Kort eller langt i poesi? Dei korte dikta er enklare i høve til skriftlege medium (enklare både ved skrivinga og lesinga). Likevel treng verda ikkje berre korte slåande diktformer og påstandar, men også det mest rommelege i uttrykk. Eg vil syne dette ved eit par styrkjande døme frå den pågåande bokhausten. Poeten Anne Bøe har skrive det intense Frostdokumenter, som består av elleve lange dikt. Og etter det første av dei elleve, så kjem diktet ”ormens vei over berget”, der eg siterer den første sida, slik:
