Sjølvkritikk for eit dikt

Han som ikkje ler og er midt på biletet, det er Georges Brassens.

For eit år siden blei eg kontakta av ein journalist som er interessert i lyrikk, for enquete om dikt, eg hugsar ikkje ordrett oppdraget, men ymse forfattarar skulle drive litt sjølvkritikk av sitt siste verk, friviljug. For meg galt det da Eit hus mellom andre (2003), og eg sette i gong med eit svar som eg har enno. Tilfellet ville at avisa fekk for få svar på ønsket sitt til poetane, tykte avisa, så enqueten blei ikkje noko av, slik inntil vidare… Dette blei eg fortalt, og eg tviler ikkje på forklåringa, når eg aldri nokon gong har sett ein enquete med diktsjølvkritikk i akkurat den avisa – eller i andre aviser, for den del. 

Hald fram å lesa Sjølvkritikk for eit dikt

3 artiklar/ essay i bokform

Jan Erik Vold har lytta på noko og tenkjer etter? Foto tatt frå nettet.

1: Artikkelen Jan Erik Vold og Jan Erik vold i boka med same namn (utgitt 2000) frå Flisa-seminaret 1999 vigd Jan Erik Vold. Eg prøver ut fem hypotesar om heilskapen i Volds verksemd, om jazzen i forfattarskapen, om medie-mannen Vold, om den anti-akademiske tradisjonen Vold begynte si verksemd innafor, om den tolerante Vold og om versjonar i året 1966, versjonane gjorde med Vold sine ulike verk (jfr. ein tittel som Mor godhjertas glade versjon. Ja).

Hald fram å lesa 3 artiklar/ essay i bokform

Baking – kortfilm og dikt

SCENE 1
Katten sin leik med musa

For eit par år sidan høyrde eg på ei diktopplesing arrangert i vertshuset Josefine, og ein av deltakarane var Thor Sørheim, som de kanskje kjenner, han las iallfall frå den nye boka si. Det blir vanlegvis ikkje tid til meir enn nokre få minutt på kvar diktopplesar i slike arrangement, men faktisk tok innsatsen til Sørheim ei særs tydeleg vending då han kom til mel-diktet sitt. Eg skal forklåre: Diktet heiter «Naken kvinne knar deigen» og er forfatta etter «Snow White», ein video av Berni Searle, Sør-Afrika; slik Thor Sørheim opplyser om i boka si. Sørheim har i boka «Hegrehøyden» ei sluttavdeling der alle dikta er reaksjon og svar på ulike kunstuttrykk, slike som installasjonar og eit måleri og ein video. Altså lar han seg inspirere av kunstuttrykk. Diktet eg oppfatta som annleis – det har bl.a ein annan syntaks – enn dikta i dei fire innleiande avdelingane, var slik (den første delen):

Hald fram å lesa Baking – kortfilm og dikt

Systemdikt – ? Litt om Inger Christensens det

1. Første notat 

Vi startar i Noreg midt i 1960-åra. (Men hovudeksemplet blir dansk.) Da Georg Johannesen i 1965 gav ut dikta «Ars Moriendi eller de syv dødsmåter» (kunsten å dø, eller kunsten dør, – tru?), var det brukt system og dei sju dødssyndene etter tur gjennom kvar si veke alle dei sju vekedagane med dikt etter dikt på tre ganger tre vers. Men ikkje det enklaste å lese for nokon lesar, heller ikkje i dag, meiner eg, med desse dikta sine tankesprang og mørke bilete. Men boka er for lengst utropt til den beste norske diktsamlinga i det førre århundret.

Hald fram å lesa Systemdikt – ? Litt om Inger Christensens det