bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar

Dikt
Utgitt av Aschehoug, 2006


Dette er avsluttande og frittståande band i ein trilogi som byrja med Eit hus mellom andre. Heile tittelen på det tredje bandet er så mykje som: bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar. Kvart dikt blir avslutta med eit ønske eller ein moral eller ein parole. Det vil komme ein påbygd bok-presentasjon her.

Eg hadde ein større presentasjon heime i Kragerø, og her lokalt – pluss i fylkesavisene og Telemark generelt – ja, her kjenner eg at bodskapen har kommi ut meir enn vanleg… Og slik er Arne Hugo Stølan si sterke bokmelding i VG:

På nettet ligg Aslak Thorsen si bokmelding  i Varden . Dei neste sidene under med enkelte utdrag frå boka bygger på dei dikta som er blitt eksponerte i media.

Adresseavisen hadde Fartein Horgar ei interessant bokmelding 15/1 kalt «En utopisk realist», men sidan det ikkje finst noka lenke dit, er teksten hans lagt inn saman med diktet tosca . Og i Dagbladet 19/3 hadde Helge Torvund så ein relativt lang artikkel under tittelen «Utfordrande og annleis poesi» . Gledeleg, men litt seint. Klassekampen sitt lanseringsintervju tok Karin Haugen seg av.

Ps 24/9-08: Parolane plasserte etter dikta (eller under dikta) vel eg å bruke omgrepet «montasje» på!