
Dikt
Utgitt av Aschehoug, 2004
Diktsamlinga kom ut i august. Dette er ei forholdsvis stor samling, på over hundre sider. Og over åtti, nesten nitti, dikt, dobbel diktsamling… Prisen er 248 kroner. Bokomtalen av «Slutningar til knes» vil bli oppdatert.
Boka er hittil meldt av Eivind Blikstad i Varden og på poeten.no av Sjur Andersen og i Adressa av Fartein Horgar. Alle tre var positive og gledeleg deskriptive.
Det som er annleis ved t.d diktet «frå ein benk» (s 14), dersom du vil jamføre med Wildenveys «Eventyr til Ellen» (begge dikta tar opp liv og død), så inneheld diktet mitt eit gruppeportrett… Wildenveys ulike dikt inneheld oftast ein person eller to personar; eit døme på dette er Wildenveys «Anekdote» med opninga «En snekker og nok en snekker/ satt på stillaset og spaset.». Når så eg lagar diktet «eventyr» i «Slutningar til knes»(s 63), byr dette relativt korte, knappe diktet mitt på fleire sjangerteikn frå folkeeventyra og tillagt ein meir moderne gruppesituasjon. Diktet (på s 60) «Fire portrett», som presenterer fire portrett raskt etter tur, er til saman på korte åtte vers-liner…
Dette trekket ved diktsamlinga mi gjorde eg til eit poeng på lanseringa i Kragerø 8/9. Og eg nemnde at «svaner rundt oss» (s 27), som dreier seg om å lokke fram ei god rørsle, er eit gruppeportrett; sjølv om vi, her i dette diktet, snakkar om levande vesen som sniglen, svanen, auren, mus (og om rykket i fotball)… La dette vere ein tenkjeleg inngang (til kva som er spesielt). Eller sagt på ein annan måte: Eg låner trekk, og forsyner poesien, frå sjangrar som noveller, film og eventyr og teater, det vil seie gruppeportrett, gruppe-situasjonar, saman med små biografiar… Noko liknande gjorde vi fleire poetar i 1960-åra, i fleire land, ikkje minst gjorde Jan Erik Vold i «Mor Godhjertas glade versjon», eksempelvis i det jazzige «Funny», som er demonstrativt biografisk og har eit krystallklårt gruppeportrett. Men andre poetar følgde ikkje opp, eller kva det var som skjedde da… Og slikt som biografisk og gruppeportrett forsvann mykje godt frå sjangeren lyrikk – og let att bare restar og spor… Dessverre, vil eg seie, og eg prøver å gjere noko med det.
Her kjem du inn på forlaget sin nettbokhandel .
Ps 15. februar 2006: Situasjonen i norsk lyrikk når det gjeld sjølvbiografisk, tilsynelatande sjølvbiografisk, stoff, er blitt ein heilt annan etter poesiåret 2005.
Utdrag frå boka
beibien som flara og lo Are you going away with no words of farewell? Will there be not a trace left behind, song eg medan beibien flara og lo, kunne ikkje seie eit ord, men lydar var fascinerande. Flira av faren. Sprakk opp i latter, heiv smukken opp i lufta og la seg på tvers i senga med beina opp i veret, og ikkje under dyna. Ein slags livskunstnar? Gjennomskoda faren som skulle ut av rommet når ho sov, for han skulle på pub med kona og to andre og la berre barnevakta vere igjen. Ungen lo av ordet ´Hasan´ sagt med trykk, og ho lo enda meir av ´Hasan, Beograd´. Ho lo i trappa når ein tredjemann kom etter og under henne, ho lo av nokre andletsgrimasar og av hovud som kom til syne bak høge lene-stolar. Ungar no for tida er så glade. Ho låg på golvet og jobba som ein helt. Var som eit børseskot borte hos onkelen som låg på stovegolvet, undersøkte beltet hans, kult belte, forsira spenne. Når han reiste seg og forsvann ned trappa, svirra ho 180 gradar rundt seg sjølv for å sjå alt han gjorde. Ungar no for tida er så interesserte. Smukk-ekvilibristen
