Dikt for 9-åringar i Akershus? Ja, det opplevde vi fint. Og det skal Akerhus ha. Her er beretninga om tre poetar på turné og kva dei møtte av reaksjon frå publikum. Ført i penna av Helge Rykkja.

Dei tre neste fotoa i artikkelen er knipsa av Dragseth, medan vi alle, Anne Karin, Terje og eg, var på Ås bibliotek og jobba.
Som ein del av Litteraturfestivalen i Akershus drog vi tre – Anne Karin Fonneland, Terje Dragseth og Helge Rykkja – rundt i Akershus med den relativt nye barnediktboka Sølvbåt og stjernevind. Ho er stor, har mange interesse-vekkjande bilete, og ho har dikt av 18 forfattarar, til saman mange dikt… Biblioteka var arenaen for oss, ungane var for det meste elevar i 4. klasse, altså ni år gamle – . Ei av forsamlingane var berre 7-åringar.
Hald fram å lesa Den nye barnediktboka