Det skjer i Odda

Slik som under byrjar eit dikt i 2012. Og forfattaren skal møte fram på “Litteratursymposiet” i Odda laurdag kl 14 den 13.oktober; han skal komme saman med den svenske arbeidarforfattaren Johan Jönson og ein annan forfattar frå Vestlandet, Erlend O.Nødtvedt. Odda er flinke på litteratursymposium og på industri, sjølvsagt, og kommunen er ein stor Hardanger-kommune som byrjar heilt inne på vidda ved grensa til Telemark. Sjå wikipedia om Odda . Mannen for Straumen går er Tormod Haugland frå Radøy, nord i Hordaland fylke.

Straumen går
                                                                                                                                 
 
Vatnet kom som regn frå skyene
det kom inn frå havet i tunge
mørke skyer
dei drog seg lågt inn over kyseteen og lét
dropane falle 
det regna
og skyene dreiv over
himmelen
dei steig til fjells der dei
gjekk seg tomme
og vatnet seig og voks i fjellas store sjøar
og mange av desse sjøane vart demma opp for
å lage strum
ei demning vart bygd
eit magasin for
vatn og eit uttak der
vatnet fekk renne ut det strøymde mot eit
vasshjul som tok til å gå rundt og
vasshjulet vart kalla
ein turbin
og turbinen dreiv det ein kalla ein
generator
og frå generatoren
vart straumen leidd til ein
transformator
som auka spenninga før den vart
send ut
i eit nett av leidningar der straumen kunne gå
i kablar
i jord og sjø og
i leidningar
i lufta i høge master


(forts.)

Her er heile programmet for symposiet i Odda , som startar alt på onsdag 10.oktober. Diktet “Straumen går” er eit langdikt som strekkjer seg gjennom heile boka til Tormod Haugland, og diktet held fram slik:

Det var ein mann i eit hus
han stod utanfor huset
det var sommar
og vinter
og stilt
og varmt steig straumen høt i mastene
dei stod opp på land
dei gjekk over fjorden
dei heldt på leidningen som strekte seg over
dei høge fjella
med straumen i line så lett den lét seg føre i lufta
straumen vari i rørsle den
rann og rasa ut i fossar i fallande kast
kom den seg
vidare alltid ned vidare ned
før den lét seg fange og
føre så still
og sterk inn i nye system
der den seig
høgt over land og sjø og over store
fjell
som  strekar i lufta
(...)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *