Jan Erik Vold og Jan Erik Vold

Jan Erik Vold. Foto: Riksteateret

Det blir ein varm sein september i 1999, delvis med flaumfåre. Eg ser ut på roleg oljeblankt vatn på Bærøy-fjorden ein augneblink. Såg Jan Erik Vold på skjermen gle seg over Georg Johannesens «gjenkomst» med Ars Vivendi – over ein 1959-forfattar som prega heile generasjonen, heile sekstitalet i Noreg, dei som var da og som er middelaldrande og sindige og blitt rekneskapspliktige nå. Jan Erik Vold sit ved sida av Johannesen. Jan Erik Vold beherskar og bruker moderne media. 

Hald fram å lesa Jan Erik Vold og Jan Erik Vold

Karin Boye dukkar opp

Den svenske lyrikaren Karin Boye
FOTO: PRESSENS BILD

Karin Boye dukkar opp. Eg kjøpte Karin Boyes samla på Tanum, ja. Men la meg først ta noko av det tilsvarande for Arnulf Øverland. Han har avgjort nokre ”svisker”, t.d Du må ikke sove. Og sviskene er kjenneteikna av ein engasjert, meislande stil, som tiltok seg, heilt frå 1920-åra og gjennom 1930-åra.

Hald fram å lesa Karin Boye dukkar opp

Södergran og Södergran

Den svenske forfattaren Mara Lee
 Foto: Jonas Ekströmer

Den svenske forfattaren Mara Lee heldt eit todelt foredrag på Lillehammerfestivalen 2006, den eine delen var om Caroline Bergvall, den andre delen, som eg skal ta føre meg her, var essayistisk om forståinga av kjend klassisk litteratur, August Strindberg og Edith Södergran. Eg har møtt og sitert Mara Lee før. Her er Gunnar Wærnes sin presentasjon av henne frå ÆÅ-festivalen i fjor . Mara Lee var m.a seminarleiar der.

Hald fram å lesa Södergran og Södergran

Kjennskap til Georg Johannesen

utgåve med to av GJs diktbøker

Forfattaren Georg Johannesen, som var fødd i 1931, døydde no 24/12 2005 i Egypt. Kort uttrykt var Georg Johannesen portalen til 1960-åra i norsk lyrikk og til norsk ny politisk venstreside. Han var ein stor analytikar. Den analytiske evna hans var både frykta og respektert.

(1) Georg Johannesen debuterte i 1957 med romanen Høst i mars om norske terroristar. To år etter kom Dikt.

Hald fram å lesa Kjennskap til Georg Johannesen

heikki heikki igjen

heikki heikki – foto i 1973 – ntb

Rundt kaféen Paletten ved Lille Lungegårdsvatnet i Bergen fanst på slutten av 1960-talet eit ungt og ekspensivt litterært miljo. Alderen på deltakarane var tjue år pluss/minus. Dei hadde rask og stor framgang; for åtte av desse folka deltok i ein antologi som forlaget Pax gav ut i 1969 i den nystarta lyrikkserien sin – under tittelen åtte fra Bergen. Og få år etter hadde både Stig Holmås, Alf T. Larsen, Gerhard Stolz, Rolf Larsen, Arild Steen, heikki heikki og Ceceilie Løveid, sju av dei, debutert med eigne utgjevingar. 

Hald fram å lesa heikki heikki igjen

3 artiklar/ essay i bokform

Jan Erik Vold har lytta på noko og tenkjer etter? Foto tatt frå nettet.

1: Artikkelen Jan Erik Vold og Jan Erik vold i boka med same namn (utgitt 2000) frå Flisa-seminaret 1999 vigd Jan Erik Vold. Eg prøver ut fem hypotesar om heilskapen i Volds verksemd, om jazzen i forfattarskapen, om medie-mannen Vold, om den anti-akademiske tradisjonen Vold begynte si verksemd innafor, om den tolerante Vold og om versjonar i året 1966, versjonane gjorde med Vold sine ulike verk (jfr. ein tittel som Mor godhjertas glade versjon. Ja).

Hald fram å lesa 3 artiklar/ essay i bokform

Systemdikt – ? Litt om Inger Christensens det

1. Første notat 

Vi startar i Noreg midt i 1960-åra. (Men hovudeksemplet blir dansk.) Da Georg Johannesen i 1965 gav ut dikta «Ars Moriendi eller de syv dødsmåter» (kunsten å dø, eller kunsten dør, – tru?), var det brukt system og dei sju dødssyndene etter tur gjennom kvar si veke alle dei sju vekedagane med dikt etter dikt på tre ganger tre vers. Men ikkje det enklaste å lese for nokon lesar, heller ikkje i dag, meiner eg, med desse dikta sine tankesprang og mørke bilete. Men boka er for lengst utropt til den beste norske diktsamlinga i det førre århundret.

Hald fram å lesa Systemdikt – ? Litt om Inger Christensens det