Biografiar i stort

Ekteparet Marie og Knut Hamsun (1930)

Hugsar vi i fjor? Det var Marie og Knut i fjor. Om Marie og Knut har vi hatt filmar og skodespel – og i fjor haust kom altså to store biografiar. Det vil seie at Kolloen skreiv om Marie og Knut, i alle media, og Jørgen Haugan gjorde ein «litterær biografi om Knut Hamsun»: Solgudens fall. Solguden er personen Knut Hamsun, som løyser seg frå nesten alle menneskelege band for sjølvutfaldinga si. Også i år, under hundreårs-jubileet for den frie norske nasjonen, kan det vere grunn til ein ny repetisjon eller gjennomgang av tilfellet Knut Hamsun.

Hald fram å lesa Biografiar i stort

Gasspedal sitt format

adressa til biblioteket gasspedal

Eit nytt bokformat er blitt lansert. Bokformatet er eit mindre. Og det er noko som går enkelt ned i dei mange lommene, slik som tidlegare søte ”Ord om kjærleik” gjorde, eller ”Shakespeares sonettar” eller andre svisker gjorde. Men bokformatet eg snakkar om her, er noko enkelt å produsere, utan å investere mykje kapital på farge eller forseggjort rygg. Formatet er til dels det som poeten kan utføre heime på kjøkkenet og arbeidsrommet, nyeksperimentere med og dermed få dette snarleg vist for eit publikum.

Hald fram å lesa Gasspedal sitt format

Møte med Ellen Einan

Vi var mange som møtte på Mono i vinter for å høyre og sjå storleikar i poesien som m.a Tomas Transtrømer, Arild Nyquist og Ellen Einan, men Einan blei forhindra av flyproblem frå Lofoten. Men det var fint å få møte Ellen Einan på ÆÅ-festivalen i april. Ikkje minst var det greitt å delta i den felles samtalen med henne som Gunnar Wærness dirigerte i Nordenfjeldske kunstindustrimuseum 18/4. 

Hald fram å lesa Møte med Ellen Einan

Eit sosialrealistisk småstykke

var tittelen på ei soge, som eg sette inn i avisa Klassekampen rett før jul 1983 – med tanke på bokhausten dengong og forsynt med ei anna og personleg rettskriving, slik du ser snart, enn den eg vanlegvis bruker no til dags. Grunnen til at eg trykkjer denne soga opp att, er at eg skriv på noko nytt om Ellen Einan, og at eg vil minne om den vanskelege boksituasjonen for dikt alt så lenge som over tjue år tilbake – for til dels å jamføre med noverande kritiske boksituasjon (nett i dag når det pr mai er gjort ein ny og tvilsam bokavtale for bokmarknaden i Noreg, med staten som pressmiddel og siste skanse på valen).

Hald fram å lesa Eit sosialrealistisk småstykke

Skamtalen graceland

er tittelen på Ingrid Storholmen si bok frå i vår. Eg såg ei dramatisering av delar av boka på Æ Å litteraturfestival no på laurdag. Frå før har Ingrid Storholmen gjevi ut diktsamlinga Krypskyttarloven, i 2001. No legg eg ut ei melding av Skamtalen graceland på denne nettstaden, dvs skriv om Ingrid Storholmen si nye litterære handsaming av «utburd»-problematikken. Eg vil komme inn på det religiøse ved kvitfargen, og den religiøse sida ved skamma, collage-teknikken frå 1960-åra, det djupt engleaktige ved Marilyn Monroe, melodramaet, kunstnarproblematikken og teikn til ei nystarta generasjonsmotseiing i norsk poesi, eg vil seie at Storholmen si bok er betre å lese enn eit trykt nytt norsk «drama», men at Peer Gynt jo er Henrik Ibsens beste dikt og samtidig eit skodespel i 5 akter («handlingar»). 

Ingrid Storholmen. Foto: Asche­houg
Hald fram å lesa Skamtalen graceland

Konkret i poesi?

Eg har hang til ein konkret poesi i motsetnad til bl.a påstandspoesi. Sjølvsagt er eg ikkje imot påstandar i poesien, men tilknytinga som innhaldet har, skal også vere konkret festa, dersom eg skal tru på innhaldet. Det konkrete i poesi har ei rekkje sider, og det har ikkje minst noko med sansane å gjere: Det visuelle, det lydlege og det språklege og det dokumentarbare, først og fremst dette vil eg bruke her, sjølv om det også finst andre sider ved det konkrete i språk. 

Hald fram å lesa Konkret i poesi?

Sjølvkritikk for eit dikt

Han som ikkje ler og er midt på biletet, det er Georges Brassens.

For eit år siden blei eg kontakta av ein journalist som er interessert i lyrikk, for enquete om dikt, eg hugsar ikkje ordrett oppdraget, men ymse forfattarar skulle drive litt sjølvkritikk av sitt siste verk, friviljug. For meg galt det da Eit hus mellom andre (2003), og eg sette i gong med eit svar som eg har enno. Tilfellet ville at avisa fekk for få svar på ønsket sitt til poetane, tykte avisa, så enqueten blei ikkje noko av, slik inntil vidare… Dette blei eg fortalt, og eg tviler ikkje på forklåringa, når eg aldri nokon gong har sett ein enquete med diktsjølvkritikk i akkurat den avisa – eller i andre aviser, for den del. 

Hald fram å lesa Sjølvkritikk for eit dikt

3 artiklar/ essay i bokform

Jan Erik Vold har lytta på noko og tenkjer etter? Foto tatt frå nettet.

1: Artikkelen Jan Erik Vold og Jan Erik vold i boka med same namn (utgitt 2000) frå Flisa-seminaret 1999 vigd Jan Erik Vold. Eg prøver ut fem hypotesar om heilskapen i Volds verksemd, om jazzen i forfattarskapen, om medie-mannen Vold, om den anti-akademiske tradisjonen Vold begynte si verksemd innafor, om den tolerante Vold og om versjonar i året 1966, versjonane gjorde med Vold sine ulike verk (jfr. ein tittel som Mor godhjertas glade versjon. Ja).

Hald fram å lesa 3 artiklar/ essay i bokform

Baking – kortfilm og dikt

SCENE 1
Katten sin leik med musa

For eit par år sidan høyrde eg på ei diktopplesing arrangert i vertshuset Josefine, og ein av deltakarane var Thor Sørheim, som de kanskje kjenner, han las iallfall frå den nye boka si. Det blir vanlegvis ikkje tid til meir enn nokre få minutt på kvar diktopplesar i slike arrangement, men faktisk tok innsatsen til Sørheim ei særs tydeleg vending då han kom til mel-diktet sitt. Eg skal forklåre: Diktet heiter «Naken kvinne knar deigen» og er forfatta etter «Snow White», ein video av Berni Searle, Sør-Afrika; slik Thor Sørheim opplyser om i boka si. Sørheim har i boka «Hegrehøyden» ei sluttavdeling der alle dikta er reaksjon og svar på ulike kunstuttrykk, slike som installasjonar og eit måleri og ein video. Altså lar han seg inspirere av kunstuttrykk. Diktet eg oppfatta som annleis – det har bl.a ein annan syntaks – enn dikta i dei fire innleiande avdelingane, var slik (den første delen):

Hald fram å lesa Baking – kortfilm og dikt

Systemdikt – ? Litt om Inger Christensens det

1. Første notat 

Vi startar i Noreg midt i 1960-åra. (Men hovudeksemplet blir dansk.) Da Georg Johannesen i 1965 gav ut dikta «Ars Moriendi eller de syv dødsmåter» (kunsten å dø, eller kunsten dør, – tru?), var det brukt system og dei sju dødssyndene etter tur gjennom kvar si veke alle dei sju vekedagane med dikt etter dikt på tre ganger tre vers. Men ikkje det enklaste å lese for nokon lesar, heller ikkje i dag, meiner eg, med desse dikta sine tankesprang og mørke bilete. Men boka er for lengst utropt til den beste norske diktsamlinga i det førre århundret.

Hald fram å lesa Systemdikt – ? Litt om Inger Christensens det