
Foto: Steffen Zachariassen
Hos komponisten Beethoven bryt ein tyrkisk marsj brått rett inn i bygningskroppen i det opphøgde komplette symfoniske orkesterverket – .
Hos Beethoven bryt menneskerøysta skarpt inn i alt det riktige komplette instrumental-musikalske, og dette skjer på slutten av den siste (og niande) symfonien hans. På si tid var denne innblandinga spesielt ny og rar. Men Beethoven var på den tida ein godkjent kunstnar med ivrige tilhengjarskarar.
Hald fram å lesa Er det rare best?Etter krigen var det husmangel i Noreg. Og da vi kom til Levanger på grunn av jobb, budde familien min på fem både i pensjonat først og deretter på bondegard. Bondegarden heitte Bamberg og låg i Skogn. Der var drengen svært ivrig med dei nye visene til Alf Prøysen, og han kom inn til far min med noko han hadde fått tak i og ville at far min skulle prøve ut på pianoet sitt.
Ja, det låg spenning i lufta i stua, og det merka eg som var kanskje fem år, veldig godt. Drengen bøygde seg ivrig framover mot det trykte dobbelte arket. Som alle veit kom Alf Prøysens populære Drengstuviser samla i bok året 1948.
Hald fram å lesa Visedikt føre og etter si tid