Ville markene då eksplodere?

Ei afrikansk stemme som vil vere fredskapar, skreiv diktet under. Føre Rwanda-massakren i 1994, blir det opplyst. Og er dette diktet ikkje framleis aktuelt for verda vi lever i?

SKOTVEKSLING OVER MARKENE




Så du trur dette er borgarkrig?
Har leoparden to halar?
Dette er Afrika sin verdskrig:
Granatar frå Russland.
Stridsvogner frå Storbritannia.
Gevær frå Sør-Afrika.
Jagarfly frå Frankrike.
Rakettar frå USA.
Strategi frå Kina. 
Kjemikaliar frå uvisst hald.
Kunne det blitt krig utan dette våpenstellet?
Om dei militære var væpna med spyd og piler,
ville markene då eksplodera?
Ville borna stå lemlesta tilbake?

Forfattaren er Patricia Schonstein-Pinnock, ei kvinne som bur i Cape Town. No har Per Olav Kaldestad gjendikta henne og viser til utvalet hennar The Unknown Child (2009). Dikta har mange motiv frå ulike afrikanske land. Forfatteren syner gjennom dikta også styrken i vennskap og kjærleik. Den norske boka har fått tittelen DET UKJENDE BARNET.

Etter både Libya og Mali/Algerie er Afrika drege enda meir inn i analysen av kva som går føre seg i verda. Og afrikanske land må belage seg på vegen som fører inn mellom to djupe grøfter: mellom utbyttande økonomiske stormakter, som ofte er tidlegare koloni-herrar, på den eine sida, og på den andre sida dagens stadig sekteriske, men aukande, terror-krig. Kan hende må dei meir fridomselskande landa av dei gjere det same som Sør-Amerika, samarbeide seg imellom.

Ja, gjendiktaren og forlaget som står for DET UKJENDE BARNET, forlaget MARGbok, slo til i rett tid… Boka finst no i bokhandlarane og i biblioteka.

*

Schonstein-Pinnock blei fødd 1952 i Zimbabwe (Rhodesia), og derifrå flytta ho seinare til Cape Town, Sør-Afrika. Dette blir greit opplyst i boka, som er utstyrt med etterord og med forklåringar til enkelte fakta. Eitt av fleire dikt som er daterte med opplysningane Zimbabwe 2008, er dette teater-aktige:

SEI TIL BROR MIN
Bulawayo, Zimbabwe 2008



Sei til bror min
eg er skinn og bein no.
Leit han opp der i Cape Town,
sei at eg snart ikkje har tak over hovudet
for i mange månader
har eg ikkje hatt pengar til husleige.
Her er ikkje straum.
Vatnet er stengt.
Maten kostar for mykje.
Sei til bror min
at han kjem ikkje til å kjenna meg
for ansiktet mitt er magert.
Eg er eit siv.
Sei til han
at han godt kan senda litt grovt mjøl
eller jamvel litt ris.
Noko lite berre.
Sei til han at me er av same blod.
Han må ikkje gløyma meg.

Jubileums-år sin poesi

Året 2013 er hundreårsjubileum for kvinneleg røysterett i Noreg. Eg sit med ei bok som er skriven av kvinner. Ein lesar som verkeleg har vore interessert i og følgd med på poesi som blei dikta rundt i verda og gjennom mange år, er Hanne Bramnes. Og ho var det som tok initiativ til bokserien «Stemmens kontinent», som Cappelen Forlag har gjeve ut. Hanne Bramnes har vore redaktør for denne serien. Serien har presentert kvinnelege lyrikarar frå alle verdas kantar. Og Bramnes er sjølv ein røynd gjendiktar i tillegg til å vere poet.

Hanne Bramness er gjendiktar for det samla Stemmer i andre hus.

No har Hanne Bramnes gjeve ut eigne gjendiktingar av 11 poetar, med tittelen Stemmer i andre hus. Stemmer – det er både noko personleg, men det er også å ytre seg, tenkjer eg… Interessant er det å sjå poetane plasserte i same band. Den omfangsrike boka på 186 sider kan sjølvsagt også fungere som ein introduksjon til kvar enkelt gode utanlandske poet, inkluderte dei som det alt finst gjendikta større utval av på norsk, i ei heil og separat utgjeving.

Hanne Bramnes, som også er poet sjølv, ho vil vel nytte høvet, det innbiller eg meg, til å uttrykkje seg på ein litt annan måte når ho er gjendiktar, ja kanskje gjere det meir forteljande eller direkte enn poeten er van med å gjere på sitt eige norske diktspråk… Og kanskje kan norsk poesi lære noko av Stemmer i andre hus?

