Metode for politisk roman

Armand V av Dag Solstad | © New Directions

Nettstaden har begynt på nytt år, liksom mangt anna har begynt på nytt år. Rundt denne tida plar ein kvar gong å oppsummere hendingar og tendensar i det som har vori. For meg er det fleire saker i fjor som eg kunne stoppe opp ved no og streke under. I fjor hadde eg ein mindre kommentar til usemja om Dag Solstads roman var ein politisk roman:

Hald fram å lesa Metode for politisk roman

Leiting etter arbeidarlitteratur

For kort tid sidan knelte den karakteristiske bukk-krana på Tangen Verft. Og etter meir sprengingsarbeid gjekk krana i bakken, slik at ein over store delar av byen kunne kjenne grunnen riste. Bukk-krana som har vori eit landemerke, blei bygd i 1966, altså for førti år sidan, på den tida da Tangen Verft konstruerte seksjonar til supertankarane på opptil 300 000 tonn. 

Hald fram å lesa Leiting etter arbeidarlitteratur

Talskvinne for Tsjetsjenias gløymde offer

Lidija Jusopova fekk Rafto-prisen

Det var ein mørk kveld i november. Olav og Lydia hadde invitert meg til å sitje på med dei frå Kragerø til Gjerstad, til eit møte der med den tsjetsjenske vinnaren av Raftoprisen. Kva gjer Russland i Tsjetsjenia? Vel ute av Telemark, på det flate raske og rette E 18 gjennom Brokelandsheia passerte vi Lyngrillen og begynte å sjå etter Fiane skole, der møtet skulle vere, og vi var komne i god tid. 

Hald fram å lesa Talskvinne for Tsjetsjenias gløymde offer

Ein biletanalyse, 1832

frå to kulturpolitiske parti

Går det an å kalle Mjøsa ein pupp? Er det rett å skildre Mjøsa som Noregs hjarte? Eller for å spørje på ein annan måte: Kva for premiss ligg til grunn for forståing av poesi? Eg trekkjer her fram ein kjend historisk kontrovers frå 1832…

Hald fram å lesa Ein biletanalyse, 1832

Biografiar i stort

Ekteparet Marie og Knut Hamsun (1930)

Hugsar vi i fjor? Det var Marie og Knut i fjor. Om Marie og Knut har vi hatt filmar og skodespel – og i fjor haust kom altså to store biografiar. Det vil seie at Kolloen skreiv om Marie og Knut, i alle media, og Jørgen Haugan gjorde ein «litterær biografi om Knut Hamsun»: Solgudens fall. Solguden er personen Knut Hamsun, som løyser seg frå nesten alle menneskelege band for sjølvutfaldinga si. Også i år, under hundreårs-jubileet for den frie norske nasjonen, kan det vere grunn til ein ny repetisjon eller gjennomgang av tilfellet Knut Hamsun.

Hald fram å lesa Biografiar i stort

Eit sosialrealistisk småstykke

var tittelen på ei soge, som eg sette inn i avisa Klassekampen rett før jul 1983 – med tanke på bokhausten dengong og forsynt med ei anna og personleg rettskriving, slik du ser snart, enn den eg vanlegvis bruker no til dags. Grunnen til at eg trykkjer denne soga opp att, er at eg skriv på noko nytt om Ellen Einan, og at eg vil minne om den vanskelege boksituasjonen for dikt alt så lenge som over tjue år tilbake – for til dels å jamføre med noverande kritiske boksituasjon (nett i dag når det pr mai er gjort ein ny og tvilsam bokavtale for bokmarknaden i Noreg, med staten som pressmiddel og siste skanse på valen).

Hald fram å lesa Eit sosialrealistisk småstykke

Politiovervaking av intellektuelt arbeid?

…..Politiets overvakingsteneste….

I 1966 kunne ein journalist, på grunn av lekkasje, avsløre at Cornelis Vreeswijk blei overvaka. No etter 37 år har den interne kjelda i over-vakinga stått fram offentleg og stadfesta påstanden. I Aftonbladet for 3. og 4. mars og i Aftenposten for 3. mars går det fram korleis Säpo overvaka svenske artistar, forfattarar og intellektuelle.

Hald fram å lesa Politiovervaking av intellektuelt arbeid?