Nypussa Tom Jackie Haugen

Vi saknar Povel Ramel,
men har iallfall Tom Jackie Haugen
med sin poetiske revy.

Drangedølen Tom Jackie Haugen er stadig ute med ny underhaldning og si skarpe tunge. Og her har eg fått løyve til å trykke ein av dei siste tekstane han har brukt på show, denne gongen forsynt med noko prating imellom versa, berre sjå her:

  Husflid meg her
  - husflid meg der, og husflid forsyne meg everywhere…


det er jo sånn for oss som har kjent - eller kjenner husfliden på kroppen - at den absolutt har sine bivirkninger


  me kunne hatt det finfint 
  ikkje vore plaga langpint
  eller påført heilt unødige problem
  bare kosa litt med myggstikk
  kanskje nytt ein energidrikk
  men livet er blitt ein einaste stor eksem
  nå er'e husflid her
  nå er'e husflid der
  med tova truse av steinull på
  som kleier og stikker forferdelig så
  nå er'e husflid everywhere

  joddele'i… 

  eg voks'opp heimestrikka 
  nå har kjærringa mi au klikka
  ho hekler, syr og baker brøda sjøl
  det fins ingen kjente grenser
  for votter, skjerf og genser
  eller ting som inneholder grovt nok mjøl
  nå er'e husflid her
  nå er'e husflid der
  magen river og tarmen blør
  eg har aldri vore sånn dritsekk før
  nå er'e husflid everywhere

  det gode liv på landet
  kjenner eg'kje te det granne
  men eg veit at andre har et anna syn
  Bondens Marked er så populære
  du får omtrent hå det skal være 
  hipp hurra for nydusja bønder i by'n
  nå er'e husflid her
  nå er'e husflid der
  halvråtten fisk og muggen ost
  julelys og honninglys og eplemost
  nå er'e husflid everywhere

  åpen gård med null komfort
  koselig med fattig kår
  allergi for burot og mot timotei
  lage kiosk i bryggerhuset
  lære bydamer å snuse
  telemarksbunad om du har vort der eller ei
  nå er'e husflid her
  nå er'e husflid der
  file feler og steve stev
  skalle skaller og treve skrev
  nå er'e husflid everywhere


som littegranne fingernem - burde eg kanskje skrua sammen 3 trebeter - meldt meg inn i et husflidslag og stilt ut - eg har nemlig idé om et slags pizzafat - med feste i bakkant - altså et produkt alle må ha - men som kanskje ikkje så mange har vore klar over at de har savna - feste skal kunne klypas - over kanten midt på ein hver flatskjerm omtrent - altså sånn at kvinnfølka endelig igjen kan få lagt frå seg heklebrikka - og satt potteplanta på toppen av TV'n - sånn som de skal


  det fins jo husflidsmesser
  for de fleste særinteresser
  eg har aldri delt interessen for kortreist mat
  då ser eg for meg pus
  sitte og nistirre på ei mus
  som går ubekymra rundt på et påleggsfat
  nå er'e husflid her
  nå er'e husflid der
  safta og sylta, pjona, vevd
  velhengt, innestengt og utesvevd
  nå er'e husflid everywhere

  joddele'i… 



(Tom Jackie Haugen)


Forresten har teksten fått ein melodi i godt register… Tom Jackie Haugen har vore med i Prestestranda Vel Vel Vel og deretter i Drangedal Bortforklaring. Sjå berre på Youtube – . 

Her er ein artikkel frå 2009 om sistnemnde si showing. 
Tidlegare om same emne (ein artikkel frå 2007) vil du finne her.