Conrad Nicolai Schwach 9/9

Og her er haustsong av Conrad Nicolai Schwach på sin plass

Til Diktets Venner kjem Arild Stubhaug med foredrag om den norske diktaren Conrad Nicolai Schwach, ein svært interessant figur. Skien og Telemark har noko å gle seg til. Noko av det kjende ved han er songen som fungerte som norsk nasjonalsong før nasjonalromantikken og før Bjørnsons Ja, vi elsker, nemleg songen Mens Nordhavet bruser. Schwach sin song byrjar som Bjørnsons med havet og kyststranda. Dannebrog er namnet på det danske flagget, og Danmark var Noreg i union med som juniorpartnar fram til året 1814. I 1814 var Schwach 11 år, men han blei snart ei leiande diktarleg kraft i Noreg. Teksten under er modernisert i ortografien.

Hald fram å lesa Conrad Nicolai Schwach 9/9

Bjørnson igjen

den yngre Bjørnstjerne Bjørnson 

Eit nytt år går og eit nytt år kjem. I fjor blei det feira for Edvard Munch eit hundreårsjubileum på grunn av at Munch i 1909 no vende heim frå utlandet og slo seg ned i Noreg, nærmare bestemt Kragerø, og dermed innleidde ein ny fase i kunsten sin, som romma nye monumentale verk og samtidig nærare kontakt med det norske livet. Aula-dekorasjonane (sola) er det mest kjende som blei til.

Hald fram å lesa Bjørnson igjen

Multikunstnarar

kjend multikunstnar: Jenny Hval

*Om Jenny Hval på Audiatur, om Kristopher Skau – ja – og Oddvar Thorsheim.

Enkelte får merkelappen multikunstnar på seg. Kva er ein multikunstnar? Frå naturen si side er vi alle multikunstnarar som kan alt. Iallfall verkar det slik når ein ser og høyrer born og kva dei får gjort med å skape og uttrykke. Men seinare kjem så dette yrket til, iallfall for oss vaksne, med tunge strategiske val å ta.

Hald fram å lesa Multikunstnarar

Romanar OG barnevers?

– ein allsidig forfattar: Knut Nærum Scanpix

Forfattaren Knut Nærum var nyleg på vårt lokale bibliotek og las frå verka sine, for 180 tilhøyrarar. Han har jo desse mediakritiske første verka sine med til dømes parodi på norsk litteratursoge. Og han har nyskodde oppfølgjarar av André Bjerke sine kriminalromanar. Han har òg fersk barnebok med vers der det går ille med SLEMME BARN, sterkt inspirert av ein såpass mykje eldre oppfostrings-litteratur som Margrethe Munthes. Eigentleg er dette frå Nærum ganske velgjerande litterært:

Hald fram å lesa Romanar OG barnevers?

Feminisme tidleg

Ein av dei første,
Marie Takvam.
Foto: Karina Jensen/SCANPIX

Kvinnesaka kom først; seinare kom feminismen til Noreg. Ein av dei første nyfeministane her var vel Marie Takvam, som nett no er død, 81 år gammal. Marie Takvam var fin lyrikar. Diktet Ei kvinne gav ho ut i 1962, dette var ti år etter debuten hennar som forfattar og om lag på den tida som Marilyn Monroe blei funnen død, og det var eit år føre John F. Kennedy blei skoten og føre Beatles sin enkle Love me do slo gjennom. Diktet Ei kvinne blei gitt ut ti år før både Kvinnefronten og Nyfeministane blei starta og stormen var i gang om politisk vinnande feminisme, ein prosess som sidan har gått vidare til denne dag, når så mange slags menneske i grunnen reknar seg som feministar.

Hald fram å lesa Feminisme tidleg

Gabriela Mistral og César Vallejo

Gabriela Mistral 1889–1957

Latinamerika har ei rik kjelde av moderne poetar. Ein av dei utanlandske poetane som blei omsette til norsk i 2007, var Gabriela Mistral, chilenar. Ho fekk ein fortent nobelpris i 1945. Omsetjaren av Gabriela Mistrals «dikt i utval», Tove Bakke, tykkjer i utgangspunktet at dikta hennar er vanskelege å skape om til norsk. Men elles er Mistral lenge kjend over heile Latinamerika som folkeopplysar og forfattar av voggesongar og dikt for born. Ho er bl.a på pengesetlane. Diktutvalet heiter Alle skulle bli dronning. Og her er da vald ut av meg Yo no tengo soledad, som på norsk lyder: Veit ikkje kva einsemd er

Hald fram å lesa Gabriela Mistral og César Vallejo

Glad i dette landet

Poeten Edvard Hoem går ny veg

Lydbok er ein ny sjanger (ny i høve til bok), seier Edvard Hoem, som har samarbeidd med musikarar i alle år og no gir ut Du er blitt glad i dette landet (Dikt og songar 1972-1982) som lydbok. Ein ny sjanger helsar vi jo med glede. Iallfall: Dette med lydbok trur eg at forfattaren generelt gjer rett i å utnytte, og eg meiner også at samlinga frå 1982 gjer seg minst like mykje som lydbok som ei vanleg diktsamling. Så prøv berre å høyre. Da dikta Du er blitt glad i dette landet kom ut sist, hadde eg den følgjande meldinga i Klassekampen. (Og eg brukte ein heilt annan rettskrivingsnormal i 1982:) 

Hald fram å lesa Glad i dette landet

Kva med Helge Stangnes?

Poeten Helge Stangnes
FOTO: BIRGER CASPERSEN

Kva med visepoeten og poeten Helge Stangnes? Poeten frå Troms, Senja. Artikkelen min under om Helge Stangnes har eg skrivi på oppdrag, – og står i tidsskriftet Kuiper (1-2 2007) med ein tydeleg redaksjonell merkelapp (sitat):

Hald fram å lesa Kva med Helge Stangnes?

Topografi mot romantikk

Rolf Jacobsen (1907–1994)
Fotograf: Geir Olsen | © VG/NTB Scanpix

Dei er interesserte i klassisk og annan førromantisk litteratur, desse poetane: Både Georg Johannesen og Kjell Heggelund av poetane i Noreg kan reknast hit. Frå ein mykje seinare generasjon kan nemnast Øyvind Rimbereid, han er aller mest kjend for diktsamlinga Solaris korrigert, som kom for eit par år sidan. I fjor gav han ut ei essay-samling, Hvorfor ensomt leve, som både ber preg av sjeldan stor interesse for førromantisk dikting, og som gjev eit grunnlag for – slik eg ser det – hans eigen lyrikk. Ikkje minst syner det lange essayet Om det topografiske diktet heile nedslagsområdet for det han diktar og skriv. For meg er tankane hans lærerike og inspirerande. Ronny Spaans melde Rimbereids essaysamling med entusiasme i Dag og Tid .

Hald fram å lesa Topografi mot romantikk

Dikt som teater

Dikt som teater finst. Eg har sjølv, som ein ikkje teater-mann, kommi til å skrive slike dikt og plassere dei nesten uforvarande i diktsamling – mellom heller typisk poetiske dikt. Men eg har også alltid lært å setje pris på samlingar av teaterdikt, slike som dei hos Vladimir Vysotskij – . Her skal eg ta utgangspunkt i diktdøme frå kabaretartisten – og multi-kunstnaren Elsa Kvamme. Teksten er lytta på (frå kassett) men dertil planka frå Kvamme si bok Ting som små piker liker (Cappelen, 1991):

Hald fram å lesa Dikt som teater