Forfattar – presentasjon

Det sjølvbiografiske i dikt, ein tilkjempa avstand?

Det sjølvbiografiske, det mest opent sjølvbiografiske, er sjeldan eit sjanger-typisk trekk ved norsk lyrikk etter Henrik Wergeland. Mange av dikta mine er sjølvbiografiske, men ingen av dei er heilt sjølvbiografiske, da hadde dei i tilfelle vori prosa. Og mange dikt, mange av dei andre dikta mine, går like nære eller nærare den poetiske kjerna utan å vere sjølvbiografiske dikt. Somme dikt kan gå lange omvegar og krokvegar og ta med seg det personlege… Når du skriv sjølvbiografisk, må du kunne klare å sjå livet ditt utanfrå på eit vis og du må kunne vurdere opplysningar og fakta på eit vis nøkternt eller på eit vis vitskapleg eller sannferdig.

I mange dikt har eg tatt ein biografisk innfallsport også til andre personar sitt nærvær. Dette har å gjere med livssynet mitt (no kan eg bruke slike ord, heilt enkelt), og det har å gjere med den fleirstemmige, polyfone skrivemåten min, skrivemåten min heilt sidan debuten BOK i 1966. Dette gir seg utslag i bruk av replikkar, bruk av forteljingar og i den stadige bruken av eit muntleg lyrisk språk, og derfor (slik Jahn Thon er inne på og formulerer det når det gjeld prosjektet som Carlsen/ Ystgaard/ Rykkja, “trekløveret”, var saman om i Profil:) eit spesielt og nyprøvd forhold til publikum.


Her er dikt frå bøkene mine med sjølvbiografisk stoff. Eg bruker for det meste døme som er å finne i utvalet under spalta Bøker, slik at du kan sjå på døma berre ved å bla der. Rekkjefølgja her følgjer i stor mon tidslina i det verkelege, fordømte livet.

(Eg kan gjerne vise opp sidetal i den trykte boka når det gjeld dei to sist utgjevne bøkene.)

  • i Eit hus mellom andre…. Melding frå ein teknikar (s 56)
  • i BOK…. Det er kaldt, tåke (Eg jobba om hausten 63 på Vestlandet, i Vassdragsvesenet, der vi nytta helikopter inn i fjella.)
  • i Poesi…. Da jeg så meg i speilet
  • i Draken i solbærbuskane…. Så langt ned som Middelhavet
  • i BOK…. Heisene på Blindern
  • i Kommune…. Gammal dress
  • i Filosofi, sa du…. Fjerde prøve: Tekst på søyle (er ein lang tekst, ikkje lagt på nett, om korleis eg følgde og ende opp med kvinnerørsla)
  • i Slutningar til knes…. mellom kvar gong froskane vandrar (s 101, er mitt joggedikt nr tre, ikkje lagt på nett enno)
  • i Filosofi, sa du…. Tre gonger kjende eg
  • i Eit hus mellom andre…. Tre generasjonar (s 96)
  • i Eit kjærleikstema…. XVI. Bestemmelse to
  • i Slutningar til knes…. Ein brist ved sjukdom (s 59)
  • i Eit hus mellom andre…. Ein mellomting, er det sagt om meg (s 16). Dette utrykket “ein mellomting” kom den analyserande “kraftsalva” Jon Michelet med om meg, i all respekt.

Diktet Reise til Nordland frå BOK, som eg har vist til fleire stader på diktsidene mine, bl.a som eit sifferdikt, er nok eit mangfaldig dikt. Det kan også lesast som eit sjølvbiografisk dikt om treåringen Helge Rykkja. Har nokon gjort akkurat dette, lesi det sjølvbiografisk, i tilfelle har eg ikkje fått høyre om det.