Ny rekneskap

Enkelte forfattar verkeleg elskar å ta del i den store debatten, og dei har også mykje å bidra med til debatten og til almenn folke-opplysning. Kjartan Fløgstad har skrive artikkelen Eit sant mirakel . Opphaveleg sto denne artikkelen, som fyller 2 – 3 avissider, i Aftenposten. (Seinare har artikkelen stått i mål-organet Norsk Tidend.) Kva er ærendet hans?

Kjartan Fløgstad dokumenterer den storskogen av nye nynorsk-forfattarar som har dukka opp, fleire og fleire, etter 1960-åra. I dag er dei ein mykje større del av norske forfattarar, desse nynorsk-brukarane, sjølv om det samla talet på forfattarar har auka sterkt. Kjartan Fløgstad har jobba grundig med artikkelen for riksorganet Aftenposten, og byr på både overtydande statistikk frå Ivar Aasen-sentret, på lister med nye forfattarar ved namns nemning og på historiske kunnskapar om samfunnsutviklinga i Noreg. I tillegg har artikkelen eit stort og velformulert engasjement for litteraturen og nynorsken.

Interessante bimotiv i oversikten over litteraturen er den sentrale litterære rolla som nynorskskrivande Profil-forfattarar (frå midten av 1960-åra) har hatt i 10-år og 10-år som kom etter, med folk som Einar Økland, Tor obrestad, Paal-Helge Haugen, Eldrid Lunden og Arvid Torgeir Lie. Vel, her må de berre lese Fløgstad.

For eigen del legg eg til eit døme på debutant frå bokhausten vi er inne i, Marianne Clementine (fødd 1987) med diktboka Bilydar, der hovudtema er kjærleik. Boka har ei ramme og kan samanfattast med den kortaste teksten i boka: “kjærleiken er ingen leik/ for faen”. Til dømes er arr på personane eit motiv, her er arr på eg-personen:

eg trekkjer linjer mellom
skavankane mine 


(ruglehuda. arret på kinnet.
det eine håret på haka)


for å minne kroppen
om at det finst dagar og netter
fulle av tyngdekraft


og at vi
kjenner kvarandre like lite
som forskarane kjenner
Mariannegropa

Ein kan seie at Bilydar handlar om det som Kåte dikt av Christian Refsum (frå i år) ikkje handlar om. Marianne Clementine blir  med på Oslo Internasjonale Poesifestival, arrangementet laurdag 13.okt. kl 16.


Omsette eller gjendikta dikt til nynorsk har tidlegare ikkje vore så velsette hos forlaga, men det kjem seg også her. Medan vi er i gang med bokhausten, vil eg nemne Øystein Vidnes si stivperma omfangsrike gjendikting av Fernando Pessoa, kalt: “Alberto Caeiros Poesi”. Her er ein mediterande smakebit av Caeiro/Pessoa:

EG HAR ALDRI skjønt at det går an å tenkje på ein solnedgang
som trist.
Det måtte vere fordi ein solnedgang ikkje er ein soloppgang.
Men om det er ein solnedgang, korleis kunne det ha vore
ein soloppgang?