Solidaritet i litteratur

Lina Undrum Mariussen debuterer med dikt på Oktober. Boka har fått tittelen “Finne deg der inne og hente deg ut”. Og det dreier seg om forteljing rundt to søstre med ein viss avstand i alder, men plasserte saman i geografien. Temaet blir uvanleg og utfordrande solidaritet og kjærleik. Opningsdiktet presenterer kort (men allsidig litterært) oppvekst for søstrene:

Oppvokst ved elva
søstre med strøm i blodet
årer i hendene
båtens bredde i hoftene


to sundjenter som knyter opp knuter
klyver i båten
og skyver ifra


vi frakter hverandre over
med seige tak
krever ikke mynt under tunga
vi handler bare med levende

Sistestrofa av dette diktet har referanse til Osamannen, ferjemannen, hos Olav H Hauge. Men så – etter presentasjonen over – skjer det noko fatalt. Og denne delen av boka, som består av enkeltdikt, syner det avgjerande; slik som side 17:

hendene mine forstår noe
som jeg ennå ikke har forstått
de holder glasset mot munnen din
de gjør det ikke vanskelig
å mate et voksent menneske
de får det til å se enkelt ut
å holde andres gråt i hendene
de følger en oppskrift
jeg ikke kan huske å ha lært
hvordan kan jeg ha unngått å få med meg dette
som hendene har visst om bestandig


jeg legger hodet ditt fra meg og går ut
i hagen, der åpner jeg ansiktet alene

Også her er Olav H.Hauge inne som allusjon (tilvising): I det å alltid ha visst om noko. Sjangeren hos Mariussen er ein heilt annan sjanger enn kreft- og dødslitteraturen i dag. Sjangeren er ein heilt annan sjanger enn den unge morslitteraturen eller son-farlitteraturen. Dette hos Undrum Mariussen er ein grenselitteratur, ein sterk grenselitteratur for oss. Sjå til dømes første avsnitt av bokas del 2: 

Jeg er bygd med muskler og vilje
og fett, det er ingenting
spinkelt ved meg
jeg betrakter mine egne rumpeballer
i speilet, mine kraftige lår
så bombastisk kvinnelige
mot dine blå kalveaktige føtter
som jeg løfter opp og varmer i fanget, jeg bærer rundt på
de tyngste forestillinger, jeg bærer mat i små biter og håp i halsen
så er jeg ute i skogen, der
blir det helt stille i meg
så står jeg på en stubbe og roper: hva skal jeg gjøre
med alle skoa dine        og den grønne kåpa i skapet
hva skal jeg si til alle dem
som venter i oss

I dette diktet er det skildringa av det kvinnelege i kropp som får ein ny dimensjon, som det er forvitneleg å merke.

Det finst ein ny unggenerasjon av forfattarar representerte ved til dømes Lina Undrum Mariussen og Ingrid Z Aanestad (gjeve ut 2 romanar), dette er forfattarar som utfordrar ved eit relativt enkelt og forteljande språk og nye eller vesentlege og kompliserte tema rundt solidaritet og kjærleik. 

Ps 26/3-2012:

I går, under årsmøtet til Den norske Forfatterforening, fekk Lina Undrum Mariussen tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2011. Og forlaget hennar opplyste om at boka snart vil liggje føre i pocket-utgåve.

Små-sporven

Og so – kvitt-kvitt, gomår’en! 
Foto: miljolare.no

Vakna her om dagen til tett fuglesong til og med ein regnversmorgon. Og da tenkte eg straks på ”Små-sporven gjeng i tunet” med Catarinus Ellings gamle heiderskronte melodi, som Deep River Boys fall for. Ja, Elvegutane og ”Små-sporven” ligg ute på nettet i opptak. Teksten er Arne Garborg sin (og ikkje Trysil-diktaren Einar Skjæraasen sin, slik YouTube feilaktig fortel).

Hald fram å lesa Små-sporven

Dugnad – å gjennomføre dikt

Paal Bjelke Andersen
m/ Dugnad

Paal Bjelke Andersen går opp igjen vegane i poesien gjennom debutboka si Dugnad, og han gjer dette spennande, reisa blir spennande.

Hald fram å lesa Dugnad – å gjennomføre dikt

Aksepterande og forsonande

Halvard Foynes.
Foto: Jo Michael

Det kan vere teikn på mogne tankar når folk har eit presist sjølvsyn eller vågar å lytte godt til andre sine syn på tilhøva. Ja. Noko av det mest forsonande og aksepterande i norsk lyrikk nett no, det er Halvard Foynes med den nye boka Douglasgrana i Botanisk hage. Eit stykke ute i diktet Uten å etterlate spor – der står dei observerande tre linene:

Lidelsen er visket ut
og jeg er blitt en eldre, gråhåret mann uten framtid,
i strålende humør. (...)
Hald fram å lesa Aksepterande og forsonande

Samtaler (med ein sauebonde)

Hei Terje Thorsen!

urban(ist) med røter nordover

Brev er ei mykje brukt litterær form, også i dikt. Du er ein kul type, og boka di – Samtaler med en sauebonde – er fin å bla i, er lekker å halde i handa og startar sterkt med diktet gutunge fra kirkegata. Eg skriv no eit brev til deg. Har lånt boka på biblioteket. (Eg tar ikkje imot bøker frå forlaga, dvs etablerte forlag, noko som Flamme Forlag, forlaget ditt, er.) Eg har lese gjennom boka og spør meg om du ikkje har gjort deg ferdig med å skrive beatpoesi no? Alt dette eg kjem med, går fram av boka di, meiner eg. Eg meiner du har vore gift såpass lenge og hatt same og siste jobben såpass lenge. Og: Du veit kva forvirring er. Og du er like satt og samvetsfull som det eg er. Bevaremegvel.

Hald fram å lesa Samtaler (med ein sauebonde)

Hoems foredrag

(…) 
Vår ære og vår makt
har hvite seil oss brakt. 
(…)

Skværrigger på veggmålarstykke av Kjell Martin Nilsen – .

Hoem var her – det var sommar ute, men det var heilt fullt på biblioteket i Kragerø, i god tid. Og han tok sitt Bjørnson-foredrag, som delvis er bygd på første del av biografien frå seinhaustes i fjor. Og andre del av Bjørnson-biografien skal deretter komme ut i haust (medan tredje del: «når Gud vil») kjem seinare. Fortalde Hoem forsamlinga.

Hald fram å lesa Hoems foredrag

Den yngste

Slik byrjar ei bok: “Min søster har store og sterke lunger, og kan være under vann en hel dag hvis hun vil. Hun får så blå øyne og så lys hud.” Når den vellykka poeten Ingvill Solberg skriv boka den yngste, spelar tittelen på den yngste av søskena, den yngste i ein søskenflokk. Den yngste her er ei jente. Men boka viser mykje til “brørne” og til den ekstra svømmedyktige og spesielt eventyrlystne og svømme-interesserte søstera.

Hald fram å lesa Den yngste