Eit hus mellom andre

 
Ein mellomting, er det sagt om meg

Mi tid er brulagt
med endelause, gode forsett.
Eg er den mellomste Bukken Bruse.
Oskeladden er eg ikkje.
Og det halve kongeriket
vinn vi ikkje ved kommunevalet.
Kva gjer eg ved brua?
Mi tid er brulagt. Eg er ein mellomting