til ein familie på fleire watt Tida er det einaste vi har. F.eks juli januar. Fortid framtid - og alt som skjer. Lykke planar - og håret vi grer Rikdomen får vi i alskens tid. Ein del vil komme - og noko er forbi. Til saman blir det vel nokså sart. Noko har vi fått, mens noko er blitt spart. Tida er det vi har Tida er det einaste vi har, f.eks juli januar. Framtid fortid og alt som sprer. Voner og planar - og skogen vi ser
essay for inngifta Familiar var mektige i Inn-Trøndelag. Eg syntest familiane var daude og destruktive. Det er de inngifta som er gullet i familien og får lyset til Foreldre og barn er rosverdige alltid. Vi elska kvarandre på den måten foreldre og barn kan. Eg vil synge for alle oss inngifta, som bringer lys i ei slekt. Vi inngifta er gull verdt
storebror for eigen far Far min hadde ei dotter som trong han Det var synd på far min Han hadde ingen son som trong ham Eg blei døypt med gudmors namn Far min kalte meg likevel Teodor Det var namnet til storebror hans Mor mi kledde seg av for meg fordi ho trong ein far Far min klaga ikkje over kona si Det hende at han trekte på skuldra Kven var eg, når alt kom til alt
å trakte etter vennskap Meryl Streep fridde til meg. Eg svarte: "Vil gjerne vere vennen din, kan det halde for deg?" Og kanskje forklåre det meir? dessutan ho som spelte Erin Brockovich. Det same med dei andre talentfulle stjernene som prøvde seg på meg - og stod der. også Nicole Kidman tenkte på det faktisk, dei må berre fri, men vennskap byr eg.
frakkelaus som få frakkelaus som få fri som en frosk fedreskapet og finstemt under open himmel under skya himmel i ei kløft Det endrar seg for deg og samtidig for meg
øve med hender Øvde hender rer senger vatnar roser vaskar maling Og hender rer senger, senger skjer opp salaten finn fram all maten Det er øving, tangentar stemmeband og svalene og respekt Det er så god respekt øve med hender re senger, senger vatne roser og spyle maling
(Da Dag og Tid for eit par nummer sidan saksa dette diktet på baksida si, tenkte eg: Har Dag og Tid sett noko som eg ikkje har sett? Det eg ser, er trekket med at dette diktet, slik som andre dikt i samlinga, følgjer med på eit livsløp eller fleire, det vi kallar biografisk – i ei, delvis, humoristisk form.)
Reduser ikkje måsane sitt overslag Alt skal ikkje-reduserast har vi lært Måsemarken flyg Hovudbyen Eg legg merke til barndomen min i ein annan by noko eg kan gle meg over Det vanlege livet skal levast også Når eg ser attende på livet mitt fleire fasar tenkjer eg at det var nødvendig å leve Men ein treng neppe sjå seg attende dersom det ikkje er moro Måsemarken flyg Hovudbyen og legg reiret reiret sitt i blomekassa til barnehagen
ikkje så vanskeleg og eg funderte på det å elske var ikkje så vanskeleg, barnet er aldri så heilt borte frå leiken, heller ikkje her ved storhavet Spørsmålet var, spørsmålet var kva eg kunne brukast til Og svaret var forbausande langt etter kvart som all tida gjekk håret i panna di stod i krøll fordi du var varm
fire portrett Kameraten min var ein hund etter kvinnfolk og heldt seg snart til den same dama Mor mi var ein lesehest heime men hadde energiske steg Gudmor var lett som ei fjør og drakk berre halve koppar Solveig som reiste ikring, elska berre ein. Og var det latskap?
