Å tematisere det konkrete…
På denne nettstaden – som elles krinsar inn forfattarskapen min – der ønsker eg:
- å tematisere det konkrete,
irekna: å studere redsla for det konkrete - og irekna: markere omvegane om det konkrete,
og eg ønsker å skildre vegane til det konkrete for å få folk til å følgje desse tryggaste og finaste vegane.
Og dette gjer eg ikkje fordi eg er reindyrka og einøgd og innsnevra filsofisk empirikar eller skeptisist eller noko slikt, slett ikkje.
Men: Eg er dedisert poet. Og eg les all slags poesi. Og eg høyrer all slags musikk og ser all slags kunst etc. Trur eg nok.
Eg kan vel vise til t.d artiklane “Konkret i Poesi?” og Min skam – og t.d til den artikkelen som var tinga av Kuiper.
Likevel ønsker eg å ta eit visst atterhald her:
Det som før og for lenge sidan er blitt sagt om dikta mine og om tradisjonane som eg skriv i, har eg klårt modifisert, har eg argumentert imot og funni etterpåklokskap til. Like gjerne kan dette som eg har prestert å formulere på denne toårige nettstaden, vise seg – ved nærmare ettersyn av andre – å vere både for snevert og for subjektivt og for nærsynt. Eg er open for det.
(august 2006)