Amatør eller profesjonell?

Jomfruland fyr

Kragerø kommune driv ei kunstutstilling kvar sommar. Utstillinga er lagt til Jomfruland. Lokale kunstnarar med utdanning og poeng blir inviterte til å delta, men det ligg ikkje noko spesielt juryarbeid bak dei utstilte kunstverka, og deltakarane står heilt fritt i kva dei vil la seg representere med på desse utstillingane. I fleire år har det vori diskusjon om kommunen sin utstillingspraksis på Jomfruland. Denne diskusjonen har til tider tatt form av ein motsetnad mellom profesjonell kunst og amatørkunst. 

Så i år kasta eg meg inn og deltok i lokalavisene og fylkesavisene (=Telemark) med eit par polemiske debatt-innlegg, som eg vil gje igjen her på nettet. Dette skjedde i forkant av kommunen si kunstutstilling i sommar. Altså først denne polemikken:

Hald fram å lesa Amatør eller profesjonell?