Dei 11 original-forfattarane i boka (ordna etter fødselsår) er:

  • Mirabai
  • Mina Loy
  • Mririda N’ait Attik
  • Denise Leverlov
  • Jane Cooper
  • Kamala Das
  • Frances Horowitz
  • Selima Hill
  • Anne Waldman
  • Frances Presley
  • Teji Grover

Ein kunne sjølvsagt plukke og sitere dikt frå ulike av desse forfattarane, men eg vel å sitere nokre frå over midtvegs i boka, dikt Selima Hill er meister for, og først blir det to dikt som står etter kvarandre på kvar si side i boka:

ARMBÅNDSUR


Hun hører de små nettene inni det tikke
som stjerneløse netter i hemmelige ammunisjonslager

der kvinner med stramme krøllspenner på alle fire
snubler over hverandre i sin iver etter tilgivelse
INGENTING


Fordi hun er utkjørt
og forvirret

og ikke har lyst til å krangle,
og ikke kan snakke

drømmer hun om ingenting
i tusen år

eller det sjukesøstrene muntert kaller
ei uke

Selima Hill, som har uttalt at «ømhet (tenderness) er en enda mer forbudt følelse enn sinne», går vidare i dette diktet her:

HVER KVELD GJØR VI VÅRT BESTE FOR
Å ELSKE DEM


Hver kveld gjør vi vårt beste for å elske dem
og noen av oss gjør det faktisk!
De holder seg hjemme i varme par
og kryper sammen og ser timene gli forbi
som brett med jordbærsyltetøy og jordbærgelé.
og de som ikke gjør det
ser opp til dem som gjør det
og beundrer dem
slik en kan beundre pels
som gir inntrykk av å vite nøyaktig hva den skal.

Dikta av Selima Hill er henta frå boka Gloria: Selected Poems (2008). Dei to neste dikta som eg vel ut av engelske Selima Hill (1945-), dei står etter kvarandre (i Stemmer i andre hus) og er korte. Har ho ikkje også her i det korte ei sterk og direkte røyst, som gjendiktaren tar ut i ei munnleg form? Hanne Bramnes må vere stø i kvardagsengelsk.

GÅ FRA DEM


Gå fra dem.
De må aldri forstyrres.
Mødrene våre hatet alt vi sto for
og det gjør de også.
Ikke smil til dem.
MÅNEN


Den skinner over plenen.
Den skinner for meg.

Jeg vet at den gjør det.
Min mor vet at den ikke gjør det.

Ps 20/1-13

Kva er typisk norsk i dag, vil eg innom. Vi starta denne artikkelen med foto av Stortinget og av gjendiktaren Hanne Bramness. Dette er norsk, så langt. Å gjendikte poesi frå det store utland er norsk. 

Det mest norske i dag er Kon-Tiki, det er (dei verdsomspennande) statsselskapa Statoil og Telenor. (Statoil opererer i seksti land.) På godt og vondt, kan vi seie. Og Karl Marx og Friedrich Engels ville observert og tatt ut begge delar.

Folk har ein uoversiktleg situasjon, men berre dersom ein ser raskt på det. Situasjonen er uoversiktleg fordi borgarskapen, med sine pengar og marknader og sitt lovverk, har komme så sterkt tilbake globalt etter 2. verdskrig i makt og mynde; proletariatet i verda minkar ikkje, men religiøse motsetnader blir haussa opp, og krigar blir førte som ei nesten sjølvsagt sak, om Vesten står bak eller stiller seg bak. Den norske notidige borgarskapen, operativ med statlege aksjar og fond, er av den mest internasjonale sorten og syner seg over alt på kloden med eitt formål: å auke sin eigen styrke… Så dermed skulle situasjonen likevel ikkje vere så uoversiktigtleg?

Ryktet går for Høghaug

Leif Høghaug, som eg kjenner frå undervisnings- og redaktørjobb, har skrive diktboka FAMA, som eg skal sitere frå her. Høghaug satsar ikkje på store ord, jamfør det latiske ordet fama som tyder rykte eller ryktet si gudinne, men heller på dei munnlege orda. Og glade skal vi vere for det. Forfattaren har fått positiv mottaking for dikta sine, til dømes frå Espen Grønlie i Morgenbladet . Og her er lokalt intervju med avisa Hadeland .

Boka har eit slagord. Kom kom la oss vekke gudene! er boka sitt slagord. Frå boka kunne ein til dømes vald side 74 og/eller 75, side 64-65 eller side 123. Her er mykje å ta av. Eg bestemte meg til slutt for det dårande diktet som startar på side 46:

NEDFALLSFRUKT




I


Og
Her: et ektepar jeg en gang avla en høflig visitt. Bosatt
nord for småbruket far min var god for. Sjølsagt
no sabla tull
alt sammen. Men
kom fram til at høflighet - å! høflighet! - be-
tydde plass ved bordet. Hø!
pottiter fra eget jorde, og fra Samvirkelaget sild,
saltere enn dugurdsmaten


hjemme! tenkte jeg
der jeg satt uten å si no. Øøø ...
med tanke på sånt jeg senere har prøvd å glemme:
underlig - jeg husker


detta. Her: jeg står bøyd over komfyren
og steiker egg til denna fyren som søvnig sitter der
ved sida av mi skjønne 
datter. Hvem han er, og åffer prater hu
om bacon, morr og fattigfolk som eter katter!

Framhaldet av diktet (dvs del II) kan du altså lese frå side 46.

Vi treng lange dikt

Kort eller langt i poesi? Dei korte dikta er enklare i høve til skriftlege medium (enklare både ved skrivinga og lesinga). Likevel treng verda ikkje berre korte slåande diktformer og påstandar, men også det mest rommelege i uttrykk. Eg vil syne dette ved eit par styrkjande døme frå den pågåande bokhausten. Poeten Anne Bøe har skrive det intense Frostdokumenter, som består av elleve lange dikt. Og etter det første av dei elleve, så kjem diktet ”ormens vei over berget”, der eg siterer den første sida, slik:

Hald fram å lesa Vi treng lange dikt

Frå fotball til død

Multikunstnaren Odveig Klyve
Foto: Tove Elin Berg/ Samlaget

Odveig Klyve gjer vending i sin kunstnarbane. Dei to siste diktbøkene frå Odveig Klyve har handla om såpass ulike konkrete tema som soga rundt ei mor sin alzheimersjukdom med rollebytting i familien, deretter, fire år seinare, ei brei forteljing rundt fotball. I fotball er vending viktig. Sjå til omtale og forlagsopplysningar på Klyves heimeside .

I år kjem ei ny diktbok frå Odveig Klyve, som også er filmkunstnar og barnebokforfattar og opphavleg er frå Hardanger. Slik byrjar diktboka Lyden av sol:

Kom la oss falla
La oss falla
inn i tre i stein
i jern
La oss falla
inn i kroppen

Alt som er til fell saman med oss

Vi lyfter vatnet til munnen
og drikk
Dropen fell
gjennom rommet
Rommet fell
gjennom strupen

Eg kan ikkje la vere å tenkje litt på fotballboka hennar når eg les rørslene i diktet. Dette diktet blir følgd opp av fleire dikt som seier «Kom». Seinare går dikta i boka inn i det konkrete rundt at eit nært menneske døyr, i denne saka ein far. Og dette sansenære hevar bokteksten. Opningsdiktet i avdeling VI er t.d slik:

Du ber meg
om å barbera deg
du seier det er på tide no
Eg styrer knivane over kinnbeinet
Sakte blir huda di glatt og
prikkar ikkje lenger mot handflata
når eg stryk over ansiktet ditt
Du seier at 
no er du klar

I dette diktet les eg den same rollebyttinga som i Klyves bok Det andre blikket, der alzheimer råkar ein som er svært nær i livet. Det er vakkert igjen. Alt i alt karakteriserer eg Lyden av sol som nødvendig brukspoesi, dikt tileigna menneske i sorg.

Leiken er poesinær

Makrell. Foto: Stuertsyndromet

Korleis er det med fiskefangst? I år det er mykje skrei og makrell. Makrellen spelar den einsame hovudrolla i ei ny diktbok, boka ÆÆÅ av Morten Langeland frå Kristiansand. Ho startar med noko som minner både om dialektlån og om jorda si skaping i norrøn eldgammal «Voluspå»-stil:

Hald fram å lesa Leiken er poesinær

Det skjer i Odda

Slik som under byrjar eit dikt i 2012. Og forfattaren skal møte fram på “Litteratursymposiet” i Odda laurdag kl 14 den 13.oktober; han skal komme saman med den svenske arbeidarforfattaren Johan Jönson og ein annan forfattar frå Vestlandet, Erlend O.Nødtvedt. Odda er flinke på litteratursymposium og på industri, sjølvsagt, og kommunen er ein stor Hardanger-kommune som byrjar heilt inne på vidda ved grensa til Telemark. Sjå wikipedia om Odda . Mannen for Straumen går er Tormod Haugland frå Radøy, nord i Hordaland fylke.

Hald fram å lesa Det skjer i Odda

Ny rekneskap

Enkelte forfattar verkeleg elskar å ta del i den store debatten, og dei har også mykje å bidra med til debatten og til almenn folke-opplysning. Kjartan Fløgstad har skrive artikkelen Eit sant mirakel . Opphaveleg sto denne artikkelen, som fyller 2 – 3 avissider, i Aftenposten. (Seinare har artikkelen stått i mål-organet Norsk Tidend.) Kva er ærendet hans?