frå ein benk Også du tenkjer Du tenkjer heile tida Folk tenkjer heile tida på om dei er eller på det lange uoversiktlege livet Eg spør dei eldre damene om dei sit og tenkjer på livet, og det stadfestar dei, åjada Ein mann på åtti seier at han ikkje forstår Han tenkjer heile tida Og dei roper frå ein benk at det gjer dei
spørjeskjematisk Gje meg eit skjema før sola går ned O fli meg. Så eg kan få fred, få fred I dag må eg vite at alt er tatt med. Eit skjema frå gårsdagen det blir passÈ Skjema, o skjema! Gje meg det no Fli meg utgåva til bruk Eg lengtar mot slutten og snart er eg blå Fli meg. Så legg eg det ved Å, gjer meg ei beine før dagen går med Berre gjer meg. Så eg kan få ro av det Ei beine frå gårsdagen det blir trofÈ Bikkja villa vori så lett å be Beine, åh beine! Gjer meg det da Gjer meg ei beine eg ser Eg lengtar mot glede Vi her er så få Trøyst meg, så byrjar eg le
to gode sjansar Kvar skulle dei bu, i Oslo eller på Filippinene? Dei kunne prøve begge delar. Korleis møttest dei? Han møtte henne først i Oslo, litt opp i åra var han allereie da Dette hadde han ikkje alltid opplevd - å velje mellom to gode sjansar. I Oslo hadde dei jobb og ville overleve, på Filippinene hadde dei pengar og ville overleve Han møtte henne først i Oslo, litt opp i åra var han. Dei valde Oslo på grunn av jobb, også ho ville helst Norge, der ho hadde jobba ved ambassaden før barnefødselen
liker seg godt på festar Den frodige eldre Arnstein koker ei fiskesuppe, pratar om alle saker - og tar seg av sine gjester Han tar seg av dei som bankar på døra her i Bukta Den frodige eldre Arnstein liker seg godt på festar lener seg på sine armar, setter fram søte kaker
kva Stølefjorden gjer Stølefjorden legg armane sine kring deg Stølefjorden legg armane sine kring Luton Stølefjorden legg seg neppe til ein vits Stølefjorden legg beina sine på bordet Stølefjorden legg beina sine på oss Stølefjorden legg seg berre etter Ruth Så har vi det gåande med Ruth. Og det kan vere like bra
Eg tok del i eit arrangement 23/1 til støtte for flodbølgjeofra, og eg las frå Slutningar til knes. Da blei eg medviten om det følgjande:
Når du skriv dikt, endrar orda seg, og dei endrar seg medan du skriv vidare. Og når du skriv dikt, kan du ikkje vite kva som skjer i framtida; men det som er skrivi, det endrar seg og opnar seg på ein annan måte, etterpå, seinare, på merkeleg vis. Dette galt dikta som eg las frå utdraga ovafor, nemleg: frakke-laus som få, alt Stølefjorden gjer, og spørreskjematisk. Og det galt også: No er det svingande fot (s 29), både du og eg i daggryet (s 55), svarbrev (s 67). Flodbølgja og verda kasta seg inn i og dreiv inn i dikta som eg hadde skrivi eit år tidlegare. Dette har eg jo ikkje noko imot heller, men ser at slik er det.
Trondenes + reformasjonen nord Trondenes steinkyrkje blei ribba, men er likevel rik Kva vil du ha mellom herren og deg Kunne du stå naken og stille og ikkje saman med nokon framføre den nære gudemakta Skulle iallfall røysta i hallen frå Herren seie deg til utan rådslagning Da han kviskra inn i hjartet ditt, var du aleine i huset, eller stod du høgt på Setertinden eller bøygd i ein tett skog Trondenes står fast, peikar i nord og spør kva du vil ta med deg gjennom landet tyskarkanonen igjen tilbake - liksom eit slott Natta kan vere full av tåke Dagen kan vere klår sikt, dagen kan klårne. Natta kan vere full av tåke som varer langt ut på neste dag. Slik kom niande april, men da glei tåka vekk for fort. Nazistane var avhengige av å komme heller overraskande. Natur og våpen. Det var på nippen. Alle slags planar og rykte svirra i lufta. Holmane låg innhylla i tåke, skipsleia utanfor Jomfruland kunne ikkje eingong anast frå land, på den tida køyrde dei med hest i fjæra. Dagen kan vere klår sikt, dagen kan klårne. Natta kan vere full av tåke som varer ut på neste dag, slik som nesten på niande april for Oscarsborg
den som får deg Det vil alltid vere ei kvinne for ein mann - i filmen Det vil vere ein mann for ein mann Han rørte henne slik han hadde lyst til å røre henne - i filmen Han kjende henne slik han hadde lyst til å møte henne Ho som hadde fem barn, sa jo alt han ønskte å høre Heldig den som får deg Det vil alltid vere ei kvinne. Vil det derfor vere noko for ei kvinne? Ikkje tull no Vil det vere syttito jomfruer i himmelen i filmen