta over, som eg drog fram frå Audiatur-katalogen. Pluss:

1) Han presenterte ein definisjon av «collage», den noterte eg: Collage er to smakar ført saman av ein tredje smak. Om det er hans eigen definisjon, er det skarpt sett, og (han) treng ros.
2) Han formulerte «thinkership» framfor «readership» i litteraturen. Og da stilte eg meg straks spørsmålet om han ikkje sette noko anna framfor også «thinkership»?
3) Han gjentok ein argumentasjon om at vi ikkje treng meir tekst, at vi flyt over av tekst og derfor har nok av dette. Derav uttrykket som han står for: noncreative writing (=iallfall eit godt humoristisk slagord). Men Goldsmith skriv da sjølv verk som er nokså kreative, skulle eg meine? Til dømes den teksten hans som inneheld alt han sjølv sa i ei heil lang veke, eller så, tatt opp med påmontert mikrofon. Her ser vi elles eit døme på bruk av moderne teknologi… Og likevel har eg vel ofte inntrykk av at mange spennande poetar ikkje ser godt den tradisjonen som dei står på med ein fot i. Det dei trur er nytt, heilt nytt, er ikkje fullt  nytt, medan det nyaste hos dei nok ikkje alltid blir sett og formulert.

Etter Kenneth Goldsmith kom Derek Beaulieu med meir atterhald til poesiretninga. Om seg sjølv sa han: «Sometimes konseptuell, mostly concrete poetry». Og i paneldebatten som følgde, hadde både Ulf Karl Olov Nilsson, Monica Aasprong og Gitte Broeng ei meir søkande og fleirtydig innstilling enn leiaren for konseptpoesien bruker å halde fram. Gitte Broeng la vekt på – først og fremst – eit konseptuelt rammeverk… Nilsson hevda at den biografiske lesinga alltid er der. Gitte Broeng ville ikkje gje slepp på «det poetiske auget», noko som straks førte til ein debatt i salen denne kvelden. And that concludes the votes from the Norwegian jury. Ha ein fin kveld.

Eg høyrde på Kenneth Goldsmith

og kanadiske Derek Beaulieu og den etterfølgjande paneldebatten, det gjorde eg fordi Ottar Ormstad kontakta meg. Det kjem seinare nokre kommentarar frå meg til desse tre etterfølgjande evenementa under poesifestivalen, og eg er framleis i Oslo.

Konseptpoeten Kenneth Goldsmith

No er Kenneth Goldsmith i Noreg, han skal snakke på poesifestivalen i Oslo i morgon .

I Audiatur sin store katalog for 2007 seier han dette definerande om «konseptuell poetikk»: 

Konseptuell skriving, eller ikke-kreativ skriving, er en poetikk for vår tid, en som smelter avantgardeimpulser fra forrige århundre sammen med moderne teknologi, og som antyder felt for det 21. århundrets poesi. Denne nye skrivingen nøyer seg ikke med å være bundet fast til boksiden, og morfer derfor fra den trykte siden til websiden, fra galleri-lokalet til forskningslabben, fra poesiopplesningens sosiale rom til bloggens sosiale rom.(…)

Goldsmith går straks vidare i det same artikkelavsnittet (artikkelen er omsett av Stian Kristensen) med meir praktisk forklåring – og fleire interessante verknader – på lager. Berre merk dette:

Det er den stadige forandringens poetikk, som feirer ustabilitet og usikkerhet. Og selv om utøverne ofte kommer fra disipliner utenfor litteraturen, rammes arbeidet inn av poesiens diskurs og økonomi: arbeidene blir motatt av, skrevet om, og studert av poesilesere. Frigjort fra kunstverdenens markedsbegrensinger, og fra data- og forskningsverdenens kommersielle begrensinger, skaper poesiens ikkeøkonomi et fullstendig verdiløst rom der disse verdiløse verkene kan blomstre.(Sitat slutt)