Kjartan Fløgstad dokumenterer den storskogen av nye nynorsk-forfattarar som har dukka opp, fleire og fleire, etter 1960-åra. I dag er dei ein mykje større del av norske forfattarar, desse nynorsk-brukarane, sjølv om det samla talet på forfattarar har auka sterkt. Kjartan Fløgstad har jobba grundig med artikkelen for riksorganet Aftenposten, og byr på både overtydande statistikk frå Ivar Aasen-sentret, på lister med nye forfattarar ved namns nemning og på historiske kunnskapar om samfunnsutviklinga i Noreg. I tillegg har artikkelen eit stort og velformulert engasjement for litteraturen og nynorsken.

Interessante bimotiv i oversikten over litteraturen er den sentrale litterære rolla som nynorskskrivande Profil-forfattarar (frå midten av 1960-åra) har hatt i 10-år og 10-år som kom etter, med folk som Einar Økland, Tor obrestad, Paal-Helge Haugen, Eldrid Lunden og Arvid Torgeir Lie. Vel, her må de berre lese Fløgstad.

For eigen del legg eg til eit døme på debutant frå bokhausten vi er inne i, Marianne Clementine (fødd 1987) med diktboka Bilydar, der hovudtema er kjærleik. Boka har ei ramme og kan samanfattast med den kortaste teksten i boka: “kjærleiken er ingen leik/ for faen”. Til dømes er arr på personane eit motiv, her er arr på eg-personen:

eg trekkjer linjer mellom
skavankane mine 


(ruglehuda. arret på kinnet.
det eine håret på haka)


for å minne kroppen
om at det finst dagar og netter
fulle av tyngdekraft


og at vi
kjenner kvarandre like lite
som forskarane kjenner
Mariannegropa

Ein kan seie at Bilydar handlar om det som Kåte dikt av Christian Refsum (frå i år) ikkje handlar om. Marianne Clementine blir  med på Oslo Internasjonale Poesifestival, arrangementet laurdag 13.okt. kl 16.


Omsette eller gjendikta dikt til nynorsk har tidlegare ikkje vore så velsette hos forlaga, men det kjem seg også her. Medan vi er i gang med bokhausten, vil eg nemne Øystein Vidnes si stivperma omfangsrike gjendikting av Fernando Pessoa, kalt: “Alberto Caeiros Poesi”. Her er ein mediterande smakebit av Caeiro/Pessoa:

EG HAR ALDRI skjønt at det går an å tenkje på ein solnedgang
som trist.
Det måtte vere fordi ein solnedgang ikkje er ein soloppgang.
Men om det er ein solnedgang, korleis kunne det ha vore
ein soloppgang?

Å bu kollektivt

Ingrid Furre har gjeve ut ei bok om bukollektivet, Kollektivet, på 144 sider og i form av reportasjedikt. (Ja, reportasjedikt er eit nytt ord som passar på denne boka, eg hugsar i farta ikkje kven det var som brukte det eller om eg fann på det sjølv, det kan vel vere det same?)

Foto lånt frå nettet, på forlaget, om Ingrid Furre si bok Kollektivet
Hald fram å lesa Å bu kollektivt

Arne Ruste står på

Som før nemnt (13/6) dominerer stuntpoetane ulike byscener i Gamlebyen Fredrikstad på laurdag. Her er programmet . Ein av poetane som bruker stuntet i poesien, er 70-årige Arne Ruste, nyleg i bokform med den svære Kretsløp. Dikt 1973-2012

Eg tykkjer Arne Ruste er god i alle fasane av forfatterskapen sin. La meg sitere DYR, det første diktet utvald frå debuten i 1973, med tittel Askeladd:

DYR




Dypt, dypt i 
deg har et rundt,
lite, loddent dyr gjemt
seg sammenrullet med hodet
mellom potene


Å, hvor
lenge skal vi
stryke det i pelsen
før det riktig tør -
Skal
Vi ruske i det med
åpne, vennlige fingre
til det
lille hjertet svulmer
av fortrøstning?


Se, det gråter
av latter når det
slipper ut.




3


Da morgenen, frekke 
fugl, fløy inn i
rommet, så jeg du
hadde modnet mellom
mine hender slik en
sommer vokser seg trygg
i trærnes bolig, og i
lattermild forundring
som når et ventet brev
klapper mot gulvet, hørte
jeg deg si. Kan du
like unger?

Stuntpoetene er tilbake, også Karin Moe har ei stor utgjeving i år: essayistiske Skrifter, ei bok på rundt 600 sider.