Eit hus mellom andre

Dikt
Utgitt av Aschehoug, 2003


«Eit hus mellom andre» er havboka i forfattarskapet mitt, hav i øverført og alltid i heilt konkret tyding; som ei tilknyting til familiært utspring – og hav som følgjesvein, «Havet er på alle kantar». I «Eit hus mellom andre» peikar biletet av havet på samband, og på det som fører utover og på det som knytar eit liv i hop. Boktittelen «Eit hus mellom andre» myntar på dei familiære røtene mine, som eg problematiserer og trekkjer fram tydlegare enn før i noka bok. Samtidig myntar Eit hus mellom andre på sosiale skildringar.

Les bokmelding av Sjur Andersen på poeten.no; og les Mariann Enge i Aftenposten, som ikkje tar kunstsynet mitt for god fisk (ho las intervjuet i Telemarksavisa), men kjenner «sterke litterære kvalitetar».

Det finst positive bokmeldingar frå NRK (på nettet) og Morgenbladet (ikkje gratis på nettet) og Varden (på nettet), og det finst ei negativ melding frå Dagbladet (på nettet), der meldaren bl.an seier at eg har skrivi om sjukdom, det er noko eg ikkje har gjort. Om lysta kjem til å skrive om sjukdom, får eg gjere det straks. Men derimot i «Slutningar til knes» (året etter) der har eg iallfall diktet (s 59) med tittelen «ein brist ved sjukdom», som rapsar over området. Sant er det, det ser eg klårt, at også av uforståande eller uforståeleg kritikk så kan ein bli inspirert til å skrive dikt.

Morgenbladets Endre Ruset heldt fram i si bokmelding at det konkrete utgangspunktet i «Eit hus mellom andre», som ein kan likne med eit foto-album, er eit overtydande album og eit album som lesaren kan identifisere seg med, medan Dagbladets Helge Torvund forsto og påsto dikta som «private punkt». Punkt er noko lite og uviktig noko i samanhengen med dikt, forteljande og folksame Rykkjadikt. Her er nok den største skilnaden og den diametrale motsetnaden innafor resepsjonen av boka. Ver så god.

Her kjem du inn på forlaget sin netthandel .

Har du lesi heile boka, eller har ho framføre deg no, kan du prøve quiz med tre eller med tolv spørsmål, under side 11 & under side 12. Nærmast ein slags litterær spøk med plass til kunnskapstørsten som finst rundt dagens kunnskapsquiz.