
Latinamerika har ei rik kjelde av moderne poetar. Ein av dei utanlandske poetane som blei omsette til norsk i 2007, var Gabriela Mistral, chilenar. Ho fekk ein fortent nobelpris i 1945. Omsetjaren av Gabriela Mistrals «dikt i utval», Tove Bakke, tykkjer i utgangspunktet at dikta hennar er vanskelege å skape om til norsk. Men elles er Mistral lenge kjend over heile Latinamerika som folkeopplysar og forfattar av voggesongar og dikt for born. Ho er bl.a på pengesetlane. Diktutvalet heiter Alle skulle bli dronning. Og her er da vald ut av meg Yo no tengo soledad, som på norsk lyder: Veit ikkje kva einsemd er:
Hald fram å lesa Gabriela Mistral og César Vallejo