Helge Stangnes med ny

Poeten Helge Stangnes har lansert den nye samlinga si “Vintersang”. Han er i ein travel fase. Stangnes deltar no på Tromsø internasjonale litteraturfestival, deretter blir det oppdrag i Alta (Finnmark), og seinare i månaden skal poeten på turné i Salten-området. November blir også travel.  Den sjette november fyller den aktive poeten 75 år.

Her er iallfall ein oversiktsartikkel om Helge Stangnes sine dikt, som eg leverte for tidsskriftet Kuiper

Lyset er viktig tema i dikta til Stangnes. Her er døme på det frå Frø i vind:

MOT LYS



Så ga du oss atter ei dagning 
med himmel i rosa og rødt; 
en time i undring og dragning 
mot lys som av mørke blir født. 
På ny spelles solgudens drama 
bak nattblåe tinda i sør; 
det evige, årlige lys-panorama 
med Helios som regissør. 


Vi veit at i dag skal det hende; 
vi veit at et under skal skje: 
En kant av ei sol-glo skal brenne 
der sør mellom tindan et steí. 
Ei mørketids venting e omme 
og dagen skal feires med fest, 
- men hjelp oss å holde på drømmen om lys 
når sol e blitt kverdagens gjest 

Ps 4.november 2011: Dag og Tid bringer eit tosiders intervju med Helge Stangnes i dag.

Kva med Helge Stangnes?

Poeten Helge Stangnes
FOTO: BIRGER CASPERSEN

Kva med visepoeten og poeten Helge Stangnes? Poeten frå Troms, Senja. Artikkelen min under om Helge Stangnes har eg skrivi på oppdrag, – og står i tidsskriftet Kuiper (1-2 2007) med ein tydeleg redaksjonell merkelapp (sitat):

Hald fram å lesa Kva med Helge Stangnes?

Er dikt noko herk?

Poet, visediktar Helge Stangnes. 
Foto: Reiner Schaufler

Vi ser stadig nokon ta oppgjer med uforstand og «snobberi» og komme med nye forslag om diktet sin plass. Ein instans innan Norsk kulturråd (innan det rådet som løyver statleg støtte til litteraturen) har nyleg tenkt høgt og kritisk… Vel. Rimdikt-tradisjonar har nyleg blitt etterlyst som ein publikumsvennleg sjanger, iallfall av Knut Buen og bokmeldar Eirik Lodén. Midt på 1980-talet låg det i den aktive Karin Moe sin uttalte «postmodernisme» å oppvurdere og sidestille ulike sjangrar i kunst og kulturliv. Men slik ho gjorde det og lykkast med i prosaen sin, nådde ho ikkje heilt fram i lyrikken hos seg sjølv (eller hos andre poetar). La oss no undersøke rimdikt som ei mogleg farbar lyrikkfil tett ved sida av andre utfordrande diktsjangrar. Første atter-hald for meg og deg: Det er ikkje nok at det rimer og rytmen glir – .

Hald fram å lesa Er dikt noko herk?