Inn i naturen

Antologiar med klåre tema er ofte populære. Og dei kan jo brukast til å slå opp i, når ein treng noko ved eit høve. Antologien “Inn i naturen” viser til årstidene og rommar heile “101 norske dikt”. Eksempelvis er diktet side 142 av Annabelle Despard tatt med. “Mye snø i fjellet”.

Mye snø i fjellet
Skavlen har stått på stas for lenge
i sin hvite kreasjon
Irritert av sol velter hun seg nedover skrenten
med alle sine kilo
rasker med seg en skoleklasse på tur
bryr seg fint lite om torv og stein
århundregamle vekster
Hun spjærer fjellsiden så jorden blir til laser


Hun graver under jernbanen
Skinnene henger i luften som spindelvev
Nede i dalen breier hun seg
oppløst, pløsete
Resten er gjørme

Boka er delt i fire: mellom vår, sommar, haust, vinter. Diktet over står (sjølvsagt?) i vinterbolken. Det er langt flest dikt i vår- og sommarbolkane. Ulike generasjonar er med og blir blanda inn i boka  sine tema, t.d både Emil Boyson (frå generasjonar før krigen) og Gunvor Hofmo (generasjon etter krigen) og Eldrid Lunden (ein generasjon i dag). Bra jobb er gjort med å plukke ut gode dikt.

Julie Holdal Hansen og Eirik Vassenden har valt ut dikta. Forlag er Samlaget. 


I 2007 gav same Eirik Vassenden, i samarbeid med J.M.Sejersted, ut LYRIKKBOKEN. Denne boka romma 101 sentrale norske dikt alle med tolking.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *