Fribyforfattarar finst. Og det er kommi ut ei sterk bok med bidrag frå ulike fribyforfattarar. Til dømes så var Gunel Movlud frå Aserbajdsjan ein slik forfattar i Levanger. Ho var frå 2016 til 2018. Fribyforfatttarane: dei ei var forfølgde og ikkje frie i heimlandet sitt til å uttrykkje seg – .
Initiativet til boka kjem frå norske Pen. Forlaget er Aschehoug. Atologien har fått tittelen Å KYSSE/ EN ØRKEN/ Å KYSSE/ EN MYR. Gruppe på 13 fribyforfattarar er med. Dei blir presenterte i mindre biografiar til slutt i boka. Dikta i boka er alle saman sette om til norsk (av ulike gjendiktarar).
Ja, vi får smakebitar frå forfattarane. Dei fleste bidraga i boka er dikt. Også praktisk er det, vil eg seie, og berre enkelt å få samle mellom to permar problem som både journalistar og forfattarar kan få i sitt eige land. Slik får vi gjennom ei bok demonstrert press på ytringsfridomen på svært nært hald.
Fribyar som skrivande kan gli inn i, er blitt viktige institusjonar.
Eg hugsar ein som kom til Molde for ein del år sidan. Han var frå vesle Benin i Afrika. Han hadde skrive på fransk, som er språket i Benin frå og med kolonitida. I Noreg blei han omsett til norsk. Og han prøvde etter kvart å vere norsk forfattar som skreiv også nytt stoff på norsk. Etter kvart blei han medlem av Den norske Forfattarforeining. Gilles Dossou-Gouin heitte han – med eit litt kronglete namn for dei norske. Men han fekk kreft, og han lever ikkje no lenger. (Eg møtte han, blant anna på fleire møter i forfattarforeininga.)
Ikkje mange av fribyforfattarane i denne antologien, kom elles frå Afrika. Det var ein frå Libya. Dei fleste kom frå Asia, slik som Gunel Movlud (som eg nemnde over, ho frå Aserbajdsjan). Boka er elles redigert av Johanne Fronth-Nygren.

Alder
Jeg er i den alderen da jeg burde brenne i helvete da jeg burde skytes mot første og beste mur burde våkne full i fremmede senger henge meg på et hotellrom skusle bort min elskede miste min venn slepe hjem en søt herreløs valp om natten men jeg… går hver morgen sliten og trøtt ut av huset i vonde pensko helt feil kledd i regnet med klump i halsen ikke av gråt, men kulde og ingen søt valp men en dypfryst høne i hånden…
Lite ps
generelt om fribyforfattarar: Hafizullah Shariati er Levangers tredje fribyforfattar (fungerer 2019-2021). Han kjem frå Ghazni-provinsen i Afghanistan. Også han er allsidig: både forfattar, poet, journalist, akademikar, aktivist.