Kjende poetar

År om anna kjem det omsetjingar til norsk av historisk viktig poesi og annan verdfull utanlandsk poesi. Her vil eg kort melde frå om tre ferske omsetjingar, som no skal vere tilgjengelege både i bokhandelen og i biblioteka:

Av Gaius Valerius Catullus: Eg elskar og hatar. Omsetjar er Torgeir Bygstad.

Av Charles Baudelaire: Det ondes blomster. Ny omsetjing til norsk, til bokmål, ved Kjell Nilsen. (Tidlegare har Haakon Dahlen og Bokvennen forlag gjort eit stort arbeid med å setje om Baudelaire sitt forfattarskap.)

Makedonske dikt: Fine spinn av draumar. Dei er omsette av Knut Ødegård og Yasminka Markovska.

Frå desse nye bøkene vel eg her eit dikt – Sigøynarar – av den makedonske forfattaren Radovan Pavlovski, som har eit stort namn i dei landa som tilhøyrde det tidlegare Jugoslavia.

SIGØYNARAR




Spreidde lik mørke regndropar
I den brennande heten
Finst inga kyrkje inga bøn
Eig ikkje land å slåst for
Dei smidde sverd for andre
Song ein einsam song for seg sjølve
Og dén blant dei som syng den vakraste songen
Vel dei til sin leiar

Ein tanke om “Kjende poetar”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *