Ein humanist som avantgardistisk poet? (Kort)
I kunsten opererer ein med omgrepet avantgardisme, og Jahn Thon har festa “avantgardist” på meg (frå 1966) i boka si (1995) om tidsskriftet Profils alle skiftande fasar. Sjå meir frå Thons bok i del fem. Kva går avantgardismen min heilt frå debuten ut på, og kva går skrivemåten min i det store og heile ut på? Noko vil du få greie på ved utdraga frå bøkene og i kvar kort bokpresentasjon.
Kort formulert: Den litterære måten min er ein open og ønska konkret poesi som også kommenterer og reduserer (ved å bruke) litterære sjangrar og ofte allslags “myter”, samtidig som poesien min kommenterer og reduserer samfunnsmessige skrankar eller institusjonar, t.d klassestaten/klassane – eller t.d familien, og det vil seie familieformer. Alt fordi eg er humanist. La dette vere ein rapport (10/10-04) om innhaldet i poesien min og den rolla eg trur eg ønskjer å ha.