Rettsstaten som institusjon må heile tida framover sjåast og sikrast under rettsaka som går føre seg i Oslo Tingrett. Direksjonen kan ikkje flyttast over til fjernsynet og til Dagbladet/VG og til andre media. Media skal ikkje kunne ha styring med rettsaka.
Dette er i nasjonens interesse. Og det er sanninga som skal fram. Nett er det rettsapparatet som blir viktig for dette sanningsarbeidet i vekene framover, altså medan saka er der i tinghuset (og eventuelt blir anka vidare). Er gjerningsmannen tilrekneleg? Har grunngjevinga for det uhyggelege han har gjort, noka interesse?
Om vi heilt skulle la vere å sjå argumenta breitt og historisk: Omfanget av rettsaka har mogleggjort ein ny talarstol for ekstremhøgre som appellerer til islamofobe, til nynazistar og gammalnazistar. Desse retningane har ein tendens til å gå over i kvarandre, gje kvarandre næring gjensidig. Og vi ser korleis den tiltalte låner tankemønster frå dei ulike grumsete kjeldene – .

Terrorist utan krig
Når ei veke av rettssaka imot Anders Behring Breivik var gått, skreiv eg eit innlegg til Klassekampen som avisa refuserte («plassmangel») På dette tidspunktet skjønte dei fleste at tiltalte er ute etter krig, men har problem med argumentere for kva som skjer i Noreg no.
A. Terroristen kan ikkje dokumentere eller sannsynleggjere krigen sin. Heller ikkje klarer han å påvise borgarkrigen sin. Folket ser ingen militær krig. Heller ikkje ser folk nokon juridisk krig. Ingen har gjeve Breivik ordre eller løyve til å drepe. Ingen har servert han mandatet han har gjeve seg sjølv så storslått. Her skjer korkje standrett eller geriljarett eller kva det skal vere av tilsvarande krigshandling. Her skjer berre uhyggelege og vilkårlege og overlagte drap og terrorhandlingar.
B. Den tiltalte har heva seg over alle gjeldande nasjonale og internasjonale lovar. Og når høgreekstremisten ønsker å forsvare seg i rettsaka med at han er på parti med nokon i det han har gjort, så er dette forsvaret noko som lite – eller helst ikkje – vil kunne finnast på eit rettsleg plan, med derimot kanskje på politisk plan i det førebels veikt organiserte ekstremistmiljøet.
C. Slik vi har oppfatta terroristen, er han islamofob, utan at Taliban er framme i argumentasjonen. Den instansen i Noreg pr dato som verkeleg er i krig med muslimar eller med ekstrempolitiske muslimar, er ikkje Behring Breivik, men den norske staten, deri opptatte medlemmar av regjeringa. Og desse ville Behring Breivik drepe eit stort tal av. Norsk krigføring i Afghanistan er slett ikkje ærendet mitt her. Det var iallfall enkelte tilfeldige representantar for styre og stell som Behring Breivik drap den 22.juli 2011. Dei som blei drepne på Utøya, var korkje statsrådar eller militære. Dette var det norske folket.
D. Hitler-Tykland var framme den første veka av rettssaka. Den krigen som faktisk både personen Behring Breivik og nasjonen Noreg har vore mest opptatt av, er Hitler-Tyskland sitt åtak på Noreg 9.april 1940. Behring Breivik og Noreg står slett ikkje på same side, men på diametralt motsett side i den verkelege krigen. Likevel er ikkje veik argumentasjon hos Behring Breivik noko prov på at han ikkje kan klare kapre nazivenner. Høgreekstreme, og særskilt nazistar, har aldri villa smykke seg med logiske byggverk, heller tvert imot. For desse er makt og avsmak for det veike det sentrale.
Nettstaden støttar rettssaka mot terroristen slik ho blir ført. I tingretten kjenner vi oss på parti med dei drepne, dei skadde og dei pårørande og demokratiet, nettopp det norske opne samfunnet vi har. Eg er ikkje DNA-sympatisør, men aktivt Rødt-medlem, og i situasjonen med terror mot DNA og AUF og dei raudgrøne vil eg vere på vakt mot politisk nedvurdering frå høgresida. Det norske samfunnet gjennomfører (pr i dag) noko som verkar å vere ein nødvendig del av krigsoppgjeret etter 2.verdskrig, eit oppgjer som ikkje først og fremst går føre seg i tingretten, men må skje i eit generelt politisk oppgjer mot høgreekstremisme og islamofobi.
Det er utruleg leit å sjå brått korleis historisk tid er skrudd fatalt tilbake. Nürnberg-prosessen etter 2.verdskrig er nærverande. Når vi følgjer replikkvekslinga mellom tiltalte Behring Breivik og domstolen, blir det mykje likt utspørringar av dei ikkje-angrande tiltalte i Nürnberg. Ein tjekkisk-svensk avantgarde-forfattar ved namn Peter Weiss skreiv doku-dramaet «Ransakingen» («Die Ermittlung»), som vi like godt kan hente fram igjen og føre opp! I 70-åra tok eg eksamenar i samfunnskunnskap og historie ved universitetet i Bergen og har sidan følgd med på forsking rundt nazismen, både norsk og internasjonal. Så dette er ikkje berre eit emneområde som eg synsar på. Noko av det som har gjort sterkast inntrykk på meg statistisk, er graden av norsk vestkantungdom som sloss for Hitler på Austfronten (= mot Sovjet) og mønsteret av kva for klassar og grupper i Tyskland som meldte seg inn Hitlers Naziparti.
Ps 5.mai 2012:
1) Er den menneskelege naturen krigersk? Og er det derfor naturleg for mennesket å gå til krig? Nordahl Grieg, som tok del i 2.verdskrig, skreiv eit engasjert og grundig dikt om dette spørsmålet , som er blitt brennaktuelt igjen.
2) Da nynazismen i Noreg stakk hovudet opp i 1970-åra, endra Otto Nilsen ei mykje sunge oppdatert vise (med melodi av Hoagy Carmichael – og besifring her): «He is dead, but he won’t lie down.»
Ps 10.september 2012:
Rettsaka er over. Eg er glad for den konklusjonen som retten kom til. Kommisjonen som regjeringa sette ned, kom med utruleg sterk kritikk av regjeringa og det offentlege byråkratiet sitt arbeid med sikring og vernebuing. Ein må spørje igjen: kven skal staten verje, er det innbyggjarane eller er det ikkje det?