
Nokre forfattarar er gode og gamle og nokre er nye og gode. Boka Vi er presens startar med ei rekkje spennande dikt i rekkje etter kvarandre, ulike, men fine separate dikt, noko som absolutt er ei artig oppleving i seg sjølv. Slik som samlinga Vi er presens har dei siste par utgjevingane til den røynde forfattaren vore. Midt i 2012-boka kjem diktet “Monarkiet”, som er ein slags status på livet til Erling Indreeide. Jorda i diktet har noko å gjere med poeten sin oppvekst på ein vestlandsgard. Og dei som har lese fleire romanar av Anne Karin Elstad, veit kva jord er og kva ein vestlandsgard er, sett i høve til bondegardar lenger aust i Noreg.
MONARKIET Eg skulle vel bli til noko? Kva skulle det bli til med meg? Til jord skulle eg bli. Frå jord var eg komen, til jord skulle eg bli, høyrde eg rykter om, slik groviljug jord skulle eg bli, og eg ser kongen ved årskiftet og tenkjer eg er etnisk monarkist, det er eg blitt tenkjer eg. Men å verte jord er utanfor mine potensial. Det er jord eller eg.
Forfattaren tar ikkje skade av å bli jamført med Anne Karin Elstad og hennar samfunnskildringar rundt gard. Det at poeten har vakse opp på vestlandsgard, blir stadfesta alt på side 12 med diktet “Ved sommarfjøset”, dette diktet kjem her:
Ei fin dame sat ved sommarfjøset og gret. Eg var berre ein liten gut og visste ikkje kva eg skulle gjere, så ho sa på svensk at aldri hadde ho sett noko vakrare, så eg snudde meg og såg utover vatnet denne blanke morgonen og tenkte mitt.
Dette er ein dyktig fanga augneblink, som overlet noko til lesaren. Eg skal ikkje gå grundig inn på delane av boka, meir enn at ho presenterer ulike presens (=notid) før i Noreg og no. Vi er presens fortener den glade mottakinga som boka hittil har fått i pressa, meiner eg. Ikkje minst er boka dyktig på kjensler, noko også Anne Karin Elstads romaner er spesialistar på, kan eg leggje til.
Ein tanke om “Vi er presens”