Pionerarbeid med stemmer

Nynorsk språk har komme under åtak frå regjeringa… Eg støttar bruken av nynorsk i media, og eg støttar den viktige nynorskavisa Dag og Tid. Kanskje treng ikkje Dag og Tid i og for seg handslag frå meg, men det gjer seg generelt med støtte i desse dagar. Og derfor leverte eg, på spørsmål frå avisa, følgjande bokmelding, som sto 30/3-12: Pionerarbeid om kinesisk kvinnepoesi. Det er Harald Bøckman som har omsett dikt frå verdas første diktantologi og vald ut til gjendikting innslag skrivne av kvinner.

Hald fram å lesa Pionerarbeid med stemmer

Vaksenopplæring

Nobelprisvinnar og organisasjons-menneske og etisk sterke Sigrid Undset som ung.

Det har vore årsmøte i DnF, det vil seie i Den norske Forfatterforening. Og styret heldt fram med å kurse og lære opp forfattarane også no. Forfattarstanden er inne i fasen vaksenopplæring og vil framleis vere der. Heilt frå Anne Oterholm blei vald til leiar for dei skjønnlitterære forfattarane for sju år sidan, har ein satsa på kursing og organisasjon. Forfattarklubbane på dei store forlaga har komme på beina etter ein lengre pause. Dette gjer sitt for at forfattarstanden kan ruste seg for kampen sin.

No i helga var det årsmøte att og ei samling med 140 forfattarar. Ein representant for firmaet som sel mange bøker på nettet, Bokkilden , var hyra inn. Det var ei rask og sterk dame i snakketøyet… Eg noterte meg nøkkelsetningar på løpande band hos henne:

«Folk er inne på nettsida vår i gjennomsnitt to minutt… Så det er ein kamp om merksemda på nettet!»

«Vi er trygge på at vi har gode prisar.»

«I eit fastprisregime er den smale litteraturen like viktig for oss som breiddelitteraturen.»

«Vi kjøper søkeord.»

«Forlag sender bøker til bloggarar.»

«Ein bruker ordet gepard-utvikling – det vil seie utvikling rivande fort.»

«Vi vil ha videoklipp på bokposten.»

«Redd vi ikkje har så veldig mykje på samisk.»

«Vi har eit omgrep som den stille bestseljaren. Eit døme er Linda Olson.»

«I Bokkilden er 3 folk tilsette.»

Kategoriane av litteratur hos Bokkilden var følgjande søkeord: «kriminalroman, spenning, thriller, western, grøsser, spioner & agenter, teikneseriar». Også desse følgjande kategoriane var spesifiserte og tekne med som overskrifter å trykkje på: «kriminalhistorier fra virkeligheten, krigsromaner, science fiction & fantasy». 

Midt i nøkkelsetningane hos Bokkilden reagerte ein forfattar i salen med å spørje etter lyrikk. Og der skulle Bokkilden «bli betre», parerte innleiaren straks. Eit slikt svar bør vi kunne følgje opp med vidare kontakt. Og det finst da også kategoriar i lyrikken, det skulle iallfall eg meine. Kanskje like mange som i prosaen, dersom ein byrjar å jobbe med det.

Bokhandlar Sund frå Norli Libris var også invitert til å snakke for forfattarane på årsmøtet til DnF. Han hadde noko betre tid og ro på seg enn den før nemnde raske innleiaren, og Sund las Jon Hjørneviks dikt om den utrygge diktsamlinga i bokhandelen. Bokhandelrepresentanten hadde teke med seg statistikk for forsamlinga. Elles verka han godt nøgd med stoda i boklandet og i bokhandelen. Og han følgde ikkje opp diktet om den uttrygge diktsamlinga i bokhandelen.

«Tala fortel om 640 bokhandlarar med ca 3000 tilsette. Dette blir ein bokhandel pr seks tusen norske innbyggjarar. 94 % av nordmenn har bokhandel i akseptabel avstand.»

«Mangfaldige bokhandlar.»

«Bokrådet er det som vel ut 1 % av boktitlane; elles kan bokhandelen velje mellom tre abonnement.»

«Butikkane på kjøpesentra sel overvekt av barnelitteratur.»

«90 % av den vaksne befolkninga las ei bok i fjor. 70% las på bok minst ein gong i veka.»

«Bokhandelen er ikkje flink nok med debutanten si bok nr to og tre.»

«Det er eineståande mange bokkjeder i Noreg… Eigarstukturen påverkar ikkje bokinnhaldet i butikkane.»

«Forlag og bokhandel samarbeider når det gjeld kva for bøker ein har tru på.»

Boksalet er ei blemme, tykkjer nok likevel forfattarane, som vil gjere noko. I same farten vil eg nemne eit innslag til under bolken boksal på årsmøtet. I tillegg til diskusjon med Bokkilden og Norli Libris hadde forfattarane direkte bokprat med bokhandlarar. Friviljug påmelde forfattarar trefte bokhandlarar som sto i kø for tre minutts «speed-dating» med kvar forfattar. Og dei som var med på dette av forfattarane, likte det. Dei eg snakka med, likte å snakke fort og konsentrert om boka si…

Heile årsmøtet stod i ønsket om ein norsk boklov sitt teikn, og det vil seie ønsket om eit enda sikrare fastprissystem. Her er lenke til opptak frå seminaret om boklov på Litteraturhuset nyleg, 20. mars.

Morten Krohg om GRAS

Fra En utstilling i Christiansands Kunstforening 1969: Staten er en kapitalist

Folkebiblioteket Deichman Grünerløkka, arrangerte 7. mars 2012 ein temakveld om organisering, som ei oppfølgjing i rekkja av tidlegare arrangement.. Morten Krohg snakka om GRAS-gruppa, som varte 1969-1974. Eg var hyra for å snakke om tidsskriftet Profil, om måten Profil organiserte seg i 1969-1970. Trond Haugen heldt eit innlegg om bladet Ditt & Datt og forklarte korleis bladet skifta til å bli Hundre blomster og levde slik for eit par år. 

Her byrjar Morten Krohg, som var med i GRAS, med entusiasme om kollektivet:

Hald fram å lesa Morten Krohg om GRAS

Da alt blei vendt

Folkebiblioteket Deichman Grünerløkka, arrangerte 7. mars 2012 temakveld om organisering, som ei oppfølgjing i rekkja av tidlegare arrangement.. Denne kvelden var vi tre innleiarar. Vi hadde funksjon som historiske kjelder. Morten Krohg snakka om Gras-gruppa, som varte 1969-1974. Eg var hyra for å snakke om tidsskriftet Profil, slik som Profil organiserte seg i 1969-1970. Trond Haugen heldt eit innlegg om bladet Ditt & Datt og forklarte korleis bladet skifta til å bli Hundre blomster og levde slik for eit par år. I det følgjande kjem først innleiinga mi. (Illustrasjonane har eg fått låne av Morten Krohg.)

Kjend politisk plakat for kunstnar-aksjonen: Staten er en lommetjuv.
Hald fram å lesa Da alt blei vendt

Tranströmer: Samlade dikter

(Vold for lenge sidan): Likar du han (Tranströmer)?
– (Eg sa:) Nei
– Ekeløf? (sa Vold ved eit anna høve. Han spurde også eingong seinare i rikstelefon om Gertrude Stein.)
– (Eg sa, og det var sant om Ekeløf:) Ja

Tomas Tranströmer som yngre.
Kjelde: Bloodaxe Blogs, Poetry Webzine.
Hald fram å lesa Tranströmer: Samlade dikter

Kosmopolis

Velgjort arbeid? Eg gjorde meg ferdig med å omtale 2011-dikta i nasjonen og samla derfor alt på ei lenke-liste . Men så kjem til eit par bøker, eit par bøker seint for bokhandel og bibliotek og meg i hende; slik at eg opphevar min eigen (slutt)strek. Det som eg skreiv, etter kvart, om tretti diktbøker, står att, det står ved lag. Eg har vore positiv med dikt i heile 2011.

Altså held «talelista» fram. Med eit skrudd sikte. For: 

Hald fram å lesa Kosmopolis

Inntrykk av poesi 2011

Det byrjar å komme nye diktbøker alt no i januar (2012); tidleg er det, men forlaga vil vel spreie utgjevingane mest mogleg utover, slik at dei (bøkene) ikkje skal forsvinne i ingenting (i seljarvinden). Likevel så reknar eg utgjevingane i fjor som ferske framleis og langtifrå for mykje – og neppe for djupt – kommenterte. Slik eg ser det er desse diktbøkene verde å ta ein kikk på, der dei er, og kanskje passande lese på nytt. Eg vil bidra med omtale.

2000-talet markerte eit skilje i norsk lyrikk. Mangfaldet i lyrikken blei større enn før, konseptbøker og tematiske konsentrasjonar kom til, topografiske dikt og blandingsbøker kom inn. Mediet blei såleis straks atskilleg mindre trongt og likt seg sjølv. Kor viktig blei 2000-talet sine oppdagingar for diktbøkene i 2011? Her, i diktet under frå 2011, er sansane og det konkrete, både synet og hørselen/musikken, og vidare bokstavane (dvs språket og papiret/blyanten) og den uttalte livsfilosofien, alt dette, brukt og forska på.

Jeg har sett Fujifjellet. Jeg har sett The Great Plains. Jeg så Ohrid-sjøen mens tåka lettet. En gutt i tiårsalderen løp med en plastpose på Lido-stranden. I fjellene ved grensa mellom Italia og Slovenia vokser vinrankene. På en vegg i kyoto står det: NOW, LIFE IS LIVING YOU

Gap opp så klarer du litt mer. Tunnelen inn til små rom, ELEVATOR ESCALATOR. Si A og B og Shibuya.

Si A. Alle fjell i Japan er spisse. Der er lyset hvitt som rispapir. Hvitt har alle fargene i seg. Is og frost og snø. En sangfugl faller i snøen. Svingninger, svaininger, syngende mysterier.

Si B. Bambusskogen nynner. Ginkgo biloba. Blyantskrell ligner vissent løv. I håret en ensom blomst. I mosehagen et lys som ligner gull.

Forfattaren av dette diktet er Marte Huke, og ho debuterte på tidleg 2000-talet og gjorde seg gjeldande med forsøk på tvers av kunstartane, med diktbøkene sine. Dikta i fjor heiter De fire årstidene.

Er det greit med eit oversyn no over alle omtalene eg gjorde? Her er ca 30 omtaler av nye diktbøker som kom – på norsk – i 2011. Det er likevel ein del interessante bøker som eg ikkje har lese i og fått fatt i. Dette gjeld mellom anna nobelprisvinnaren Tomas Tranströmer på norsk, som er blitt heftig diskutert i Dag og Tid. Og det gjeld også, dessverre, for interessante norske debutantar at eg ikkje har rokke over. Men desse diktbøkene har eg kommentert:

Februar-mai

Jon Øystein Flink: Roger

Lina Undrum Mariussen: Finne deg der inne og hente deg ut

Helge Torvund: Alabama

Rune Christiansen: Jeg har tenkt meg til de elyseiske sletter

Juni-juli

Vladimir Majakovskij: Mennesket

Pål Angelskår: I sommer skal jeg gifte meg med Cecilie

Torild Wardenær: Mens Higgsbosonet gnager

August-september

Gilles Dossou-Gouin: En fremmed I Hustadvika

Marina Tsetajeva: Milestolpar

Velimir Klebnikov: Tidens ingenkonge

Jan Erik Vold: Store hvite bok å se

Rebecca Kjelland: Leve gammaldansen!

Oktober

Helge Stangnes: Vintersang. Dessuten ”Notbas”

Per Jonassen: alt som ikke finns

Monica Isakstuen: Alltid nyheter

Per Kristian Cani: Atlas

November

Asieh Amini: Kom ikke til mine drømmmer med gevær!

Anne Kleiva: Nokre versjonar av Anne

Arvid Torgeir Lie: Mot det ærlege lyset: ordspelarens skygge

Jon Hjørnevik: Flukta frå rekkehuset

Desember

Rawda Carita Eira: løp svartøre løp

Gro Dahle: Støvet, skyggen, hunden og jeg

Ove Røsbak: Sorgen dænse på ælven i mårråassol

Ingrid Storholmen: Til kjærlighetens pris

Januar

Arnt Birkedal: Sinus

Radovan Pavlovski, Makedonia: Sigøynarar

Øyvind Rimbereid: Jimmen

Ann Kavli: ut av juli

Vi har enda meir på tampen her. Erlend O. Nødtvedt gav ut Bergens beskrivelse i fjor, som ein parallell til både historikaren Absalon Pedersson Beyer si tilsvarande topografisk-historiske skildring frå Bergen og den vidgjetne barokkdiktaren Petter Dass sin Nordlands Trumpet

Typografisk tar Nødtvedt det langt ut, og han fråtsar i kart og foto. Eg skal sitere kort frå boka og gjev att dessverre utan gotisk «skriftprøve» side 8:

regnsvart
schnæ graat schnæ Sorgtræ
kulan med aa hvithuse det brunfuktige
Taakever Damm
en hakkete
Horisont
en hakkete Tyskebrygge
la mig heller
leve i Dalen daaeh
la mig hogge løvstakkesteng
la mig for Ravnevingevalleslette lyse
la mig slippe
Bjørgvin

Erlend Nødtvedt rettar skrifta si til bergensarar, både ved utvalde notidige tilhøve som iallfall bergensarar veit om, og enkelte bergenske spesialgloser, ikkje så lite bergensk spesiale i grunnen, og uttaleskriving utover den mest velkjende bergensdialekten (sjå: daaeh). Dette er alt saman pakka inn i førromantikkens interesser og skrivemåter, på eldre dansk(norsk). 

Grensene mellom alle desse ulike komponentane er lite opptrukne for ein nasjonal diktlesar som meg, og boka er innfløkt å skildre, tykkjer eg, om ikkje nødvendigvis motbydeleg å lese. Intensjonen til diktaren er sympatisk. Og vi må hugse på at Bergen i fleire hundreår, heilt til 1900, var det økonomiske og kulturelle sentrumet i Noreg og har ikkje gløymt det.

I forfattarskapen sin knyttar Nødtvedt seg til den topografisk poetiske diktinga, den som Øyvind Rimbereid har gått i spissen for på 2000-talet (praktisk og teoretisk), og Erlend O. Nødtvedt gjer det i ein slags uvøren hatkjærleik, slik ein person født i Bergen (Fyllingsdalen) berre kan gjere for fullt. Også dei relativt moderne litterære allusjonane som han bruker, peiker hit til Bergen. Eit av omkveda i boka er: «øs øs». Dette går aller mest tilbake på bysbarnet Nordahl Griegs berømte livbåtscene med kjempande sjøfolk i krigsdramaet Vår ære og vår makt, der denne tittelen er ein ironisk parallell til Bjørnsons kjende omtale av seglskutetida på det mektigaste hos oss.

Erlend O. Nødtvedt debuterte i 2008 med ei ekspressiv diktbok om hordalendingane, så vidt eg hugsar. Bergens beskrivelse er ei av 2011 sine mest skitne bøker. 

Februar (omtale skrive 2012)

Harald Bøckman har gjendikta Kvinnestemmer i Kinas eldste poesi

Cornelius Jakhelln: Kosmopolis

Tomas Tranströmer: Dikt…

Topografien og poesien

Kven har skrive dette under om opphavet sitt og om seg sjølv? Jo, det er ein kjend norsk poet som går sine vegar og gjer gjer opp status og situasjon, Øyvind Rimbereid. Og han fortel:

Poetikk? Ikke presist. Heller: Om det som finnes under skriften min, som motiv og tradisjon, idet diktet slynger seg nedover pc-skjermen. Denne opplyst poetiske mellomverden, som selv forsøker å slynge et lys over en verden der ute, en verden som i mitt tilfelle ofte har handlet om steder, byer, landskap og geografier – konkret og faktuelt, med sin fortid, nåtid og framtid. Kanskje har det blitt slik fordi jeg vokste opp på en høyde i byen, med utsikt fra et loftsrom over hustak, jernbanespor, og de nå revne pipene til hermetikkfabrikkene i østre bydel, Gandsfjorden med en plattform under konstruksjon, og bakenfor det igjen, fjellene bølgende østover. En verden stor nok til å spekulere over eller bare la blikket hvile i. En utsikt mot noe som både tilhører en selv og de andre ukjente, noe fortrolig og utrolig, noe rolig og urolig på samme tid. Eller det kan ha å gjøre med noe så banalt som livet i tegneseriene, de som lå strødd utover på loftsrommet og formidlet lukten av afrikansk jungel, amerikanske stepper, europeiske slagmarker og utenomjordisk kryptonitt. Eller det kan ha å gjøre med reint subjektive sider ved en selv. (…)

Dette er opninga på essayet Om det topografiske diktet og henta frå Øyvind Rimbereids essaybok Hvorfor ensomt leve?, utgjeven i 2006. Deretter skal vi hive oss på og sitere diktpassasjar frå Rimbereids stramme forteljande langdiktbok i fjor, Jimmen

Med slebetauet rett inn på bogtreet
drar Jimmen
så svetten skumme unna reimane
og hovane hans stampe
i den sorpete bakken og det sludde rundt oss,
men det ska gå bra dette, Jimmen
sterke deg, e bare ein liden, rød Mini Morris
et filleuhell
og se koss eg òg drar i tauet, Jimmen
me e jo langt øve halvveis
opp te veien der du ska få eple
og sjåføren skrige någe
der han skyve i døra på Minien
(...)

Utsnittet er teke frå side 47. Og det er eg-personen i boka som bruker Stavanger-dialekt. Det blir skildra ein hest som sleper Mini Morris opp ein bakke. Heile boka opnar kraftig slik:

Høyrer eg no
gode herren
koma nedåt sti
og burtåt stallen mine heimars.
Han mun opna veggar tvo
og ljoset skal då rida stort
med taumar gull
og munnbet sylver.

Skal eg då ved stauren standa
og standa der
til herren med si tunne
og i frakk
og burtåt stauren koma.

(...)

Her møtte vi svært brått ein hest sine tankar, ein indre monolog (med eit heilt anna språk enn dialekt). Desse to siterte utsnitta frå boka representerer altså ein hestekar og ein hest, der Jimmen er hestenamnet. Boka vekslar konsekvent mellom hesten og hestekaren, i ein slags vekselsong.

At karen bruker Stavangerdialekt er ikkje meir enn rett og rimeleg, han er jo frå oljebyen Stavanger og ein del av forfattaren sitt topografiske prosjekt; og den fortalde tida er midt i 1970-åra, då oljealderen hadde byrja og då svært få hestar framleis blei brukte i bymiljø til jobbing.

Så langt så greit? 

At hesten bruker eit arkaisk og versifikatorisk språk i tankane sine er forbløffande. Men han er jo ein hest! kan ein svare, korleis skal hesten elles tenkje og uttrykkje seg. Hesten her bruker ein rest av gammalt norrønt mål, med kasusbøying istaden for streng moderne rekkjefølgje av orda i setninga.

På den måten slepp hesten å artikulere så mange småord; og rytmen, den manande enkle trokéiske rytmen, blir lettare å finne fram til. For å støtte opp om den manande rytmen bruker hesten stavrim á la det norrøne Trymskvida (sjå opninga, omsett): «Vreid var Vingtor/ då han vakna (…)». Jimmen seier (over): Høyrer eg no/ gode herren (…). Og (i neste strofe): Skal eg då ved stauren standa/ (…). Dette er utgamle bokstavrim, nærmast stavrim. 

Meir om tradisjonen: Sjølv om verb-ordet «Høyrer» kjem først hos Jimmen, så er setninga likevel ikkje noko spørsmål. Det same trekket med startverb i forteljinga finn vi – forutan i norrøn poesi – også i tidleg norsk patriotisk poesi før Henrik Wergeland og i mange korte folkeviser og lengre middelalderballadar. Her klipper eg frå tradisjonen:

«Boer jeg paa det høje fjeld,»

… startar Johan Nordahl Brun (f. 1745). Ja, her spør J.N.Brun ikkje

«Flyver vor aand til de hensvundne tider»

… (klipt frå nasjonalsongen «Sønner af Norge»), dette påstår H.A.Bjerrregaard og spør ikkje. Eg trur han.

«Høyre du Åsmund Frægdagjæva»

… , dette frå f.visa er heller ikkje eit spørsmål, men ei formaning om å høyre etter og følgje med. 

Slik kunne vi dynge på med arkaisk ordbruk frå norrøn eller førromantisk tid, og dette kan verke teknisk. Men eg tar eit par stikkprøver til: Ei folkevise seier «Saa ganger jeg meg op i højen loft»: tilsvarande bruker hesten Jimmen i starten av ein indre monolog (s 13) følgjande: Gangar me då/ på deim vegar (…). Heller ikkje her er det eit spørsmål, tvert imot, men lagt trykk på verbet, gjerninga.

Konklusjon: Det litterære diktarspråket hos hesten «Jimmen» er ein del av Øyvind Rimereids førromantiske prosjekt, som han skildra som essay i Hvorfor ensomt leve? Sideopplysning: både Johan Nordahl Brun og dertil H.A.Bjerregaard er relativt populære allsongprodukt framleis. (Ikkje minst Bruns to patriotiske: For Norge, kæmpers fødeland og Jeg tog min nystemte Cithar ihænde). Absolutt konklusjon: Fascinerande å lese korleis ein hest tenkjer når han arbeider.

Ein ny inderleg poesi?

På slutten av poesiåret i fjor var ein kritikar innom tanken at avantgardisten Ingrid Storholmens inderlege kjærleiksdikt i Til kjærlighetens pris var ein slags ny inderleg tendens. Eg trur det var Morten Wintervold i Klassekampen som spurde. Og er, i så fall, Øyvind Rimbereids solide forteljing om ein hest del i den same inderlege tendensen? 

Utan tvil er hest stadig eit populært og ungdommeleg offentleg emne. Likevel må vi tenkje på at temaet hest og arbeid nok er mangelvare i den norske lyrikken. Slik har det lenge vore. Eg trur eg må heilt til futuristen Vladimir Majakovskij for å finne ein vidgjeten skriven samtale mellom menneske og ein arbeidshest. Derimot fekk Noreg i fjor opp det følgjande temaet på samisk: reinen og arbeid hos debutanten Rawdna Carita Eira.

Øyvind Rimbereid har visse sambandsliner til diktboka  Trisyn av Cornelis Jakhelln , og Jimmen rommar både pastisj og heltemot. Men først og fremst er Øyvind Rimbereids siste diktbok eit ektefødt barn av 2000-talet & opningar tilbake til avantgardismen. Den poeten som Rimbereid konkurrerer med, er den store danske systempoeten (frå 1960-talet) Inger Christensen. Alle Rimbereids mange utgangspunkt i dikta er først og fremst positive til vitskapane og det vitskaplege. Dessutan er lysta til å låne frå – og plante om – det klassiske verset der i sterk mon.

Rimbereid ser nok ikkje føre seg at Stavanger-folk skal byrja med arbeidshest i gatene no i 2012. Det er meir det prinsippielle og generelt politiske i menneska sin samforstand med dyr som er ærendet til forfattaren, slik eg les boka.


Note: Dikta, som er siterte frå den patriotiske tradisjonen, har komponerte melodiar og er gjevne att frå 1951-utgåva av Norges melodier, dvs. frå ein lett modernisert skrivemåte i høve til originale oppskrivingar og eldre trykte attgjevingar frå Edvard Griegs unge tid som redaktør.

Ps 14/1-2012: Her er meir stoff rundt Øyvind Rimbereid skilje mellom førromantisk skiten og topografisk lyrikk og ein lyrikk som følgjer den romantisk abstraherande skolen.  Stoff og utlegning om essaya i 2006

Lyset versus ordspelarar og medieskugge

Arvid Torgeir Lie. T.d. forside på: 39 fragment over ein harmonika(2001). Merk: Harmonika kan vere munnspel eller trekkspel.

Dette skal handle om tilrop til – dvs odar til – «den vesle mann og den vesle kvinne». Poeten Arvid Torgeir Lie har gjeve ut ny diktsamling, Mot det ærlege lyset: ordspelarens skygge. Arvid Torgeir Lie møtte eg alt i 1962 på Tokke ungdomsskole i fasen som ”studentlærar” (og eg var nitten). På den tida var det ein godt røynd prosaforfattar i lærar-personalet, det var Aslaug Høydal med sine ferske aktuelle romanar på samvitet, men i tillegg var vi heile 2 ungdomar som straks etter skulle bu seg på den skrivande livsoppgåva, det var Arvid og eg. Og eg var innom Tokke ungdomsskole berre for eitt år, medan Arvid Torgeir Lie, som var frå lokalkommunen (nærmare bestemt bygda Skafså), han tok ein liten strøjobb der i 1962, før han reiste til Oslo. 

Hald fram å lesa Lyset versus ordspelarar og medieskugge