Livet ved sida av

Det er blitt skogbrannfare. Aldri har eg sett så mykje ærfugl på sjøen som i desse vårdagane. Det kan vi berre notere! No for tida er fjæra lang og havnivået lågt. Og vi hugsar vel framleis godt den springfloa over alle mål som var i vinter. Ikkje minst var det bryggene i Bergen som hadde det tøft.

Vi er komne langt ute i mars månad og nærmar oss april 2020. Tida går ikkje så fort. Det blir lyngbrannfare. Coronaviruset si soge er den viktigaste. Verda har stansa.

Wikipedia

Utsiktene til endring er ikkje veldig klåre. Men heile samfunnet er iallfall på vent eller blitt noko på sparebluss. Det vil seie at ein til dømes kan få gå lange turar om ein ikkje er for nær andre folk som er ute. Mange kommuniserer no stort sett ved hjelp av ein telefon og tar sosiale media til hjelp, kommuniserer berre mindre utanom det.

Eg prøver eit satirisk dikt no, frå “Satirens tid” av Annie Riis (ho fødd 1927). Ho gjekk nyleg bort no, og vi treng å minnest hennar feminisme. Diktet heiter Nok er nok

 Da hun ble enke for annen gang
 trakk hun ut kontakten på TV-apparatet
 en gang for alle
 og la den store hekleduken over.
 
 Mannfolk hadde hun sett nok av.  

Diktet er svært konsentrert og mangetydig – og likevel lite til å misforstå.

Portrett av Annie Riis. Foto: Aschehoug, med løyve for Allkunne.
Annie Riis

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *