Edith Piaf tilbake

Poster av filmen Edith Piaf La vie en rose

Etter fransk målestokk kom Edith Piaf frå artistambisjonar i ein enkel familie, ambisjonar som ho tok med seg frå tidleg alder. Det vil vere eit hardt liv å prøve å overleve i show business, noko filmen om Edith Piaf syner oss. (Filmen blei lansert i februar og hadde ordinær kinopremiére i Noreg 30.mars.) ”There’s no business like show business”. Og det manglar ikkje på dramatisk stoff å låne frå Edith Piafs liv, når ein prøver å fange livet hennar – og songane – inn på spelefilm. Denne nye filmen byggjer både effektivt og overtydande opp for sluttsongen Je ne regrette rien! (”Æ angre ittjnå!”); ein song som da kronar filmforteljinga. Filmen bryt delvis sund verkeleg kronologi for å følgje opp draumane hennar. Men til den internasjonale lanseringa så låner filmen heller den ironiske songtittelen La vie en rose (Kan eg da seie ”Det rosa livet” – eller passar «Livet i rosa» betre?).

Hald fram å lesa Edith Piaf tilbake

Pogostick like Peter Smart. Omsett poesi

Dagrun Bennett, som bur i Franklin, Indiana, har sett om til engelsk dei følgjande dikta frå Poesi (1968). Mi bokutgjeving BOK, som eg seinare vil presentere eit utval frå på engelsk, det var mi aller første bokutgjeving (1966).

Utvalet her frå Poesi er elles henta frå Jan Erik Volds innhaldsrike antologi Poesi 14 X 14 (1971). Eg takkar han for lånet. Og eg takkar Dagrun Bennett så mykje for omsetjinga.

HR

Hald fram å lesa Pogostick like Peter Smart. Omsett poesi

Dans (ropte fela)…

Av og til kjem det dansefilmar eller heile dansebølgjer eller idolkonkurransar for dans eller læreplanar i skoleverket kor dans er promotert. Dette interesserer meg, bl.a som tidlegare musikklærar. I 1980åra dreiv eg ei kulturpolitisk verksemd gjennom spaltene i Klassekampen. Eg er positiv, og meir enn det, til all dans. Og da – som alltid elles – argumenterte eg mot dokrinær segmentering av kulturen, for ikkje å seie mot fint innpakka synsing eller for den del mot plump tåkeleggjing av eigen snevre smak og eigne fordommar. Ja. Eg skreiv også om dans innimellom som amatør.

Hald fram å lesa Dans (ropte fela)…

Gasspedal sitt format

adressa til biblioteket gasspedal

Eit nytt bokformat er blitt lansert. Bokformatet er eit mindre. Og det er noko som går enkelt ned i dei mange lommene, slik som tidlegare søte ”Ord om kjærleik” gjorde, eller ”Shakespeares sonettar” eller andre svisker gjorde. Men bokformatet eg snakkar om her, er noko enkelt å produsere, utan å investere mykje kapital på farge eller forseggjort rygg. Formatet er til dels det som poeten kan utføre heime på kjøkkenet og arbeidsrommet, nyeksperimentere med og dermed få dette snarleg vist for eit publikum.

Hald fram å lesa Gasspedal sitt format

Min skam?

Dag Solstad. Foto: Oktober forlag

I april underviste eg forfattarstudentane på Bø i essay-sjangeren, og der sitjande roleg og pent i det hestesko-forma auditoriet skreiv eg det følgjande essayet, eg gjorde det for å gå føre og svare også sjølv på ei oppgåve som alle studentane hadde fått av meg og av den dåverande faste læraren, Eivind Røssaak. Utgangspunktet for meg og mi skriving var, forutan å ta opp «skam», å analysere skamma rundt akkurat det diktet mitt som mange kan: Det er ikke noe i veien med ørene mine. Her kjem forsøket mitt:

Hald fram å lesa Min skam?