Jon Hjørneviks produktive vers

Hos Jon Hjørnevik skjer det mykje. Det produktive ved Hjørnevik er det sosiale, og det er noko som er i slekt med det sosiale, nemleg den lenge nedvurderinga – hos poetane – av vers med metriske lovar som tilhøyraren merkar. Det metriske har blitt fornekta og sendt under tvang til konfirmasjonen og barnerommet. 

La meg sitere eit kort dikt frå Jon Hjørnevis debut 2001: I ein sofa frå Korea – dikt i utsal:

Leveregel




Det var mor sitt prinsipp,
ho hevdar det no,
at slett ingen mann
kom i buksa på ho.


Men far smiler lurt,
i sanningas spegel,
eit unntak stadfestar
alltid ein regel.

Og berre for å ta det: Jon Hjørnevik går laus på vurderinga av det metriske for oss og innleier den lange kampen. For å kunne greie det bruker han humoren som standplass og skratten som våpen.

Likevel reindyrkar Hjørnevik ei enkel og effektiv ballade-form seinare i forfattarskapen sin. (Strofene i kvart dikt er mange, men godt hekta til kvarandre.) Eg har tatt føre meg forfattarskapen og spesielt den nye utgjevinga, som heiter  Flukta frå rekkehuset .

Ein tanke om “Jon Hjørneviks produktive vers”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *