
Vi snakkar om menneskelivet her. Kontrasten mellom ting som endrar seg mykje og kanskje overraskande brått og andre ting som nesten ikkje flyttar seg. Denne kontrasten må ein leve med, pluss må ein leve seg betre inn i og handtere. På dette planet er det at poesien er så dyktig til å spore opp og trekkje fram kva som er kva. Eit innleiande dikt (berre side 9) i ei diktbok frå 2012, bretter seg ut slik:
Eg tenkjer på desse augneblinkane ein minnest der ein sit halvsovande på bussen heim, desse augneblinkane andre ikkje veit ein har tatt del i: Ein gamal mann som bestiller kaffi og heng hatten på stolen. Sidan berre han sit der, tygg langsamt, langsamt som for å få formiddagen til å forsvinne fortare. Og i parken: faren og dottera som går og ser på endene. Han går for fort, ho spring etter, roper: Vent, pappa, vent. Du går for fort!
Dette observerte på føremiddagen er plukka frå Charlotte Riise si debutbok Eg treng tid til å sakna deg. Her er det ikkje først og fremst skilnaden mellom godt gammal person og svært ung person som er viktig, men korleis sjølve tida kan vere for oss, er ho god å vere i eller for treg og seig? Sjølve tida er det som kan endre seg enormt mykje. Kva er det så som ikkje flyttar seg så mykje? La oss sjå på fleire døme. Seinare i den same boka, side 55, står desse to nakne linjene:
Det eg kan gi, tek eg frå systera mi: Eg kan trøyste ein fremmend, men ikkje mamma.
Tilhøve som denne grensa i den nærmaste familien vel eg under lesinga å tolke som noko som går att, altså noko som ikkje flyttar seg seg så lett, men er varig, kanskje å likne med eit kraftig (tun)tre. Vi kjenner vel ein del slike varige ting i kvardagen utan at vi forstår heilt korleis alt heng saman.
La oss få teikna opp meir av biletet av eit menneske. Vi går tilbake til byrjinga i boka. Diktet som kjem rett etter det meir innleiande som eg siterte, er slik:
Eg drakk. Eg er bakfull og vaknar aleine. Eg ligg utstrakt og røker, ei lengre rørsle av einsemd. Han var ikkje til å kjenne igjen da han drog, han var eit begjær som slutta. Eg ligg naken i sengetøyet til syster mi. Det er bursdagen hennar, dagen er ti år og eit hol i bakken. Han tok meg her, han tok meg i alt dette. Eg ringer han og seier la oss dra, her har eg aldri budd.
Søster og mor mor og eg-person i boka… Det er aller mest desse tre soga dreier seg om, rundt kjensler og band og tid saman. Det eg les, minner meg om inspirasjon frå fransk poesi og film. Absolutt ei real bok, ho går an å lese. Forfattaren sitt utgangspunkt er noko som er blitt mykje meir vanleg å møte gjennom dikt-bøker, nemleg eit tydeleg tematisk konsept som svarer til sider ved romansjangeren. Her kjem eit anna poeng i lesinga mi av Riise. Eg veit ikkje om det neste gong vil bli dikt eller drama eller roman på denne forfattaren.
Frå dikt til roman med Victoria Durnak
Ein som straks gjekk frå dikt til roman, er Victoria Durnak. Durnak manøvrerte sitt ekstreme talent for dokumentar inn i diktsjangren og skapte ein eksistensiell dokumentar. Utgangspunktet er ei sterk interesse for den konkrete røynda med sine nye og originale romandetaljar – . Tidleg brukte forfattaren reise og flytting som sin metode. Eg viser til debuten frå 2010, Stockholm sier .
Året etter, dvs i fjor, kom romanen hennar Deep shit, Arkansas. Eit stadig bilete i romanen er dei vidgjetne «svarte hol». Ein morosam og levande roman å lese, særleg fordi det er mormor og partnaren hennar som blir lagt inn via reise til Arkansas i USA, og fordi det også er eit slags godt tilhøve mellom ungjenta og det eldre litt forstyrra paret. Og forfattaren skjuler heller ikkje all kranglinga det eldre paret seg imellom. Romanen er meir enn alminneleg sanningssøkjande. Eg blir imponert. Det gamle tyske ordspråket som blant andre den tyske diktaren Heinrich Heine gjorde kjendt, kan brukast: «Wenn jemand eine Reise tut, so kann er was erzählen». Eit godt råd til slutt: Forlaget Flamme skulle kunne sende forfattar Durnak ut på reise med definert oppdrag. Kva med ei reise gjennom Noreg til hausten for å skrive ei reportasjebok om Noreg under byrjinga av den norske stortingsvalkampen med sine tema, ei reise brukt med Durnak sine nøyaktige metodar?
Ein tanke om “Kva blir det til?”